Arbeidsgruppa for"Industri" har levert sin sluttrapport. Gruppa har hatt brei samansetting: Næringslivet(Fundo, Vest Busscar), Innovasjon Norge, kommunane, LO, Vestlandsforsking og fylkeskommunen. Rune Fromreide / Endre høgalmen har leia arbeidet.
Last ned rapporten (Microsoft Word dokument)
Sogn og Fjordane må ha som mål å vere eit attraktivt og dynamisk industrifylke med høg sysselsetting og verdiskaping. Å oppretthalde sysselsettinga i ein så konkurranseutsett sektor vert krevjande. Det må arbeidast godt innanfor eksisterande industri, samstundes som ein aktivt arbeider for å utvikle ny industriverksemd.