(HAR IKKJE VORE AKTIVT BRUKT)
Målsetjinga i infrastrukturprogrammet er å oppnå auka turistvolum i fylket, gjennom utvikling, drift og koordinering av infrastruktur og andre fellestiltak.
Ansvarleg verkemiddelaktør er fylkeskommunen. I dette programmet skal det etablerast verkemiddelpolitikk for fremjing av infrastruktur og fellestiltak, slik at turistane finn det attraktivt og lettvint å reisa til Sogn og Fjordane, og fylket er rusta til å ta i mot turistar i tråd med målsetjingane om auka turistvolum i reiselivsplanen.
Det skal etablerast eit eige fylkesprogram, med ansvar for fylkesdekkande infrastruktur eller infrastruktur som dekkar fleire regionar. Det vil bli oppretta ei styringsgruppe til dette programmet, der dei viktigaste aktørane, både private og offentlege, skal vera representerte.
Styringsgruppa skal ha ansvar for at infrastruktur i fylket, vert koordinert og samordna med infrastrukturtiltak på vestlandsnivå, og infrastrukturaktivitetar i regi av Fjord Norge AS og NCE - tourism Fjord Norway. Dette kan skje som konkrete avtalar mellom aktørane, eller gjennom rammeavtalar og samarbeidsavtalar mellom t.d. Fjord Norge og fylkeskommunen.
Det skal tilsvarande etablerast infrastrukturprogram på regionnivåa, basert på avtalar med fylkeskommunen. Regioninndelinga vil bli tilpassa dagens reisemålselskap si organisering, ved regionane Kysten, Nordfjord, Sognefjorden og Sunnfjord. Avtalane vil bygge vidare på dagens ordning ”Fellestiltak i reiselivet”, men tilpassa reiselivsplanen.
Det er fylkeskommunen sitt ansvar at programstyra på fylkesnivå og regionnivå arbeidar etter metoden programstyring, og at dei årleg rapporterar inn verkemiddelbruk og måloppnåing. Dette ansvaret gjeld også for program og delprogram under fylkesprogrammet og regionprogramma.
Infrastrukturtiltak vil fyrst og fremst ha effektar på kor mange turistar som kjem til fylket og opphaldstida for turistane. Tal gjestedøgn og tal besøkande vil bli derfor bli nytta hovudindikatorar for programmet. Ein vil i tillegg etablera kvalitative målingar og andre parameter som grunnlag for strategiar og tiltak.
I infrastrukturprogrammet skal ein ha fokus på infrastruktur og fellestiltak som kjem alle aktørane til gode. Døme på slikt er bussruter, båtruter, marknadskommunikasjon for område, sykkelvegar, vandrestigar, vertskapsrolla, turistinformasjon, osv. Det er eit mål å etablera 4-årige programperiodar for infrastrukturprogramma.