Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Sluttrapport Prosjekt Opne Landskap 2006-2008


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 02.12.2008
 

Føremålet med Opne landskap (2005 – 2008) var å kartleggja og samordna dagens virkemiddel mot attgroing, og å utarbeida og koma med framlegg om nye virkemiddel mot attgroing.

Virkemiddel som det her var snakk om var m.a. tilskotsordningar i landbruket, samarbeidsmodellar mellom vegvesen, reiseliv og landbruk, haldningsskapande arbeid og konkrete tiltak mot attgroing.

I Opne landskap har me hatt fylgjande tre hovudinnfallsvinklar med hovudtyngd på dei to første: utsiktsrydding langs veg, ope landskap gjennom aktiv landbruksdrift og opne stiar og ferdselsvegar. Metodeutprøving på landskapspleie, produsentrådgjeving og kunnskapsformidling om skjøtsel av kulturlandskapet gjennom foredrag, nettartiklar, informasjonsmateriale og kurs har vore sentrale oppgåver i prosjektet si satsing.
 
Artiklar, rapportar og rettleiingshefte som er utarbeidd av Opne landskap, samt anna relatert informasjon, ligg på Fylkesmannen si heimeside under landbruk, under Ope landskap/skjøtselstiltak.
 
Nokre tal og fakta frå arbeidet i Opne landskap
  • Opne landskap har starta opp eller medvirka til 96 ulike feltprosjekt i fylket
  • 63 av desse feltprosjekta er utsiktsrydding langs til saman vel 22 000 meter veg, fordelt på 16 kommunar
  • Resten av feltprosjekta er hovudsakleg utviklingsarbeid innan beitebruk
  • Prosjektleiaren har halde ca 50 foredrag både i og utanfor fylket
  • Prosjektleiaren har delteke på ca 100 synfaringar i fylket i samband med feltprosjekta og anna produsentrådgjeving
  • Opne landskap har utvikla metode og malar for utsiktsrydding langs veg, samt funne kostnad for utsiktsrydding langs veg
  • Opne landskap har utarbeidd fleire rettleiingshefte og anna informasjonsmateriale for skjøtselstiltak i kulturlandskapet
  • Interessa og engasjementet kring prosjektet har vore stor, og det er skapt forventningar til det vidare arbeidet i fylket

Produsentar:

Prosjekt Opne landskap

Prosjektleiar:
Liv Astrid Nordheim Kussli
Tlf: 57 72 32 54
Fax: 57 72 32 50
Mob: 48 02 98 36

E-post: liv-astrid.norheim@fmsf.no

Adressa:
Landbruksavdelinga
Postboks 14
6801 Førde

Utgitt dato: 25. april 2008

Forankra til: Opne landskap

Kode og nøkkelord:
opplevsf

Dokument til nedlasting:

Prosjekt Opne Landskap 2006-2008.pdf


Søk etter rapport

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune