Bremuseet i samarbeid med Prosjekt Tunsbergdalsbreen arrangerte eit glasiologisk seminar i Fjærland 8. august. Sjå programmet i vedlegget. Prosjektet, som skal gå over fleire år, har fått kr 50.000 i støtte av fylkeskommunen for 2011.
Seminaret vart halde for markere byrjinga på årets feltarbeid, kor det vert snakka om prosjektet, om brear, metodar og resultat og om tidlegare erfaringar. I Tillegg vert det høve til å besøke museet og vera med på ekskursjon i felt. Sjå vedlagt pdf-fil for nærmare informasjon.
Seminaret gikk fint og den britiske gruppa på 9 personer dro godt forberedt til Jostedalen i dag.
Om du vil kan du følge med på hva som skjer på Tunsbergdalsbreen de neste to ukene, her: http://www.tunsbergdalsbreen.no/news_no.php
Kontaktperson og fagansvarleg er Pål Gran Kielland
FYLKESKOMMUNEN SI VURDERING
Fylkesdirektøren meiner at dette i utgangspunktet ikkje eit næringsprosjekt. Det er ingen næringsaktørar som er målgrupper for prosjektet. Prosjektet har ikkje fokus på verdiskaping.
Men, fylkesdirektøren trur at dette prosjektet kan gi ny kunnskap om breane og klima, og at prosjektet vil skapa gode nettverk mellom dei ulike organisasjonane, foredragshaldarane og deltakarane.
Prosjektet vil visa fram naturen kring Jostedalsbreen i fylket på ein framragande måte. Og prosjektet vil gi deltakarane frå dei ulike landa fantastisk verdfulle opplevingar.
Prosjektet legg opp til at deltakarane skal søkja om å få vera med, og dei skal til og med betala. Fylkesdirektøren lurer derfor på om ikkje dette prosjektet faktisk kan vera eit nytt og spanande tilbod til turistane?
Kanskje kan dette opplegget, med ei blanding av forsking, foredrag, ekspedisjonar, internasjonalisering, turar og kurs og ei vekes opphald i telt på breen bli eit nytt og populært turisttilbod?
Fylkesdirektøren meiner at dette prosjektet kan vera i ferd med å utvikla eitt av dei mest spanande opplevingsprodukt ein har sett i fylket på lenge. Dette kan bli ein nasjonal og internasjonal ”innertiar”, og ein kan få meir målingar og datafangst frå breen enn nokon kunne drøyma om, delvis betalt av turistane. Om Norsk Bremuseum og dei andre partnarane vil, og har kapasitet.
Fylkesdirektøren tilrådde derfor at fylkeskommunen ved hovudutval for plan og næring skulle løyva kr 50 000 til prosjekt Tunsbergdalsbreen for 2011, og grunngav tilrådinga med prosjektet sitt potensiale som turistprodukt som kan gagna mange reiselivsaktørar i fylket.
Forankra til:
Infrastrukturprogrammet
Kode og nøkkelord:
|
reiselivsf
|
Dokument til nedlasting:
|
|
|
|
|