Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Visjon

LAB: Berekraftig verdiskaping


Forankring: LAB: Berekraftig verdiskaping
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
2008
Akronym:   
LAB: Berekraftig verdiskaping
Tittel:
Laboratorium for regional plan for berekraftig verdiskaping Vestland. Innovasjon og næringsutvikling
Regional dekning:
Noreg
Heimeside:
Bakgrunn, skildring og utfordringar:
Denne prosessen og hierarkiet under, er eit ope laboratorium til utviklingsføremål, som t.d. for å utvikla monitorsystem og indikatorsystem for prosessane. Innhaldet er ikkje offesielt, og berre til utviklingsføremål.

FRÅ UTVIKLINGSPLANEN
Om regional plan for innovasjon og næringsutvikling

Innan innovasjon og næringsutvikling er det stort behov for regional samordning for å dra utviklinga i felles retning. Vi treng å utvikle ei plattform for heilskapleg samarbeid om innovasjon og smarte og berekraftige byar og lokalsamfunn. Vi treng fleire gründerar, vekstkraftige bedrifter og meir innovasjon i både offentleg og privat sektor. For å stimulere til verdiskaping gjennom auka omstillingsevne og det grøne skiftet, er det nødvendig med ein oppdatert regional innovasjons- og næringspolitikk og ein ny regional plan.

Planen skal også avklare viktige regionale forskingsbehov og korleis forsking kan vidareutviklast som verktøy i regionale innovasjonsprosessar.

Internasjonal konkurranse endrar seg raskt. Planlegginga skal legge eit grunnlag for fornying (spesialisering) på område der næringslivet kan ta posisjonar i framtida. I planen kan nyskapande løysingar adresserast. Planen må inkludere utvikling av samspelet mellom forskingsmiljø, næringslivet, det offentlege og brukargrupper.
Strategi:
3. SATSINGAR

For at Vestland skal bli det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon har vi fire satsingar:

• Grøn næringsutvikling
• Innovative og inkluderande samfunn
• Areal til næringsutvikling
• Kompetanseutvikling i arbeidslivet


3.1. TEMA SOM GJELD ALLE SATSINGAR (STRATEGIAR?)

Heile Vestland skal takast i bruk, men innsatsen må ha eit regionalt perspektiv og tilpassast behov i ulike delar i fylket. Nokre tema og arbeidsområde er likevel felles for alle satsingar.

• Samhandling og møteplassar
Vi må legge til rette for innovasjonsnettverk og møteplassar på tvers av bransjar. For å nå måla i planen treng Vestland fylkeskommune partnarar i fylket som bidrar med dei verkemidla dei rår over, og kunnskap som supplerer og utfyller den kunnskapen som fylkeskommunen har. Mange utviklingsmiljø og organisasjonar i fylket har stor kompetanse, og unik nærleik til næringsaktørar og ulike geografiske område, og kan tilpasse innsatsen i ulike deler av fylket.

• Internasjonalisering
Vi opererer i ein internasjonal kontekst som set rammevilkår for næringsliv og offentleg sektor i Noreg. Internasjonale avtaler krev utvikling av berekraftige, utsleppsreduserte produkt og tenester. Historisk og kulturelt har Vestland dei beste føresetnadene for å lukkast med ei grøn omstilling tilpassa behov i internasjonale marknader. For å lukkast er det viktig at regionale kunnskapsmiljø, næringsliv og offentleg sektor rettar blikket mot nasjonale og internasjonale satsingar på innovasjon og konkurransekraft. Gjennom internasjonalt samarbeid skal vi byggje kunnskap og kompetanse, utvikle nettverk og skaffe finansiering av samarbeidsprosjekt og investeringar..

• Felles kunnskapsgrunnlag, analysar og kommunikasjon
Gjennomføring av planen må vere kunnskapsbasert. Vi skal samarbeide om å oppdatere analyser, initiere større kunnskaps- og forskingsarbeid og dele kunnskap. Informasjon om måla våre, og resultat av satsingane, skal vere eit felles prosjekt. Dette er avgjerande for å sikre eit breitt eigarskap til utfordringar, moglegheiter og løysingar.

