Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

4. Kompetanseutvikling i arbeidslivet


Forankring: LAB: Berekraftig verdiskaping > 4. Kompetanseutvikling i arbeidslivet
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
2012
Akronym:   
4. Kompetanseutvikling i arbeidslivet
Tittel:
Satsing 4. Kompetanseutvikling i arbeidslivet
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
For at Vestland skal lukkast må vi byggje kompetanse for framtida, både i privat og offentleg sektor. Bedriftene i Vestland kan ikkje lukkast med omstillingsarbeidet utan tilgang på rett kompetanse og tilstrekkeleg arbeidskraft. Nye verdikjeder og forretningsområde set krav til ny kompetanse. Offentleg sektor må sikre gode og effektive tenester til innbyggjarane gjennom auka bruk av digitalisering og ny teknologi.

Vestland har mange forskings- og utdanningsinstitusjonar med sterke fag- og kompetansemiljø som er avgjerande for utviklinga av eit nyskapande næringsliv. Det er viktig å byggje kapasitet og kunnskap, som er relevant for den grøne omstillinga, i desse miljøa. Kva type kompetanse arbeidslivet har behov for i framtida, må avdekkast gjennom eit tett samarbeid mellom næringslivet, offentleg sektor og forskings- og utdanningsinstitusjonane.
Strategi:
Rett kompetanse for framtida
Utdanningstilboda må vere retta inn mot grøn næringsutvikling og innovasjon. Tverrgåande tema som berekraft, digitalisering og relasjonskompetanse må integrerast i alle utdanningsløp, samstundes som vi må utvikle spisskompetanse gjennom spesialiserte utdanningar for å dekke behovet i dei nye næringane. Arbeidslivsrelevansen i alle utdanningar må styrkast for å sikre at kompetansen til dei uteksaminerte kandidatane kan takast i bruk og fremje innovasjon i arbeidslivet.

Det må rettast spesiell innsats mot å vri eller spisse kompetansen til dei som allereie er i arbeid gjennom etter- og vidareutdanningstilbod som raskt kan tilpassast behova som veks fram. Næringslivet i Vestland er allereie verdsleiande på fleire område. Kompetansen til dei tilsette må byggjast vidare på og spissast inn mot dei nye behova i beslekta næringar. Det vil òg vere behov for å tiltrekke seg høgkvalifisert arbeidskraft nasjonalt og internasjonalt, for at næringslivet skal lukkast med å ta nye konkurranseposisjonar i ein marknad kor utviklinga går stadig raskare.

Auka endringstakt i arbeidslivet gjer god karriererettleiing nødvendig både for dei som skal velje utdanning for første gong og for dei som må ta nye val i løpet av yrkeslivet. Karriererettleiinga må vere basert på oppdatert kunnskap om arbeidslivets behov. og kunne kjennast igjen på tvers av utdanningsnivå og sektorar.


Sikre tilgang på arbeidskraft
For å sikre tilstrekkeleg tilgang på arbeidskraft må vi jobbe systematisk med å kartlegge kompetansebehova og kople denne kunnskapen mot tilbodsstrukturen i utdanningssektoren. Utdanningsinstitusjonane må i større grad.

Dimensjonere tilboda sine i tråd med arbeidslivets behov for arbeidskraft. I tillegg må vi jobbe aktivt med å behalde nyutdanna kandidatar i fylket gjennom tettare kontakt mellom elev/student og arbeidslivet undervegs i utdanninga, til dømes auka bruk av praksis, traineestillingar osv.

Med eit arbeidsliv som stiller stadig høgare krav til kompetanse, er det avgjerande å gjere utdanning meir tilgjengeleg. Kvar einskild må kunne fylle på kompetansen sin uavhengig av kor dei bur og jobbar. Desentraliserte og fleksible utdanningstilbod er viktig for heile fylket, men spesielt i distriktsområde med lang avstand til studiestadane. Det er behov for å etablere utdanningshubar i distrikta med fysiske læringsmiljø i relasjon med lokalt næringsliv, supplert med digitale kompetanseressursar. Utdanningstilboda må utviklast av utdanningsinstitusjonane i tett samarbeid med arbeidslivet.

For å lukkast med den grøne næringsutviklinga er det viktig å nytte all tilgjengeleg arbeidskraft. Vi må gjere dei som i dag står utanfor arbeidsmarknaden relevante for framtidas arbeidsliv.

I mange kommunar er det eit stort behov for arbeidskraft, samstundes som folketalet går ned. Aktørane i arbeidslivet må jobbe systematisk med rekruttering av nye arbeidstakarar. Vi må aktivt marknadsføre attraktive, grøne arbeidsplassar i innovative og inkluderande miljø for å trekke til oss ny arbeidskraft. Konkurransen om arbeidskraft i Noreg vil auke i tida framover og det er difor behov for å legge til rette for fleire arbeidstakarar frå utlandet. Det vil framleis være behov for mellombels utanlandsk arbeidskraft, men det bør i større grad òg leggjast til rette for å auke tilflyttinga av utanlandske arbeidstakarar på meir permanent basis for å dekke opp behovet for arbeidskraft.


Samarbeid om kompetanseutvikling
Utfordringane knytt til kompetanse utvikling og rekruttering må løysast gjennom godt samarbeid mellom dei største utdanningsinstitusjonane, offentleg sektor og næringslivet. Vestland fylkeskommune har etablert ein samarbeidsmodell som består av Kompetanseforum Vestland, lokale kompetanseforum i regionane i fylket og kontaktpunkt i viktige næringar og sektorar. Kompetanseforum Vestland jobbar systematisk med å identifisere kompetansegapet i arbeidslivet og finne moglege løysingar. Dette samarbeidet må vidareutviklast og forsterkast.
Status:
Åpent forslag
Vedtak:
Sektor:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2021
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Program

Ingen registrerte

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune