Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

1. OPPVEKST


Forankring: LAB: Utfordrarbygda > 1. OPPVEKST
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1962
Akronym:   
1. OPPVEKST
Tittel:
Best på oppvekst
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Dei som veks opp i Sogndal skal oppleve å vekse opp som trygge og aktive barn og unge med meistringsglede, vere rusta til å møte livet, ha mot til å leve, mot til å bry seg, mot til å seie nei og mot til å ta eigne val.
Strategi:
I planen er ført opp 6 mål som ein ynskjer å oppnå, som kan seiast å vera delmål, eller føresetnader eller strategiar, for å nå oppvekstmålet, for målgruppene.

Strategiar for å nå oppvekstmålet:
  1. Koordinerte og tilgjengelege helse- og oppveksttenester for barn og unge
  2. Best mogleg føresetnader for utsette barn og unge
  3. Føregangskommune for barnehage- og skuleutvikling
  4. Eigna bustader for barnefamiliar i alle delar av kommunen
  5. Lokalsamfunn som innbyr til fritidsaktivitet og sosiale møte
  6. Gode overgangar frå ungdom til arbeidsliv
Under er definert nokre målgruppeprogram, og dei skal ta omsyn til desse startegiane som er aktuelle for kvar av dei.

Særleg viktige målgrupper for å nå oppvekstmålet:

Alle barn
Alle barn treng gode tenester, nærmiljø og fritidsaktivitetar

All ungdom
Alle ungdommar treng aktivitetar, møteplassar, mobilitet og tilpassa helsetenester

Utsette barn og unge
Barn og unge med sosiale, økonomiske eller helsemessige utfordringar har behov for god tilrettelegging for å ha best mogleg føresetnader for gode liv

Føresette
Godt fungerande familiar er grunnleggjande for god helse og trivsel hjå barn og unge, og fordi føresette er ein viktig samarbeidspart for å sikre gode kommunale tenester

Innspela til planen er sorterte under kvart delmål som forslag på kva ein kan gjera for å oppnå dei ulike delmåla.

Staten, ved DFØ, tilrår å etablera målgruppemål og arbeida vidare med dei respektive målgruppene og dei respektive tema som MÅLGRUPPEPROGRAM.

Eg ser føre meg 4 kommunale målgruppeprogram for oppvekst:

1. Program oppvekst - alle barn
2. Program oppvekst - alle ungdomar
3. Program oppvekst - utsette barn og ungdom
4. Program oppvekst - føresette

Kvart program må ha ein programleiar og ein programansvarleg, eit programstyre, rammer og føringar, og etablera dynamisk målstyring, i ein open database som RUP Norge. Då vil alle kunne sjå kva som skjer heile tida, saman med måloppnåing og ressursbruk.

Dei 42 innspela (resultata) til planen for dei ulike delmåla, må dei ulike programstyra sjå på som forslag på strategiar og tiltak som må vurderast som lekk i den dynamiske målstyringa.

For å vita kva som skal til, må kvart program definera mål og gjennomføra GAP-analysar, og gjennomføra SWOT-analysar eller problemanalysar, for kvart program, for å kunne utvikla rett tiltak, og/eller setje inn rett tiltak.

Mykje truleg vil det også bli behov for fleire delprogram under kvart program, som skal arbeida på same måten, som også vil krevje ressursar, t.d. eitt for kvar av dei gamle kommunane.

NB! Denne måten å arbeida på etterspør både kompetanse, FoU og internasjonalisering for å utvikla gode og innovative løysingar, og er omtalt som den mest motiverande arbeidsforma for kompetansearbeidskraft.

Status:
Åpent forslag
Vedtak:
Sektor:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Ungdom, Miljø, FoU, Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2021
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Program

1. Alle barn
2. All ungdom
3. Utsette barn og unge
4. Føresette

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune