Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

1. Grøn næringsutvikling


Forankring: LAB: Berekraftig verdiskaping > 1. Grøn næringsutvikling
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
2009
Akronym:   
1. Grøn næringsutvikling
Tittel:
Satsing 1: Grøn næringsutvikling
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Grøn næringsutvikling betyr at produksjon og næringsaktivitet skal utviklast i ei retning som er berekraftig for miljø og klima, tar omsyn til økologi, og er i tråd med FN sine berekraftsmål. Dei globale trendane som er drivarar for denne utviklinga vil påverka Vestland på mange områder.

EU sin grøne vekststrategi – European Green Deal – vil påverke det internasjonale og eksport-retta næringslivet i vårt fylke. Sentrale element blir eit eige klassifiseringssystem (taksonomi) for økonomisk berekraft, standardar og merkeordningar for grøne produkt, og fremjing av investeringar i berekraftige prosjekt.

Satsinga på grøn næringsutvikling omfattar både eksisterande næringsliv og nye verdikjeder og forretningsområde som er nødvendige for å tette eit veksande eksportgap. 

Den store omstillinga
Den forventa nedgangen i olje og gass vil på sikt skape eit eksportgap som må fyllast, dersom vi skal oppretthalde velferdsnivået i Norge. Det blir ei stor utfordring å ta ut større eksport frå eksisterande næringar, utvikle nye eksportnæringar, og samstundes oppretthalde eksportinntekter på dagens nivå.

Framover må det arbeidast kontinuerleg med å identifisere grøne verdikjeder som bedriftene kan innrette sine produkt og tenester mot, og som nye bedrifter kan ta ein posisjon i. Eksisterande næringsliv må granske om dei har produkt, tenester og teknologi som kan ha eit uforløyst potensial i internasjonale marknader. Det må bli enklare for innovative bedrifter å utvikle prototypar, teste, simulere og visualisere, slik at idear vert utvikla raskare, betre og med mindre risiko. I prosessen frå ide til marknad er det viktig med relevant forsking som kan bidra til auka kunnskapsgrunnlag.

Samtidig må det arbeidast langsiktig med å utvikle eksportnæringar som kan ta posisjonar i nye verdikjeder og framveksande marknader. Det offentlege kan bidra med å peike på samfunns-utfordringar med forretningsmoglegheiter. Der kan offentleg sektor nytta si innkjøpsmakt til å sikra utvikling av nye, grøne produkt og løysingar som kan eksporterast.

Forme om næringslivet til ei berekraftig framtid
Verksemdene i Vestland må utvikle seg i ei grønare retning for at vi skal nå målet om netto nullutslepp i næringslivet. Dei må gjerast klare til å produsere og optimere eksisterande drift, samtidig som dei arbeider med å utvikle nye produkt og nye verdikjeder.

EU utformar politikk som påverkar norske bedrifter. Det er viktig å følge denne politikkutforminga tett for å kunne handtere nye reguleringar som kan påverke konkurranseevna til bedriftene, og for å dele informasjon med næringslivet som kan vere avgjerande for vegval. Finansiering frå EU-program blir viktig for bedrifter og FoU-miljø.

For å sikre kommersialisering og oppskalering av grøne løysingar er det naudsynt å ha tilgang til gode testfasilitetar og vekstkapital. Det vil også bidra til å få fram ei breidde av nye berekraftige løysingar.

Grønt næringsliv i heile fylket
I tråd med endringar i næringslivet, må det arbeidast med å vidareutvikle og skape nye arbeidsplassar, som er viktige i ulike delar av fylket. Det må utviklast kompetansemiljø og arbeidsplassar som bevarer, tiltrekker og utviklar kompetanse.

Slike miljø vil bidra til å tiltrekke seg bedrifter som kan skape nye arbeidsplassar ved å etablere seg i fylket. Ny næringsutvikling og ny industri må gjerast med ei målsetting om at det skal gjerast utan nye naturinngrep – fortetting rundt eksisterande industriområde kan vere ei løysing.

Strategi:
Vi skal bygge vidare på dei næringane kor vi allereie er gode, og ta med oss den kompetansen, infrastrukturen og ressursane som er bygd opp over mange år inn i nye næringar som er i slekt med desse.

Næringslivet, offentleg sektor og forskings- og kunnskapsmiljøa må jobbe saman for å avdekke kor dei nye forretningsmoglegheitene ligg.

Vi har særleg løfta fram fornybar energi, havnæringar, teknologi og industri og sirkulærøkonomi som viktige område i den store omstillinga Vestland står ovanfor.

Fornybar energi. Vestland er det viktigaste energifylket i landet, og omstillinga frå svart til grøn energi må lukkast her. Potensialet for å utvikla nye verdikjeder med industrielt preg er stort, men det er utfordringar med kapasitet i elnettet. Gode rammevilkår for den kraftforedlande industrien må sikrast. Det er viktig å leggja til rette for regional utvikling som gjer at kommunar kan utvikle ressursar lokalt.

Havnæringar. Utgangspunktet er godt – sidan vi har svært kompetente arbeidstakarar. verdsleiande verksemder, klynger og kunnskaps- og forskingsmiljø i havnæringane i heile Vestland. Forskningsrådet si havportefølje målber i tillegg satsingar på det marine, det maritime, havbruk og havteknologi.

Sirkulærøkonomi. Dette blir ei overordna føring og eit viktig verktøy som omfattar alle bransjar, sjølv ulike bransjar har ulike utfordringar. Sirkulærøkonomi blir ein tung føresetnad for å delta i EU-program, og regelverk og rammevilkår kjem til å bli tilpassa «green deal-strategien» på dette området. Skissert utvikling vil krevja kompetanseløft på mange nivå i samfunns- og arbeidsliv.

Teknologi og industri. Framtidas tenestebehov krev nye arbeidsmetodar og auka bruk av teknologi. Endra økonomiske rammevilkår krev at offentleg sektor må jobbe smartare, effektivisere, innovere og digitalisere. I næringslivet kan ny teknologi og nye forretningsmodellar leggja til rette for innovasjon. Digitale løysingar kan leggja til rette for betre kunnskapsdeling og nye tenester.

Eksisterande industri må også omstilla seg i møte med ny teknologi og digitale løysingar. Nye arbeidsplassar oppstår i stor grad der det vert levert produkt og tenester som stør digitalisering. På same måte vil digitaliseringa krevje industriell produksjon, kompetanse og omstilling av eksisterande industri.
Status:
Åpent forslag
Vedtak:
Sektor:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2021
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Program

Ingen registrerte

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune