Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde

00 Berekraft Vestland


Forankring: Vestland fylke > 00 Berekraft Vestland
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1913
Akronym:   
00 Berekraft Vestland
Tittel:
Utviklingsplan for Vestland - FN sine berekraftmål
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på behova til menneska som lever i dag, utan å øydelegge framtidige generasjonar sine
moglegheiter til å dekka sine behov. Berekraftsmåla reflekterer dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling: klima og miljø, økonomi og sosiale forhold. 

FN har 17 berekraftmål og 169 delmål. Måla skal fungera som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn. Måla vart til på demokratisk vis gjennom innspel frå land over hele verda og nesten ti millionar menneske fekk sagt si meining gjennom ei spørjegransking.

Dei 17 berekraftmåla til FN, med 169 undermål, er overordna og førande for samfunnsutviklinga i Vestland. Måla får fram korleis miljømessige, sosiale og økonomiske dimensjonar ved berekraft påverkar kvarandre. Det er mange døme på at høg måloppnåing innanfor ein av dimensjonane, kan ha utilsikta negative konsekvensar for andre dimensjonar.

Når ein ser måla i samanheng kan det oppstå sterkesynergieffektar. Dette syner behovet for ei heilskapleg tilnærming til utviklingsspørsmål på tvers av fag og sektorar. Nokre mål er breie og knyter saman alle dei andre, slik som mål 11, som retter seg inn mot berekraftig by og samfunnsutvikling. I Vestland har vi sterk sentralisering mot byar og tettbygde område. Samstundes skal vi sikre helsefremjande og produktive lokalsamfunn i heile fylket. «Berekraftige byar og samfunn» er difor relevant å løfte fram i Vestland.


Dei store konsekvensane av klimaendringar og tap av biologisk mangfald synleggjer korleis klima, miljø og naturressursar er grunnlaget for alt menneskeleg liv og virke. Vi kan seie at biosfæren rammer inn og legg grunnlaget for den sosiale berekraftdimensjonen. Saman legg dei grunnlaget for økonomisk berekraft.

Omsynet til klima- og miljø bør vere eit premiss for samfunnsutviklinga. Dette representerer ei tyngdeforskyving imellom ulike samfunnsomsyn slik det er vist i figur 1. Berekraftsmål 13, 14 og 15 handlar om å stoppe klimaendringane og ta vare på liv under vatn og liv på land er særleg relevante i denne samanheng.

Dei viktigaste utfordringane for verdsamfunnet i dag er å stoppe klimaendringar og utjamne sosial ulikskap og fattigdom. Ei berekraftig utvikling møter dagens behov samtidig som vi tek vare på komande generasjonar sine moglegheiter for å dekke deira behov.

Dei 17 berekraftmåla er retta mot å løyse årsakene til utfordringane, gjennom fokus på konkrete mål og delmål. Det er òg eit viktig prinsipp at dei svakaste må få høg prioritet i utviklinga, utan at andre grupper får dårlegare vilkår.

Berekraftsmål 10 «Mindre ulikskap» inneber at alle menneske skal ha like moglegheiter og at tersklane for deltaking bør vere låge. Dette er løfta fram som eit grunnleggande mål for å møte fleire ulike ulikskapsutfordringar i Vestland. Kompetanse og utdanning er nøkkelfaktorar for utvikling, både for den einskilde og for samfunnet. Ungdom som ikkje har fullført vidaregåande opplæring er særleg utsett for å hamne varig utanfor arbeidslivet.

Andelen med grunnskule som høgaste fullførte utdanning har diverre auka dei siste åra. Berekraftsmål 4 «God utdanning» er difor trekt fram for å sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning for alle.

Vestland er ein sterk verdiskapingsregion med høg kunnskap, kompetanse og ein internasjonal posisjon innan teknologi. Dette gir oss eit solid grunnlag for ei samfunnsutvikling med balansert folketal, høg velferd og stabil vekst. I ei globalisert verd kan dette situasjonsbiletet fort endre seg og gi oss heilt nye, uføresette utfordringar. Eit svært aktuelt døme på dette våren 2020 er koronapandemien og tiltaka for å stoppe utviklinga av denne.

Mål 8, 9 og 12 handlar om anstendig arbeid og økonomisk vekst, innovasjon og infrastruktur, og ansvarleg forbruk og produksjon. Desse måla er trekt fram for å sikre ei robust samfunnsutvikling i Vestland og har blitt svært aktualisert av koronapandemien
som no pregar heile verda.

Strategi:
Det er 17 berekraftmål. Strategien er å etablera eit program for kvart prioritert mål i Vestland fylke. 

Kvart program vil ha ein programansvarleg (PA), ein programleiar (PL) og ei arbeidsgruppe (AG)/styringsgruppe (SG). Vidare vil kvart program få tildelt oppdrag, ressursar og føringar.


BEREKRAFTMÅLA
1 Utrydda fattigdom
2 Utrydda svolt
3 God helsa
4 God utdanning
5 Likestilling mellom kjønna
6 Reint vatn og gode sanitærforhold
7 Rein energi for alle
8 Skikkeleg arbeid og økonomisk vekst
9 Innovasjon og infrastruktur
10 Mindre ulikskap
11 Berekraftige byar og samfunn
12 Ansvarleg forbruk og produksjon
13 Stoppa klimaendingane
14 Liv under vatn
15 Liv på land
16 Fred og rettferd
17 Samarbeid for å nå måla

Status:
Åpent forslag
Vedtak:
Sektor:
Innbyggjarane, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom, Miljø, FoU, Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2020
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Program

FN 01 Utrydda fattigdom
FN 02 Utrydda svolt

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune