Statusrapport for:


Prosjektet


Autoadm
(akronym)

Styrke konkurranseevna til mindre bedrifter i Osterfjordregionen, gjennom automatiserter og forbetra administrasjonssystem.
(tittel)



STATUS:

Oppstarta



RUP Norge



www.rup.no

ID 887

NØKKELDATA

FORANKRING - OMRÅDE:
Osterfjord Næringssamarbeid > Autoadm

TIDFESTING AV STATUSENDRINGAR:
År forslag: 2007
År godkjent: 2007
År oppstarta: 2007
År avslutta:

VEDTAK:
Vedtak om oppstart og finansiering gjennom Regionalt Næringsfond for Osterfjord vart gjort i Fellesmøtet for Osterfjord Næringssamarbeid 20.9.2007

SEKTOR:
Næringslivet

INTERNASJONAL STATUS:


VERKEMIDDEL OMRÅDE:


KODE OG NØKKELORD:
Osterfjord Næringssamarbeid, AUTOADM

HEIMESIDE FOR PROSESESSEN:



ANSVAR

INSTITUSJONAR OG ROLLAR:
OPPDRAGSGJEVAR (OG); Osterfjord Næringssamarbeid

B ? EIGARAR; Osterfjordrådet

PROSJEKTANSVARLEG (PA); Lars Mjøs, sekretær Osterfjord Næringssamarbeid ? Industrikonsulenten på Osterøy

PROSJEKTLEIAR (PL); Svein Aksel Sellevold, dagleg leiar Vaksdal Næringsselskap AS

PROSJEKTGRUPPE (BRUKARGRUPPE); Inntil 8 bedrifter frå referansegruppa vert invitert / oppnemnd

REFERANSEGRUPPE; Inntil 20 bedrifter frå målgruppa vert invitert / oppnemnd


BAKGRUNN OG UTFORDRINGAR

I Osterfjordregionen er det eit stort innslag av mikrobedrifter med 2 - ca 10 tilsette. Me har slike bedrifter i mange bransjar og særleg innan bygge- og anleggsbransjen som er ein viktig bransje i regionen.

Det er dei seinare åra kome på marknaden og teke i bruk både teknologi og programvare som automatiserar og lettar administrative rutinar i mindre bedrifter.

Eit viktig hjelpemiddel her er PDA'en. PDA står for personleg digital assistent. PDA er ein liten, bærbar datamaskin med eit raskt operativsystem. PDA'ar inneheld i dag ei rekke funksjonar i tillegg til møtekalender, adressebok og klokke. For eksempel kan dei ha meldingssystem for elektronisk post, navigasjonssystem og administrativ programvare. Ein kan bruke både USB2, bluetooth og trådløst nettverk for å kople PDA'en til datamaskinar.

Det finst hovudsakleg 2 større norske leverandørar av administrativ programvare som kan nyttast på PDA’ane. De 2 leverandørane er ePocket Solutions og Devinco, med sine løysingar kalt Handyman og Speedycraft.. Dette er løysingar som er utvikla over mange år og i starten var dette hovudsakleg utvikla for å tilfredstilla behova hos elektrikarar og elektro-entreprenørar. I dag er dette vidare utvida og løysinga kan no dekke behova i mange fleire bransjar. Programvara vert nytta av handverkarar for føring av m.a. timar og varer, samt utlevering av oppdrag til feltarbeidarar. Begge løysingane er utvikla for Windows Mobile plattforma.

Leverandørane av administrativ programvare har så vidare utvikla bransjeløysingar der desse PDA løysingane inngår som viktige einingar. Dette er gjort ved å utvikle ”synkroniseringar” som gjer at PDA-løysingar automatisk overfører sine data frå/til administrativ programvare. Ute i felten har ein tilgang til aktuell informasjon, t.d. vareregistra til komponentleverandørane og kan fortløpande registrera informasjon (t.d. timeforbruk, vareforbruk, HMS-dokumentasjon) som blir overførte til bedrifta, eventuelt rekneskapsføraren, sine digitale administrative system utan trong for dobbeltregistrering.

I tillegg til effektiviserande PDA løysningar har det i den seinare tid også kome krav til fleire og fleire bedrifter om å levere faktura elektronisk via ”e-faktura”. Det har i lengre tid eksistert løysningar for ”e-faktura” men desse alternativa har ofte vore svært komplekse og kostbare. Dette har derfor hovudsakleg berre vore tilgjengeleg for/mellom større bedrifter. Etter kvart som utviklinga går vidare ser me no at dette også vert kravd frå mindre og mindre bedrifter. Dei minste bedriftene treng ei løysning på dette for ikkje å kome i ein vanskelegare konkurransesituasjon når dei ikkje kan gjere bruk av denne nye teknologien.

I Osterfjordregionen har me eit aktivt og kompetent fagmiljø innan utvikling og sal av IT-baserte administrative løysingar. Mosoft AS med 16 tilsette i Modalen, Oslo og Litauen har satsa særskild på utvikling av timeregistreringssystem, bransje- og konsept-løysingar og eit publiseringsverktøy for internett inkludert nettbutikk. Dei er i tillegg leverandør og forhandlar av dei andre modulane av programvara Uni Økonomi produsert av Uni Micro AS.

Uni Micro AS med ca 40 tilsette i Modalen, Bergen og Haugesund tilbyr komplette administrasjons- og økonomisystem, også med bransjeløysingar, og er mellom dei større aktørane på den norske marknaden.

