Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Visjon

LAB: Utfordrarbygda


Forankring: LAB: Utfordrarbygda
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1961
Akronym:   
LAB: Utfordrarbygda
Tittel:
Laboratorium for: Samfunnsplanen for Sogndal kommune 2021-2030
Regional dekning:
Sogn og Fjordane
Heimeside:
www.utfordrarbygda.no
Bakgrunn, skildring og utfordringar:
Dette er den nye samfunnsplanen til Sogndal kommune. Me har fått over 400 innspel fra innbyggjarar som planen byggjer på, og no vil me vise fram resultatet. Ser du noko som burde ha vore anleis kan du gje innspel nederst på sida.


POSISJON
Sogndal kommune er fylt av livskraftige lokalsamfunn som er stolte av kven dei er. Sjølv om bygdene er ulike i storleik og har kvar sin eigenart, så deler dei ein vitalitet og ein styrke. Dette gjev dei som bur der trua på at dei er i stand til å skape si eiga utvikling, trass store trendar som globalisering, urbanisering og digitalisering. Dei står i ein utfordrarposisjon og tek opp kampen med dei store.

VERDIAR

Samskapande betyr at me alltid skal søke å løyse oppgåvene våre saman med andre. Samskaping inneheld dessutan noko meir enn samarbeid: Det legg føringar for at det skal skje noko nytt.

Open betyr at det skal vere openheit knytt til det me gjer. Det betyr òg at kommunen som organisasjon skal vere open for å tenke nytt, open for andre perspektiv og for dialog rundt det me gjer.

God betyr at me skal vere gode på å levere basistenestene til innbyggjarane og brukarane våre. Det betyr òg at me skal vere gode med kvarandre, sjå menneska og opptre på ein måte me kan vere stolte av.

Nysgjerrig betyr å vere på jakt etter dei beste løysingane, metodane og innspela. Det betyr å hugse å løfte blikket, og sjå kva som skjer rundt oss for å heile tida bidra til å utvikle oss vidare.
Strategi:
Det finst mange måtar å lage planar på. I Sogndal har me tru på at dei beste tankane og ideane kjem fram om mange får vere med og seie meininga si. Derfor har me forsøkt å sette norgesrekord i medverknad når planen skulle lagast. Folkerøysta teikna eit bilete av kven me er og kva som kjenneteiknar oss, og dette biletet gjev oss posisjonen utfordrarbygda. Derfor heiter samfunnsplanen si eiga nettside utfordrarbygda.no.

For å nå visjonen er det definert 3 samfunnsmål inn i visjonen (mi tolking):

LIVSKVALITET
Å ha livskvalitet som samfunnsmål krev at me leverer likeverdige tenester til alle innbyggjarar der folk bur. Trivsel vert skapt der ein bur, og Sogndal skal jobbe for at alle lokalsamfunna gjev rammer for god livskvalitet.

SKAPARKRAFT
Innbyggjarane, næringslivet og dei andre skapande kreftene i kommunen er den viktigaste drivkrafta for ei aktiv nærings- og samfunnsutvikling. Sogndal kommune skal gje gode krefter dei beste rammene for å realisere ei god arbeidsplassutvikling, folketalsutvikling og skaparkraft i heile kommunen.

MILJØMEDVIT
Sogndal kommune skal vere ein miljømedviten kommune med klima og miljø som premiss for alt me gjer. Dette betyr at kommunen kuttar klimagassutsleppa våre, driv systematisk klimatilpassingsarbeid og har minst mogleg avfall, mest mogleg gjenbruk og ein medveten arealbruk.
Status:
Åpent forslag
Vedtak:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2021
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Sogndal kommune
Kode og nøkkelord:
samfunnsplan sogndal kommune utfordrarbygda

Satsingsområde

1. OPPVEKST
2. AKTIV LIVSSTIL
3. KOMPETANSEMILJØ
4. TETTSTADER
5. LOKOMOTIVET I SOGN

Program

Ingen registrerte

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune