|
|
ID:
1734
|
Akronym:
B. Sjømatnæringar i Sogn og Fjordane
|
Tittel:
Satsingsområde "Sjømatnæringar Sogn og Fjordane" i verdiskapingsplanen 2014 til 2025
|
|
Heimeside:
|
Bakgrunn og utfordringar:
Sogn og Fjordane er eit kyst- og fjordfylke, og marine næringsvegar har gjennom generasjonar gjeve grunnlag for matauke, arbeidsplassar og busetnad.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjennom mange år hatt havbruk og fiskeri som eit satsingområde, og det var naturleg at dette vart teke inn i arbeidet med Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane.
Arbeidet med å følgje opp målsettjingane frå planen skal gjennomførast i satsinga kalla "Sjømatnæringar". Målsetningane i planen skal følgjast opp gjennom arbeid som skal finne stad i tre hovudarbeidsblokker:
- "Rekruttering og kompetanse innan sjømatnæringane
- "Arealplanlegging"
- "Innovasjon og nyskaping i sjømatnæringane"
|
Strategi:
Meir om dei tre hovudarbeidsblokkene er:
"Rekruttering og kompetanse innan sjømatnæringane" er organisert som ei programsatsing der partnarskapen skal stå sentralt. Arbeidet vil vere konsentrert mot to målgruppar:
1) Elever ved Måløy vidaregåande skule - ved å utvikle eit mest mogleg attraktivt studieopplegg for marine fag for Vg1(Naturbruk), Vg 2 (Akvakultur) og YSK.
2) Kompetanseheving for tilsette i oppdrattsnæringa i fylket gjenom å kartlegge og bidra til å få på plass kompetanse-hevande tiltak i samsvar med næringa sine ynskjer.
"Arealplanlegging" skal gjennomførast etter eit programutkast som er under utarbeiding. Dette er pr. haust 2016 ikkje på plass.
"Innovasjon og nyskaping i sjømatnæringane" vert gjennomførast i regi av Innovasjon Norge. IN har såleis hovudansvaret for initiering, gjennomføring og rapportering av dei ulike tiltak som vert sett i gang. Dette vil vere med i det årlege oppdragsbrevet tfrå Sogn og Fjordane fylkeskommune til Innovasjon Norge.
|
Status:
Åpent forslag
|
Vedtak:
Fylkestinget 09.12.2014
|
Sektor:
Innbyggjarane, Naturarven, Næringslivet, Ungdom, Miljø, FoU, Offentleg
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2013
|
År godkjent:
|
2014
|
År oppstarta:
|
2015
|
År avslutta:
|
2025
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
sjømatnæringar, sjømat, havbruk, fiskeri
|
|
|
|
|
|