Uni Micro AS har blant anna utvikla modulen Uni Contracting som er spesialtilpassa prosjektbedrifter. Modulen gir god kostnads- og materiellkontroll, forenklar dei administrative oppgåvene og ivaretek informasjonsflyten som oppstår i prosjekt. Med denne modulen vert alt frå inngåande faktura frå leverandør til utgåande faktura mot kunde behandla elektronisk.

Osterfjord Næringssamarbeid ønskjer å stimulere samhandling mellom dette ITkunnskapsmiljøet
i Modalen og lokale mindre bedrifter i Osterfjordregionen for å utvikle IT-baserte administrative løysingar der også desse minste bedriftene kan gjere bruk av denne nye teknologien med m.a. bruk av PDA'ar og ”e-faktura”.
Me ønskjer derfor å få utvikla ein del funksjonar slik at også lokale mindre bedrifter i Osterfjordregionen kan få styrkja sin konkurransesituasjon ved hjelp av teknologi. I tillegg til utvikling av teknologi ønskjer me også å trekkje inn ressurspersonar på økonomi/administrasjon slik at deltakarane i prosjektet også får gode råd og vink rundt korleis ny teknologi i praksis kan nyttast effektivt og lønsamt. Dette må m.a innebere:

Med andre ord: Gjera livet lettare for dei aller minste bedriftene. Då me i regionen har mange mindre firma innan bygg- og anleggsbransjen og desse er mellom dei med stor trong for å halde orden på ein stor informasjonsflyt, ønskjer me å gjennomføre eit utviklingsprosjekt for denne næringa i Osterfjordregionen.




STRATEGI

Me vil opprette ei brukargruppe på inntil 8 bedrifter; 2-3 bedrifter frå kvar av kommunane Modalen, Osterøy og Vaksdal.
 
Desse vert rekrutterte frå ei referansegruppe på inntil 20 bedrifter. Bedriftene i brukargruppa vil delta aktivt både når det gjeld utarbeiding av kravspesifikasjonar og utprøving av dei løysingar som vert utvikla.

Referansegruppa (inkludert brukargruppa) deltek ved 3 samlingar; oppstart, halvvegs og før fullføring av prosjektet. Når prosjektresultata er klare, vert samtlege aktuelle mindre bedrifter i regionen (også andre bransjar enn bygg og anlegg) inviterte til presentasjon av dei nye løysingane.
 
Utvikling av teknologi og programvare i høve målsetting (IKT). Referansegruppe på inntil 20 bedrifter frå Osterfjordregionen (RGR). Brukargruppe (prøving og tilbakemelding funksjonalitet) frå referansegruppa på inntil 8 bedrifter (BGR). Medverknad frå Høgskolen i Bergen (HiB) i samsvar med avtale om omfang med IKT-kunnskapsmiljøet i Modalen (IKT).



MÅL OG RESULTAT

MÅL:
Å stimulere til samhandling mellom lokale mindre bedrifter i
Osterfjordregionen (2 ? ca.10 tilsette) innan bygg- og anleggsbransjen (målgruppe) og IKT-kunnskapsmiljøet i Modalen, med sikte på å utvikle IKT-administrative løysingar som er spesialtilpassa desse bedriftene sitt behov for å kunne nytte ny teknologi med m.a. bruk av PDA`ar og ?e-faktura?
 
D.v.s. gjere livet administrativt lettare for dei aller minste
bedriftene i Osterfjordregionen.


MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR:


FORVENTA EFFEKT AV RESULTATA:


RESULTAT:



PLAN OG FRAMDRIFT

ARBEIDSPLAN OG MILEPÆLAR:
Sjå prosjektplanen

PLANLAGDE PRODUKSJONAR OG HENDINGAR:
Sjå prosjektplanen

KOORDINERING, LEIING OG KVALITETSSIKRING:
Sjå prosjektplanen.

SPESIELLE OMSYN OG KRITISKE SUKSESSFAKTORAR:
Sjå prosjektplanen.

FRAMDRIFT OG LÆRING:



ØKONOMI:

BUDSJETT:
Tabel:
Post
20xx
20xx
20xx
20xx
20xx
SUM
post1
0
0
0
0
0
0
post2
0
0
0
0
0
0
post3
0
0
0
0
0
0
post4
0
0
0
0
0
0
Totalsum
0
0
0
0
0
0
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Budsjettramme Kr. 950.000. Av dette kr. 500.000 i eigeninnsats frå deltakande bedrifter og IKT-kunnskapsmiljø og tilskot på kr. 450.000 frå Regionalt Næringsfond for Osterfjordregionen.


FINANSIERING:
Tabel:
Post

20xx

20xx

20xx

20xx

20xx

SUM

post1

0

0

0

0

0

0

post2

0

0

0

0

0

0

post3

0

0

0

0

0

0

post4

0

0

0

0

0

0

Totalsum

0

0

0

0

0

0



REKNESKAP:


Meldingar:




Aktivitetar:

17.09.10 Avslutningsseminar for AUTOADM på Dale og i Lonevåg
28.11.07 Til bedrifter innan Bygg- og anleggsbransjen i Osterfjordregionen



Rapportar:

17.09.10 Prosjektet AUTOADM i regi av Osterfjord Næringssamarbeid fullført



Dokumentarkiv:

Autoadm_invitasjon_270910.doc
Autoadm_Sluttrapport_160910.doc
InnbPRESENTASJON.doc
Invitasjon_autoadm.pdf
Prosjektplan_Autoadm_301007.pdf



ORGANISERING I DELPROSESSAR

Prosjekt Autoadm