|
|
ID:
886
|
Akronym:
Osterfjord Næringssamarbeid
|
Tittel:
Osterfjord Næringssamarbeid sine regionale utviklingsprosessar
|
|
Heimeside:
www.rup.no
|
Bakgrunn, skildring og utfordringar:
Ved sist årtusenskifte innleidde kommunane Modalen, Osterøy og Vaksdal eit formelt samarbeid ved oppretting av Osterfjordrådet. Osterfjordrådet er samansett av ordførarane og rådmennene i dei 3 kommunane. Leiarfunksjonen går på omgang med eitt kalenderår om gangen.
For å samordne næringsutviklingsarbeidet i kommunane vart Osterfjord Næringssamarbeid oppretta. Deltakarar ved etableringa av samarbeidet i 2001 var; Næringskonsulenten i Modalen, Industrikonsulenten på Osterøy, Osterøy Utvikling, Vaksdal Næringsselskap AS og Osterfjord Reiselivslag. Osterøy Utvikling vart avvikla i 2004.
Osterfjord Næringssamarbeid får midlar frå Hordaland fylkeskommune med basis i ein partnarskapsavtale.
Osterfjord Næringssamarbeid forvaltar også Regionalt næringsfond for Osterfjord som får tildelt statlege midlar via Hordaland fylkeskommune.
|
Strategi:
Osterfjord Næringssamarbeid er ein fagleg og praktisk samarbeidsforening for å fremje næringsutvikling i Osterfjordregionen.
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
Vedtak om opprettinga av Osterfjord Næringssamarbeid vart gjort i 2001.
|
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2000
|
År godkjent:
|
2001
|
År oppstarta:
|
2001
|
|
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
Regionalt næringsfond vert forvalta av Osterfjord Næringssamarbeid etter retningslinjer frå fylket. Det er oppretta eit eige fondsstyre der m.a. ordførarene i dei 3 Osterfjordkommunane sit.
Fellestiltak som dekkjer fleire kommunar vert prioriterte.
Det vert normalt ikkje gitt støtte til einskildverksemder. Unnatak kan gjerast for:
Tiltak som gir nytte i meir enn ein kommune.
Tiltak som er spesielt i samsvar med satsingsprosjekt i regi av Osterfjord Næringssamarbeid.
|
Kode og nøkkelord:
ONS
|