Forsking og innovasjon
Forsking har ei sentral rolle innovasjonssystemet. Vi skal stimulere næringsliv og offentleg sektor til å nytte forsking i eige utviklings- og innovasjonsprosessar, og som grunnlag for politikk og vegval. Vi skal auke finansiering av forsking gjennom regionale ordningar, og få betre utteljing i nasjonale og internasjonale forskings- og innovasjonsordningar. Det er behov for å vidareutvikle og skape nye arenaer for samarbeid om forskingsbasert innovasjon mellom næringsliv, offentleg sektor og forskingsaktørar, særleg i møte med dei utfordringane og moglegheitene Vestland står framfor.

• Infrastruktur og digitalisering
Næringsutvikling og verdiskaping er avhengig av god infrastruktur. Framtidig verdiskaping føreset gode regionale løysingar for transport og kommunikasjon. Vi må sørge for gode transportmoglegheiter for både gods og folk. Vi må ha tilstrekkeleg kapasitet på breiband, mobilnett og tilgang til elektrisk kraft. Vi må sørge for samordna planlegging og innsats, og regional transportplan og regional plan for fornybar energi, og oppfølginga av dei vil vere viktig for innsatsen innan innovasjon og næring.

• Innovasjonsinfrastruktur
Det må skapast ein god, regional innovasjonsinfrastruktur. For nærlingslivet handlar det om meir enn pengar. Kopling opp mot internasjonale kundar, investorar, samarbeidspartnarar og andre nettverk for å bygge forretningsrelasjonar og nettverk er viktige hovudaktivitetar.

FRÅ PLAN TIL HANDLING
Regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ein 12-årig plan. Planen er styrande for arbeidet i partnarskapen for innovasjon og næring i Vestland fylke. Styringsgruppe for planen er Næringsforum Vestland. Prioriteringane i planen blir konkretisert gjennom fireårige handlingsprogram og årsplanar.

4.1 Handlingsprogram og årsplanar
Planen er overordna og har eit langsiktig perspektiv. Vi skal gjere aktuelle og dynamiske prioriteringar i heile planperioden. Planen blir konkretisert gjennom fireårige handlingsprogram og årsplanar. Trong for å rullere handlingsprogrammet blir vurdert årleg i tråd med plan og bygningslova.

Eit fireårig handlingsprogram skal sikre forpliktande samarbeid i partnarskapen og bidra til å prioritere satsingar for å nå målsettingane. Det viktigaste føremålet med ein fireårig handlingsprogram er:

  • konkretisere satsingane og måla i planen,
  • å kombinere ulike verkemiddel
  • å identifisere kunnskapsbehov og forskingsinnsats
  • å fordele oppgåver i partnarskapen
  • å legge grunnlag for oppdrag til operativt ansvarlege
  • å gi eit klarare bilete av kva vi skal ha oppnådd slutten av ein programperiode
Denne planen skildrar aktivitet som går utover den enkelte aktør sitt budsjett. Samarbeidet om å nå måla vert viktig. Gjennom årlege handlingsplanar og oppfølging i budsjett og økonomiplan sikrar vi mindre kursjusteringar og økonomiske og administrative rammer for å setje i verk planen.


4.2 Samarbeid og forpliktande partnarskap
For fylkeskommunen og partnarskapen er samarbeidet med kommunane særs viktig. Kommunane har ein nøkkelfunksjon for at fylkeskommunen skal kunne løyse oppgåvene sine effektivt og best mogleg. Denne funksjonen er blitt viktigare etter samanslåinga mellom dei to fylka.

Den regionale planen skal leggast til grunn for regionale organ si verksemd og for kommunal og statleg planlegging og verksemd i fylket, jamfør Plan og Bygningslova § 8-2. Planen skal også kunne vere kommunane sin overordna plan innan innovasjon og næring, Kommunar og regionråd er difor sentrale aktørar i oppfølginga av planen.

