Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Visjon

Vestland fylke


Forankring: Vestland fylke
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1909
Akronym:   
Vestland fylke
Tittel:
Langsiktig utvikling av Vestland fylke
Regional dekning:
Noreg
Heimeside:
https://www.vestlandfylke.no/
Bakgrunn, skildring og utfordringar:
Vestland er fra 1. januar 2020 et fylke på Vestlandet i Norge, etter sammenslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane fylker.

Det nye fylket grenser i sør til Rogaland, i nord til Møre og Romsdal fylke, og i øst til de nye fylkene Viken, Innlandet og Vestfold og Telemark.

Det er 43 kommuner i nye det nye fylket, som er det femte største fylket i landet. Kommunene i fylket utgjør ni distrikter: Sunnhordland, Midthordland, Bergen, Nordhordland, Hardanger, Voss, Ytre Sogn, Indre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Fylkesmannen i Vestland Fylke har kontorer både i Statens hus i Leikanger, i Bergen og i Hafstadgården i Førde (landbruksavdelingen). Fylkesmannen har sete i Hermansverk i Leikanger

Vestland fylkeskommunes administrasjon er lokalisert og ledet fra Bergen, Leikanger og Førde, med fylkesrådmannen og politisk ledelse i Bergen.

I intensjonsavtalen om opprettelsen av Vestland fylkeskommune har man blant annet bestemt følgende:

  • Fylkeskommunens politiske og administrative ledelse skal være i Bergen.
  • Fylkesmannsembetets ledelse skal være i Hermansverk.
  • Fylkeskommunen skal styres etter formannskapsmodellen.
  • Fylkestinget skal ha 65 folkevalgte representanter.
  • Administrasjonsspråket skal være nynorsk.

    Vestland fylkeskommune ble etablert 1. januar 2020 som et resultat av at Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommuner ble slått sammen under en av norgeshistoriens største bølge av sammenslåing av fylker og kommuner.[5] Hornindal kommune ble fra 1. januar 2020 en del av Volda kommune i Møre og Romsdal fylke.

UTFORDRINGAR 2020-2024 (Utviklingsplan for Vestland 2020-2024. Regional planstrategi):
  • Klimaomstilling
  • Balansert areal- og naturressursbruk
  • Gode transportsamband og smart mobilitet
  • Grøn konkurransekraft
  • Digitalisering av samfunnet
  • Relevant kompetanse og kunnskap
  • Attraktive stader og gode miljø
  • Eit fornyande, profesjonelt og frivillig kulturliv
  • Eit likeverdig samfunn
  • Ungdom - trivsel og tilhøyre
Strategi:
Frå utviklingsplanen for Vestland 2020-2024 har vi: 

Vestland fylkeskommune skal vere ein pådrivar for berekraftig utvikling i ein styrka region. For å nå berekraftmåla til FN må vi jobbe på tvers av fag og sektorar, og mellom forvaltningsnivå. Regional planlegging er ein reiskap for å lukkast med dette. Regional utviklingsplan for Vestland 2020-2024 definerer langsiktige mål for samfunnsutviklinga, prioriterer strategiar for å oppnå måla og kva regionale planar vi skal utarbeide, revidere eller vidareføre dei neste fire åra:

MÅL 1
Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg


Strategiar mål 1
1.1 Vestland fylke skal medverke til å minimere skadeverknadane, både på kort og lang sikt, som følgje av pålagde tiltak knytt til handteringa av koronapandemien.

1.2 Vestland skal medverke til at det vert skapt nye arbeidsplassar gjennom omstilling, grøn konkurransekraft og entreprenørskap.

1.3 Vestland skal utvikle eit framtidsretta og inkluderande arbeids- og næringsliv basert på regionale fortrinn, forsking og innovasjon.

1.4 Vestland fylke skal aktivt søke dei mogelegheitene som ligg i
regionreforma, og også styrke det regionale folkestyret.

MÅL 2
Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling


Strategiar for mål 2
2.1 Vestland skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og
nullutslepp.

2.2 Vestland skal sikre infrastruktur og forvalte viktige natur-,
landskaps- og kulturverdiar.

2.3 Vestland skal bidra til å nå klima- og miljømåla gjennom
offentlege innkjøp

MÅL 3
Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv


Strategiar for mål 3
3.1 Vestland skal utvikle menneskevenlege og levande lokalsamfunn basert på stadeigne ressursar og kvalitetar.

3.2 Bergen og dei regionale sentra skal utviklast til attraktive sentra, og fungere som ei drivkraft for utvikling i heile fylket.

3.3 Vestland skal utvikle fysisk og digital infrastruktur som sikrar
mobilitet og digitale tenester.

MÅL 4
Like moglegheiter til å delta i verdiskaping


Strategiar for å nå mål 4
4.1 Vestland skal fremje opne og inkluderande arenaer for deltaking i kultur, frivillig arbeid og sivilsamfunn.

4.2 Vestland skal utvikle eit meir inkluderande og aldersvenleg
samfunn som grunnlag for verdiskaping.

4.3 Vestland skal sikre deltaking gjennom trygg oppvekst, utdanning og livslang læring.


BEHOV FOR REGIONALE PLANAR

Gjennomgåande tema i regionale planar
Regionale planar har ei viktig rolle i å mobilisere og samordne innsatsen og fremje brei, open og inkluderande verdiskaping. Klima og miljø, folkehelse, integrering og inkludering er tverrgåande tema som treng betre samordning på tvers av sektorar og fagmiljø. Det er behov for større vekt på samarbeid og samhandling i fylket.

Gjennom at Utviklingsplan for Vestland skal bli lagt til grunn for alle regionale planar, vil den bidra til at slike tverrgåande tema vert løfta opp som eit gjennomgåande perspektiv i all regional planlegging.

Regionaler planar i perioden - reviderast eller vidareførast
  1. Innovasjon og næringsutvikling
  2. Klima
  3. Senterstruktur
  4. Transport
  5. Kompetanse
  6. Kultur, idrett og friluftsliv
  7. Vassforvalting
  8. Kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger
  9. Strategisk plan for kysten (SF)
  10. Folkehelse
  11. Areal- og transportplan for Bergensområdet
  12. Areal- og transportplan for Haugalandet
  13. Nordfjella 2014-2025
  14. Hardangervidda 2011-2025
  15. Setesdal, Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei
  16. Ottadalsområdet 2016-2026
  17. Vindkraft (SF)
  18. Småkraftverk (SF og H)

Temaplanar i perioden

  1. Mål og strategiplan for opplæringssektoren i Vestland (NY)
  2. Anleggspolitikk og kriterier for tildeling av spelemidlar 2002-2024 (vidareføring)
  3. Skulebruksplanar (vidareføring)
  4. Strukturplan for tannklinikkar (NY)


Utviklingsplan for Vestland er heimla i plan og bygningslova § 7-1, og er regional planstrategi for Vestland. Fylkeskommunen, statlege organ og kommunar skal legge utviklingsplanen til grunn for vidare planarbeid og verksemd i regionen.
Status:
Åpent forslag
Vedtak:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2020
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Satsingsområde

00 Berekraft Vestland
01 Innovasjon og næringsutvikling
02 Klima
03 Senterstruktur

Program

Ingen registrerte

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune