Arbeidsgruppa for "Folkestyre og medverknad. Offentleg verksemd" har levert sin sluttrapport. Gruppa har hatt brei samansetting; KS, regionråd, kompetansemiljø, regional stat, ungdomspolitisk utval m.fl. Fylkesordførar Nils R Sandal har leia arbeidet.
Last ned rapporten (Microsoft Word dokument)
Det er etablert nokre felles føresetnader for utviklinga av offentleg sektor i fylket, t.d. eit folkevald mellomnivå. Gruppa kjem og med krav til statleg medverknad m.a. når det gjeld flytting av statlege arbeidsoppgåver til fylket. Det er og framlegg om å greie ut konsekvensane for Sogn og Fjordane av å skipe ein Vestlandsregion.
Eit moderniseringsprogram for offentleg sektor og styrking av det regionale kommunesamarbeidet er dei to viktigaste framlegga til tiltak i rapporten.