Planen forpliktar partnarane som har ansvar for innhald og oppfølging av planen. Fylkeskommunen som regional utviklingsaktør har ansvar for leiing og koordinering, og dei andre partane skal vere likeverdige aktørar i oppfølging av planen.

Partnarskap skal vere styringsform i oppfølging av planen. Alle deltakarane må ta ressursar inn i arbeidet. Partnarskapen skal jobbe saman om oppfølging av planen, utvikling av handlingsprogram og andre større vedtak. Partnarskap er forpliktande og blir regulert av ein partnarskapsavtale eller gjennom mandat for arbeidet.

Eit godt samarbeid, gode møteplassar og avklarte prosessar knytt til oppfølging av planen er sentrale prinsipp i oppfølginga.
Det er Vestland fylkeskommune som planmyndigheit, ved
fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling, sitt ansvar å koordinera arbeidet.

Næringsforum Vestland har ein sentral rolle og skal sikre koordinert og effektiv bruk av offentlege ressursar til næringsutvikling i fylket, her under samarbeid mellom dei ulike aktørane i gjennomføringa av konkrete tiltak.


4.3 Verktøy og verkemiddel
For å nå måla i planen er verktøy og verkemiddel viktig. Utan verktøy og verkemiddel kan ingen av måla nåast, eller satsingar gjennomførast. Verktøy og verkemiddel er ikkje statiske. Nye kjem til, og andre vert tatt bort. Ei «komplett oversikt» vil difor ha avgrensa relevans i eit langsiktig og overordna planperspektiv.

For å betre kunne nytte, utvikle og samordne innsats i gjennomføring av planen må vi ha god oversikt over kva innovasjons- og utviklingsverkemiddel vi har, korleis dei kan nyttast eller utviklast og kva nye verktøy og verkemiddel vi treng. Bruk av verkemiddel må vere dynamisk og basert på behov. Vi har identifisert ulike typar verkemiddel

  • Økonomiske verktøy og verkemiddel
  • Politiske verktøy og verkemiddel
  • Forvaltningsmessige verktøy og verkemiddel
  • Juridiske verktøy og verkemiddel
  • Samarbeidsverktøy, forsking/kunnskap/FOU

Når det skal lagast handlingsplanar er val av verkemiddel sentralt. I arbeid med å gjennomføra planen vil ein nytte samansette verkemiddel eller verktøypakker, meir enn bestemte enkelt verktøy. Å realisere konkrete vedtekne målsettingar er komplekst og krev gjennomarbeida verktøy og verkemiddelløysingar. Det må vurderast korleis ein kan nytte ulike internasjonale, nasjonale og regionale verkemiddel strategisk til å nå måla i planen. Korleis kan vi nytte eigne verkemiddel som til dømes oppdragsbrev og tilsegn. Vi må og identifisere om det er behov for nye verktøy.


4.4 Verknad for miljø og samfunn
Regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033 er heimla i Plan- og bygningslova (Pbl). I Pbl. § 1-1. Lovens formål kjem det tydeleg fram at pbl. skal fremje berekraftig utvikling til det beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar. Alle tre dimensjonar av berekraft skal dekkast i regional plan for innovasjon og næringsutvikling, både sosial, miljømessig og økonomisk berekraft.

Med tema innovasjon og næringsutvikling er økonomiske berekraftsmål særleg viktige. Planen har også ein grøn, miljømessig dimensjon gjennom at den økonomiske utviklinga skal bidra til å stoppe klimaendringane, og vere pådrivar for nullutslepp. For å legge til rette for berekraftig utvikling må den regionale utviklinga ivareta tre perspektiv:
  • klima, miljø og økologi
  • økonomi
  • sosiale forhold
Den sosiale berekrafta er viktig for at arbeidet med innovative og inkluderande lokalsamfunnsamfunn skal få den utviklinga som er ønskt i alle deler av fylket. Planen vil difor både påverke lokalsamfunn og næringslivet til å bidra til ei positiv miljøutvikling. Planen vil også påverke samfunn og lokalmiljø. Den vil arbeide for at heile fylket skal takast i bruk, og saumlause samarbeid mellom lokalsamfunn, bedrifter og kunnskapsmiljø.

