Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

3. Areal til næringsutvikling


Forankring: LAB: Berekraftig verdiskaping > 3. Areal til næringsutvikling
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
2011
Akronym:   
3. Areal til næringsutvikling
Tittel:
Satsing 3: Areal til næringsutvikling
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Areal til næringsutvikling omfattar korleis vi nyttar naturressursar, og korleis vi legg til rette areal for ny næringsutvikling. Rett areal for rett næring, der ein har tatt omsyn til tilgang til infrastruktur er også eit sentralt element. Kommunane har gjennom sitt ansvar for arealforvalting ei sentral rolle i denne satsinga.

Eit klima- og miljøvenleg utbyggingsmønster fører til at transportbehovet vert avgrensa, reduserer klimagassutslepp og sparar verdifulle areal. Fylket har stor produksjon av fornybar elektrisk kraft, men utfordringa er å dra større nytte av krafta i eige fylke. Akvakultur og fiske er viktige næringar, men vi må nytte dei innanfor berekraftige rammer.

Framføring av elektrisk kraft, vindkraft, mineralutvinning, fiskeoppdrett, landbruk, bustadutvikling, vegar og bruer krev tilgang til areal på land og sjø. Dette er krevjande, men viktig for å skape grunnlag for verdiskaping. Fleire stader medfører dette interessekonfliktar opp mot jordvern, kulturminne, friluftsinteresser og inngrep i urørt natur. I enkelte område er det knappheit på areal som er tilpassa dei næringane som vert satsa på, andre stader kan eksisterande næringsareal få nytt formål eller fortettast slik at næringsutvikling skjer utan nye naturinngrep.

Den mest plasskrevjande næringa er landbruket, den nasjonale jordvernstrategien set mål for kor mykje landbruksjord som kan omdisponerast per år. Regional plan for innovasjon og næringsutvikling ser jordvernstrategien som ein sentral indikator for jordvern.

Kunnskapsgrunnlaget varierer, og denne planen peikar på at kunnskapen om særleg sjøareal og fjellareal må betrast. Satsing på alternativ energi og mangedobling av havbruksproduksjonen aktualiserer problemstillinga.

Sentrale føringar for planlegginga av næringsareal er:
  • Rett areal til berekraftig verdiskaping/grøne næringar. Berekraftig areal til akvakultur.
  • At planar er oppdaterte, og at planlegginga er kunnskapsbasert
  • At det regionalt vert kartlagt viktige areal for næring og viktige område som ikkje skal byggast ut, samtidig som at det vert tatt omsyn til jordvern / vern av landbruksareal.
  • Arbeide for meir interkommunal planlegging knytt til næringsareal
  • Inkludere næringsaktørar og bedrifter i planlegging av areal til næringsutvikling

Strategi:
Regional samordning mellom kommunar, regional stat og fylkeskommunen i høve planlegging av næringsareal.
Mange kommunar, særleg dei minste, slit med utdatert planverk. Konsekvensen er auka bruk av dispensasjonar. Dette kan løysast ved auka samarbeid kommunane i mellom om sjølve planverket, det vil seie fleire interkommunale arealplanar, eller auka samarbeid om sjølve plankompetansen. Begge deler vil truleg krevje regional medverknad og støtte.

Kommunane er planstyresmakt i arealsaker. Samstundes er det fleire utfordringar som kan løysast best gjennom interkommunalt samarbeid. Fylkeskommunen og statlege styresmakter bør ta ei tydeleg rolle som rådgjevar tidleg i planprosessen. Kommunane bør arbeide saman om omfattande planar, og utvikle felles plankompetanse der dette manglar.

Regionale styresmakter kan gi tydelege råd i saker som krev samordning mellom kommunane. Det er behov for å gå inn i prosessane tidleg for å hjelpe kommunane med planarbeidet. Det er også viktig å arbeide med å auke samarbeid mellom kommunar om plankompetanse. Vidare må regionale styresmakter arbeide aktivt med å levere relevant kunnskap innafor sitt ansvarsområde til kommunane for bruk i arealplanar.

Regionale styresmakter må leggje til rette for samordning i høve til næringsareal. Vestland må ha ei differensiert arealforvaltning - det vil vere ulike utfordringar i by og land, kyst og innland, som må takast omsyn til.


Tilgang til næringsareal er basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn omstilling og innovasjon i næringslivet
Det er behov for å styrka koplinga mellom kommunale samfunnsplanar og arealplanar. Det må sikrast at det er sett av areal i arealplanar til den næringsutviklinga det vert lagt opp til. Fylkeskommunen og statsforvaltaren må arbeida saman med kommunane om å halde arealplanar oppdaterte. Ein viktig arealressurs er reetablering i eksisterande handels- og næringsområde, og det å endre arealformål for å tilpasse seg næringsliv i endring. Det er mogleg å utvikle ny industri utan nye naturinngrep, t.d. gjennom reetablering og fortetting rundt eksisterande handels-, industri- og næringsområde.

Det er behov for å samordne planmessig utvikling av areal til næringsutvikling. Ikkje alle kommunar treng alle typar areal, Innafor bu- og arbeidsmarknadsregionar bør dette samordnast. Det må arbeidast med å få næringslivet til å delta aktivt i planprosessane.


Utarbeide tilrådingar for rekkefølgjekrav i samband med utarbeiding av næringsareal
Det er utifrå eit samfunnsperspektiv behov for å arbeide med gode prinsipp for utarbeiding av gode rekkefølgjekrav, for at desse skal framstå som rimelege. Det er viktig å vekte interessene til utbyggar på like line med andre interesser.

Arbeide med å optimalisere tidsbruk i planlegginga
Næringslivet vert i 2033 opplevd som aktive i planarbeid, også på område som ikkje berre gjeld eiga verksemd. Næringsorganisasjonane får ei rolle i planlegging av næringsareal. Det vert arbeidd med å optimalisere tidsbruk i planlegginga. Eit viktig tiltak er å gi tiltakshavar kunnskap om lovkrav i planleggingsprosessen for å avstemme forventningane mot realistisk tidsbruk.
Status:
Åpent forslag
Vedtak:
Sektor:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2021
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Program

Ingen registrerte

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune