Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

4. TETTSTADER


Forankring: LAB: Utfordrarbygda > 4. TETTSTADER
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1982
Akronym:   
4. TETTSTADER
Tittel:
Fruktbare tettstader
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Me skal ha fruktbare tettstader for å auke trivsel, redusere klimagassutslepp og legge til rette for vekst og god stadutvikling.
Strategi:
I planen er ført opp 6 mål som ein ynskjer å oppnå, som kan seiast å vera delmål, eller føresetnader eller strategiar, for å nå målet for tettstadane.

Strategiar for å nå oppvekstmålet:
  1. Attraktive tettstader som tilbyr varierte funksjonar og gir trivsel
  2. Inkluderande tettstader som involverer innbyggjarane og verksemdene
  3. Effektive tettstader som gir god kvardagslogistikk
  4. Miljøvenlege tettstader som reduserer klimagassutslepp, energi- og ressursbruk
  5. Tilpassingsdyktige tettstader som driv systematisk, kunnskapsbasert førebygging
  6. 6.Helsefremjande tettstader som gir betre psykisk og fysisk helse
Særleg viktige målgrupper for å nå oppvekstmålet:

Barn, ungdom, personar med nedsett funksjonsevne og eldre
Desse gruppene har særleg behov for tilrettelagde omgjevnader og funksjonar

Handels- og tenestenæringa
Desse næringane er ein viktig ingrediens i tettstadene våre.

Hjørnesteinsverksemder
Gode funksjonar og omgjevnader er føresetnader for at viktige verksemder kan utvikle seg og at nye kan etablere seg

Innspela til planen er sorterte under kvart delmål som forslag på kva ein kan gjera for å oppnå dei ulike delmåla. Resultatet av høyringa var 42 innspel.


Staten, ved DFØ, tilrår å etablera målgruppemål og arbeida vidare med dei respektive målgruppene og dei respektive tema som MÅLGRUPPEPROGRAM.

Eg ser føre meg 3 kommunale målgruppeprogram for aktiv livsstil:

1. Program fruktbare tettstader - for barn, ungdom og dei med nedsatt funksjonsevne
2. Program fruktbare tettstader - for handels og tenestenæringa
3. Program fruktbare tettstader - for hjørnesteinsverksemdene

Kvart program må ha ein programleiar og ein programansvarleg, eit programstyre, rammer og føringar, og etablera dynamisk målstyring, i ein open database som RUP Norge.

Då vil alle kunne sjå kva som skjer heile tida, saman med måloppnåing og ressursbruk.

Innspela til planen for dei ulike delmåla, må dei ulike programstyra sjå på som forslag på strategiar og tiltak som må vurderast som lekk i den dynamiske målstyringa.

For å vita kva som skal til, må kvart program definera mål og gjennomføra GAP-analysar, og gjennomføra SWOT-analysar eller problemanalysar, for kvart program, for å kunne utvikla rett tiltak, og/eller setje inn rett tiltak.

Mykje truleg vil det også bli behov for fleire delprogram under kvart program, som skal arbeida på same måten, som også vil krevje ressursar, t.d. eitt for kvar av dei gamle kommunane.

NB! Denne måten å arbeida på etterspør både kompetanse, FoU og internasjonalisering for å utvikla gode og innovative løysingar, og er omtalt som den mest motiverande arbeidsforma for kompetansearbeidskraft.

Status:
Åpent forslag
Vedtak:
Sektor:
Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2021
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Program

1. Barn, ungdom funksjonshemma og eldre
2. Handels- og tenestenæringa
3. Hjørnesteinsverksemder

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune