Statusrapport for:


Satsningsområdet


2. Innovative og inkluderande samfunn
(akronym)

Satsing 2: Innovative og inkluderande samfunn
(tittel)



STATUS:

Åpent forslag



RUP Norge



www.rup.no

ID 2010

NØKKELDATA

FORANKRING - OMRÅDE:
LAB: Berekraftig verdiskaping > 2. Innovative og inkluderande samfunn

TIDFESTING AV STATUSENDRINGAR:
År forslag: 2021
År godkjent:
År oppstarta:
År avslutta:

VEDTAK:


SEKTOR:


INTERNASJONAL STATUS:


VERKEMIDDEL OMRÅDE:


KODE OG NØKKELORD:


HEIMESIDE FOR PROSESESSEN:



ANSVAR

INSTITUSJONAR OG ROLLAR:



BAKGRUNN OG UTFORDRINGAR

Innovative samfunn fornyar seg og skapar verdi for verksemder, samfunn og innbyggjarar. Det vert eksperimentert for å finne nye løysingar på samfunnsutfordringane. Inkluderande samfunn tek vare på mangfald og motverkar utanforskap. Det er attraktivt for ungdom og høgkompetent arbeidskraft å bu og jobbe der. Vestland sine innbyggarar skal ha like moglegheiter til å delta i verdiskapinga gjennom relevant arbeid i eit berekraftig og innovativt nærings- og samfunnsliv.

Vi må i fellesskap identifisere samfunnsutfordringar og næringspotensiale som mange sektorar må samarbeide om for å få løyst. Det krev mot, samspel og kunnskapsdeling på tvers av fylket. Byar og distrikta utviklar seg saman. Vi må sjå ting i samanheng, og få fram kva vi er gode på. Verdiskapinga er avhengig av gode lokalmiljø, sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar, med relevante utdanningstilbod, og ein kultur for innovasjon og medverknad.

Samtidig som Bergen, dei andre byane og regionsentra styrkar sin posisjon, må ein sikre at det er tilstrekkeleg med arbeidskraft og arbeidsplassar i heile fylket. Skal vi få attraktive og nyskapande arbeidsplassar i heile fylket krev det gjensidig utvikling av lokalsamfunn, næringsliv og arbeidsplassar. Gode lokalsamfunn må danne ramma for berekraftig verdiskaping. Eit aktivt, oppdatert og innovativt kulturliv er med på å utvikle samfunnet og set i gang samfunnsmessige endringar. Eit godt kulturliv som fremjar oppleving og deltaking er også vere viktig for å tiltrekke seg og behalde naudsynt kompetanse og arbeidskraft både i byar og mindre lokalsamfunn.

Dele og dra nytte av innovasjonsinfrastruktur uavhengig av geografi
En regional innovasjonsinfrastruktur handlar om gode nettverk, forretningsrelasjonar, lokalisering av fysiske testanlegg, og system der det er lett og naturleg å dele informasjon og kompetanse. Det må bli enklare for innovative bedrifter å utvikle prototypar, teste, simulere og visualisere, slik at idear vert utvikla raskare, betre og med mindre risiko. I prosessen frå ide til marknad er det viktig med relevant forsking som kan bidra til auka kunnskapsgrunnlag.

Vi vil legge til rette for informasjonsdeling om kva som skjer innafor aktuelle bransjar, og på tvers av bransjar og nivå – mellom næringsaktørane, offentleg sektor, klynger og forsking- og utdanningsinstitusjonar. Alle må kjenne til kva den infrastrukturen kan levere, og korleis ein tar det i bruk. Vi ønskjer plassere ny infrastruktur strategisk med tanke på naturressursar, eksisterande manglar innan infrastruktur, arealbehov og bransjebehov.
Digitale løysingar og oppdatert digital infrastruktur er viktige føresetnader for å nå dette målet.


Bygge kultur for innovasjon og medverknad
Utvikling av regionen, lokalsamfunn og offentlege tenester krev aktiv og reell involvering av næringsliv, innbyggarar og brukarar. Fylkeskommunen, statlege aktørar, kommunar, lokalsamfunn, universitet- og høgskuler-sektoren og frivillige organisasjonar må samhandle for å løyse komplekse samfunnsutfordringar, og legge til rette for næringsutvikling og det grøne skiftet.

Vi må alle anerkjenne mangfald og inkludering som ein styrke for nærings- og samfunnsutvikling.

Det offentlege må aktivt legg til rette for samskaping og bruk av verktøy for innovasjon, entreprenørskap og medverknad.Her er offentlege innkjøp eit kraftfullt verktøy. Vi må hente inspirasjon både nasjonalt og internasjonalt.




STRATEGI

Utvikle berekraftige og inkluderande bu- og arbeidsmarknadsregionar
Vi må sikre trygge arbeidsplassar innan berekraftig næring og industri, som byggjar på?regionane sine fortrinn. Auka attraktivitet og bulyst er avgjerande. Kulturliv og kulturnæringar er viktige både for å skape attraktive og framtidsretta samfunn, og som drivkraft for reiseliv- og servicenæringa. Vi må spesielt prøve ut nye tiltak i distriktspolitikken for å få fleire unge til å busette seg i distrikta. Det krev innsats og innovative tiltak både frå enkeltkommunar, fylket og staten. Eit langsiktig satsing på utflytting av statlege arbeidsplassar må til.

Relevant kompetanse og utdanning, og gode system for livslang læring er avgjerande for å sikre arbeidskraft som tek høgde for skiftande behov i arbeidslivet. Vi må legge til rette for tilgang på fleksible utdanningstilbod i den einskilde bu- og arbeidsmarknadsregion, frå vidaregåande opplæring og fagskule til doktorgrad. Vi må jobbe for å styrke og samle tilbod om karriererettleiing frå skule til arbeidsliv, og legge til rette for å behalde ferdig utdanna i eige fylke.

Det er behov for å etablere felles geografisk regioninndeling, som er hensiktsmessig for brukarar av ulike tenester, på tvers av forvaltningsorgan,. Infrastruktursatsingar i fylket må også bidra til å utvikle større bu- og arbeidsmarknadsregionar. Digital infrastruktur er ein avgjerande faktor.





MÅL OG RESULTAT

MÅL:
Mål: Verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket


MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR:
Her er det mogleg å få på plass indikatorar, for både verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar. 

FORVENTA EFFEKT AV RESULTATA:


RESULTAT:



PLAN OG FRAMDRIFT

ARBEIDSPLAN OG MILEPÆLAR:


PLANLAGDE PRODUKSJONAR OG HENDINGAR:


KOORDINERING, LEIING OG KVALITETSSIKRING:


SPESIELLE OMSYN OG KRITISKE SUKSESSFAKTORAR:


FRAMDRIFT OG LÆRING:



ØKONOMI:

BUDSJETT:


FINANSIERING:


REKNESKAP:


Meldingar:




Aktivitetar:




Rapportar:




Dokumentarkiv:




ORGANISERING I DELPROSESSAR

Satsingsområde 2. Innovative og inkluderande samfunn