|
Satsingsområde
Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Folkehelse og Livsutfolding
|
|
|
|
ID:
624
|
Akronym:
Folkehelse og Livsutfolding
|
Tittel:
Satsingsområde folkehelse og livsutfolding i Sogn og Fjordane
|
|
Heimeside:
|
Bakgrunn og utfordringar:
Arbeidsgruppa for" Folkehelse og livsutfalding" har levert sin sluttrapport. Gruppa har hatt brei samansetting: Fylkesrådet for funksjonshemma, Funksjonshemma sin fellesorganisasjon, Eldrerådet, Fylkesmannen, Høgskulen, Nasjonalforeningen for folkehelsa, Ungdomspolitisk utval og fylkeskommunen. Bjørg Eikum Tang har leia arbeidet.
Last ned rapporten (Microsoft Word dokument)
Last ned tiltaksdelen (Microsoft Excel dokument)
Under omgrepet "Vardar for folkehelse" er det inngått partnarskapsavtalar mellom fylkeskommunen og 14 av 26 kommunar Dette arbeidet er ein bærebjelke i folkehelsearbeidet. Satsingar innan dette området er:
|
Strategi:
Satsingar innan dette området er:
- Fysisk aktivitet er ei kjelde til helse og livskvalitet, og er eit sentralt verkemiddel i folkehelsearbeidet
- God og næringsrik mat er viktig for alle, og sjuke og eldre kan vere utsette. Det er viktig å ha fokus på den verdien måltidet har, både sosialt og ernæringsmessig
- Fylket har i fleire år hatt skade- og ulykkesførebyggande arbeid som eit av fleire satsingsområde, og slutta seg i 2003 til Verdens helseorganisasjon sine kriteria for trygge lokalsamfunn. Med grunnlag i dette vart fylket i 2005 utnemnd som eit trygt lokalsamfunn.
- Sett i eit helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande perspektiv er kultur svært viktig.
- Arbeidslivet har ei stor oppgåve i å legge til rette for at tilsette med psykiske problem kan halde fram i arbeidet sitt. Å legge til rette for eit godt sjølvbilde, auka kontroll over eige liv, meistring og sjølvhevding i familien, nabolaget og lokalsamfunnet er sentralt.
- Å førebygge rusbruk og tidleg debut i ungdomsgruppa er noko dei fleste kommunane er opptekne av.
- Eit av måla med universell utforming er å legge til rette for aktiv deltaking for alle menneske på alle livsarenaer. For å få eit godt liv i lokalsamfunnet er det viktig at omgivelsane vert gjort tilgjengelege for alle slik at det ikkje vert stengsler for deltaking.
- Det er i lokalsamfunna folk bur. For ei positiv livsutfalding er det viktig at lokalsamfunna er oversiktlege og inkluderande med tilgjenge og deltaking for alle. Å etablere møteplassar på tvers av generasjonar, nasjonalitet og funksjonsnivå gjennom ulike kultur- og fritidsaktivitetar er viktig
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
|
Sektor:
Innbyggjarane, Ungdom
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2005
|
År godkjent:
|
2005
|
År oppstarta:
|
2006
|
|
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
|
|
|
|
|
|
|