I dokumentet Fylkesplanen 2005 - 2008, vegen vidare for Sogn og Fjordane, er definert 7 satsingsområde:
Verdiskaping i:
- Industri
- Småskala næringar og lokalsamfunn
- Sjøretta aktivitet
- Tenesteyting
”Bu og leve” gjennom arbeid med:
- Folkehelse
- Ungdom
- Folkestyre og medverknad. Offentleg verksemd
Til kvart satsingsområde vart det oppretta ei arbeidsgruppe, som la fram sine rapportar for satsingsområda hausten 2004. Ei ny arbeidsgruppe leia av fylkeskommunen, med folk frå den "regionale partnerskapen" (Innovasjon Norge, Fylkesmannen, Høgsksulen SF, etc) og regionane, vart samde om å føra forslaga frå satsingsområda vidare i 5 program. Fylkesutvalet gjorde i møte 14.12.2005 i arkivsak: 04/3616 L.nr. 22855/05 i sak: 122/05 fylgjande vedtak:
Felles regionalt utviklingsprogram for Sogn og Fjordane
1. Handlingsplanen for Fylkesplanen har sju satsingsområde. Det blir etablert eit felles regionalt utviklingsprogram (felles RUP) for Sogn og Fjordane som eitt av fleire tiltak i høve oppfølgjinga av Handlingsplanen. Den felles RUP’en har følgjande tema:
* Opplevingsnæringar
* Fiskeri og havbruk
* Entreprenørskap og nyskaping
* Folkehelse
* Fornying av offentleg sektor og IKT
2. Programorganiseringa blir valt som organisasjonsform
Det blir valt eit programstyre for kvart av programma. Samansetjinga av desse blir slik det går fram av saksutgreiinga. Fylkesrådmannen får fullmakt til å peike ut sekretariat for og faglege ressurspersonar i programstyra.
Den politiske representasjonen i programstyra blir slik:
* Opplevingsnæringar: Harry Mowatt
* Havbruk og fiske: Mathias Råheim
* Folkehelse: Åshild Kjelsnes
* Fornying av offentleg sektor og IKT: Svein Ottar Sandal
* Entreprenørskap og nyskaping: Knut M. Olsen
4. Fylkesrådmannen får fullmakt til utforme ei bestilling til programstyra i samsvar med dei føringar som er gitt i saksutgreiinga
5. Den endelege fylkeskommunale finansieringa av programma blir vedteken av Hovudutval for plan og næring i januarmøtet 2006.
-----
I praksis vert dette 5 program, forankra til "visjon"