Regional plan for innovasjon og næringsutvikling, inneheld overordna retningsliner knytt til areal for næringsutvikling. Desse vil bli nytta i samband med utvikling av næringsareal. Retningslinjene gir ikkje (juridiske) bindingar eller rammer for utbygging. Dei er overordna og utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing.


4.5 Kopling til andre planar
Det har vore ei målsetjing å avgrense talet på planar, både regionale planar, men også tema- og strategiplanar. Ei forenkling og samordning av plansystemet vil tene to formål – ei meir heilskapleg planlegging der ein ser samfunnsplanlegginga i samanheng, samt at det blir lettare for både kommunane, regional stat, fylkeskommunen og ålmenta å forhalda seg til færre planar.

I Utviklingsplan for Vestland 2020-2024 er det lagt føringar for at denne planen skal sjåast i samanheng med andre regionale planar, som t.d. regional klimaplan, regional plan for senterstruktur, regional plan for kompetanse, regional transportplan og regional plan for fornybar energi. Regional plan for innovasjon og næringsutvikling er først i rekkja, og det er behov for samarbeid og koordinering med andre planer etterkvart, både i planfasen og i gjennomføringsfasen.

I utviklingsplanen og i planprogrammet er det peika på ei rekkje temaplanar og strategiar som skulle innarbeidast i Berekraftig verdiskaping – Regional plan for innovasjon og næring. Desse er innarbeida i satsingane i den regionale planen. Innhaldet vil bli tydelegare i det første fireårige handlingsprogrammet. Sjølv om ein skal ha minst mogleg planar og ei samordning av plansystemet, så kan det bli trong for eigne temaplanar og strategiar. Dette blir vurdert og justert i samband med utarbeiding av nye handlingsprogram.

I møte 29. oktober 2020, i sak 134/2020 gjorde fylkestinget følgjande vedtak: Vestland fylkesting vil i oppfylginga av utviklingsplanen og andre styringsdokument for Vestland fylke leggje stor vekt på å utvikle målretta tiltak for å utvikle industrikommunane. Fylkestinget vil arbeide for gode rammevilkår for industri som er basert på fornybar energi og medverke til at SSB sine prognosar 2020-2050 ikkje blir ein realitet på dette området.

Med ei målsetting om berekraftig verdiskaping, vert industrien og industrikommunane viktige samarbeidspartar. Vidare er fornybar energi tatt fram som ein nøkkel for arbeidet i planperioden. Også denne satsinga blir meir konkretisert i samband ut utarbeiding av handlingsprogram.


4.6 Resultatmåling og evaluering
Saman med handlingsprogram og årsplanar vil det bli utarbeidd meir konkrete mål og strategiar for satsingane. Det skal også utarbeidast eit indikatorsystem for å overvake utvikling i fylket, og evaluere om tiltaka som bli sett i verk fører til effektiv verkemiddelbruk og måloppnåing.

Indikatorsystemet skal ha tre nivå:
  • Nivå 1: Indikatorar for å overvake utviklinga i fylket og jamføre med andre geografiske einingar på overordna mål ved hjelp av offentleg statistikk, t.d. verdiskaping, eksportgap og klimagassutslepp.
  • Nivå 2: Indikatorar for å prioritere satsingsområde og målgrupper.
  • Nivå 3: Indikatorar for å måle resultat og effekt i ei definert målgruppe som verkemidlane er retta inn mot.

Det skal lagast ei dynamisk framstilling som viser utviklinga på dei tre nivåa.




Status:
Åpent forslag
Vedtak:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2021
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Satsingsområde

1. Grøn næringsutvikling
2. Innovative og inkluderande samfunn
3. Areal til næringsutvikling
4. Kompetanseutvikling i arbeidslivet

Program

Ingen registrerte

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune