Forprosjektet er finansiert av Marint Verdiskapingsfond Sogn og Fjordane med midlar tildelt i 2014.
Arbeidet med prosjektet har ført fram til patentering av to metodar for lakselusbehandling med eit miljøvenleg kjemikalium.
Stoffet som nyttast finst frå før i naturen/sjøen og matvarer i store mengder
Dei to metodane går begge på same kjemikalium, men dette kjemikaliet må doserast svært ulikt i sjøvatn og ferskvatn. Dette har gjort at det er patentert to ulike metodar i ferskvatn og sjøvatn. Den offentlege sluttrapporten vil derfor ikkje gå i detalj om innhaldet i våre to patentsøknader, men berre omtale resultata i prosjektet i generelle vendingar.
Stoffet er testa ut på laks, regnbogeaure og ulike artar rensefisk i ulike konsentrasjonar og ved ulik vasstemperatur.