Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

2. AKTIV LIVSSTIL


Forankring: LAB: Utfordrarbygda > 2. AKTIV LIVSSTIL
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1972
Akronym:   
2. AKTIV LIVSSTIL
Tittel:
Skapt for aktiv livsstil
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Me skal legge til rette for at alle innbyggjarar kan ha ein aktiv livsstil. Lokalsamfunn som innbyr til aktivitetar for alle er bra for folkehelsa, trivselen til innbyggjarane og for attraktiviteten til kommunen.
Strategi:
I planen er ført opp 5 mål som ein ynskjer å oppnå, som kan seiast å vera delmål, eller føresetnader eller strategiar, for å nå målet med aktiv livsstil, for målgruppene.

Strategiar for å nå oppvekstmålet:
  1. Lokalsamfunn som innbyr til aktiv livsstil
  2. Ein kommune som mobiliserer til fysisk aktivitet
  3. Fjerne alle barrierar for fysisk aktivitet for utsette grupper
  4. Stor breidde i organiserte og eigenorganiserte fysiske aktivitetstilbod
  5. Best i landet på kvalitet og tilgjenge til rekreasjonsområde og anlegg for fysisk aktivitet
Under er definert nokre målgruppeprogram, og dei skal ta omsyn til desse startegiane som er aktuelle for kvar av dei.

Særleg viktige målgrupper for å nå oppvekstmålet:

Barn og ungdom
Grunnlaget for ein aktiv livsstil gjennom heile livsløpet blir lagt i oppveksten

Eldre
Alle ungdommar treng aktivitetar, møteplassar, mobilitet og tilpassa helsetenester

Utsette grupper
Innvandrarar, økonomisk vanskelegstilte og personar med nedsett funksjonsevne er mindre fysisk aktive enn andre

Aktive unge vaksne
Aktive unge vaksne er viktige tilflyttarar som aukar attraktiviteten vår ovanfor andre tilflyttarar

Innspela til planen er sorterte under kvart delmål som forslag på kva ein kan gjera for å oppnå dei ulike delmåla. Resultatet av høyringa var 43 innspel.

Staten, ved DFØ, tilrår å etablera målgruppemål og arbeida vidare med dei respektive målgruppene og dei respektive tema som MÅLGRUPPEPROGRAM.

Eg ser føre meg 4 kommunale målgruppeprogram for aktiv livsstil:

1. Program aktiv livsstil - barn og ungdom
2. Program aktiv livsstil - eldre
3. Program aktiv livsstil - utsette grupper
4. Program aktiv livsstil - aktive unge vaksne

Kvart program må ha ein programleiar og ein programansvarleg, eit programstyre, rammer og føringar, og etablera dynamisk målstyring, i ein open database som RUP Norge. Då vil alle kunne sjå kva som skjer heile tida, saman med måloppnåing og ressursbruk.

Innspela til planen for dei ulike delmåla, må dei ulike programstyra sjå på som forslag på strategiar og tiltak som må vurderast som lekk i den dynamiske målstyringa.

For å vita kva som skal til, må kvart program definera mål og gjennomføra GAP-analysar, og gjennomføra SWOT-analysar eller problemanalysar, for kvart program, for å kunne utvikla rett tiltak, og/eller setje inn rett tiltak.

Mykje truleg vil det også bli behov for fleire delprogram under kvart program, som skal arbeida på same måten, som også vil krevje ressursar, t.d. eitt for kvar av dei gamle kommunane.

NB! Denne måten å arbeida på etterspør både kompetanse, FoU og internasjonalisering for å utvikla gode og innovative løysingar, og er omtalt som den mest motiverande arbeidsforma for kompetansearbeidskraft.

Status:
Åpent forslag
Vedtak:
Sektor:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Turistane, Ungdom
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2021
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Program

1. Barn og ungdom
2. Eldre
3. Utsette grupper
4. Aktive unge vaksne

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune