Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

3. KOMPETANSEMILJØ


Forankring: LAB: Utfordrarbygda > 3. KOMPETANSEMILJØ
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1977
Akronym:   
3. KOMPETANSEMILJØ
Tittel:
Kompetansemiljø i eliteserien
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Sogndal kommune skal ha kompetansemiljø på nivå med dei større byane i landet. Sterke kompetansemiljø har vore og kjem til å vere ein av grunnsteinane for folketalsauken i kommunen.
Strategi:
I planen er ført opp 7 mål som ein ynskjer å oppnå, som kan seiast å vera delmål, eller føresetnader eller strategiar, for å nå målet for eller med kompetansemiljø i eliteserien.

Strategiar for å nå oppvekstmålet:
  1. Vere digitaliseringshovudstaden for offentleg sektor i Noreg
  2. Styrke posisjonen som den fremste studiestaden i Vestland utanfor Bergen
  3. Bli eit føredøme på forsking, utvikling og forvaltning av distriktsreiselivet
  4. Bidra til den nasjonale utviklinga av koplinga mellom fysisk aktivitet, toppidrett og læring
  5. Bygge ei regional klynge knytt til produksjon og foredling av mat og drikke
  6. Dyrke fram gode leiarar i og frå Sogn på tvers av bransjar og sektorar
  7. Vere ein attraktiv og påliteleg vertskommune
Innspela til planen er sorterte under kvart delmål som forslag på kva ein kan gjera for å oppnå dei ulike delmåla. Resultatet av høyringa var 41 innspel.


Satsinga kompetansemiljø i eliteserien er særleg retta mot fylgjande målgrupper:
  1. Forskings- og utdanningsinstitusjonane,
  2. Studentane,
  3. Andre offentlege arbeidsplassar,
  4. Gründermiljøet og næringsliv elles.
Staten, ved DFØ, tilrår å etablera målgruppemål og arbeida vidare med dei respektive målgruppene og dei respektive tema som MÅLGRUPPEPROGRAM.

Eg ser føre meg 4 kommunale målgruppeprogram for kompetanse, eitt for kvar målgruppe.

Kvart program må ha ein programleiar og ein programansvarleg, eit programstyre, rammer og føringar, og etablera dynamisk målstyring, i ein open database som RUP Norge. Då vil alle kunne sjå kva som skjer heile tida, saman med måloppnåing og ressursbruk.

Dei til planen for dei ulike delmåla, må dei ulike programstyra sjå på som forslag på strategiar og tiltak som må vurderast som lekk i den dynamiske målstyringa.

For å vita kva som skal til, må kvart program definera mål og gjennomføra GAP-analysar, og gjennomføra SWOT-analysar eller problemanalysar, for kvart program, for å kunne utvikla rett tiltak, og/eller setje inn rett tiltak.

Mykje truleg vil det også bli behov for fleire delprogram under kvart program, som skal arbeida på same måten, som også vil krevje ressursar, t.d. eitt for kvar av dei gamle kommunane.

NB! Denne måten å arbeida på etterspør både kompetanse, FoU og internasjonalisering for å utvikla gode og innovative løysingar, og er omtalt som den mest motiverande arbeidsforma for kompetansearbeidskraft.
Status:
Åpent forslag
Vedtak:
Sektor:
Næringslivet, FoU, Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2021
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Program

1. Forsking og utdanning
2. Studentane
3. Offentlege arbeidsplassar
4. Grunderar og næringslivet elles

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune