Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Program Opplevingsnæringar


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Plan og framdrift

Arbeidsplan og milepælar:

Årshjulet har sett slik ut:

  1. Innlevering av programplan for året etter til oppdragsgivar i fylkeskommunen om hausten.
  2. Innlevering av årsrapport for året før i januar.
  3. Produksjon av nye retningslinjer og nye og betre søknadsskjema i februar.
  4. Utlysing kring 1. mars, med søknadsfrist midt i april. Annonsar i alle avisen i fylket og på fylkeskommunen sine nettsider.
  5. Sekretærane gjekk gjennom søknadana og laga innstilling til styringsgruppa i byrjinga av mai.
  6. Møte i programstyret i slutten av mai, med eit eventuelt oppfølgingsmøte i byrjinga av juni, for endeleg tildeling av tilskot. Av kring 50 søknader var det kring 20 som fekk tilskot.
  7. Utsending av tilsegner og avslag i slutten av juni.
  8. Mottak av eventuelle klager i august, og handsaming av desse i august - oktober.
Planlagde produksjonar og hendingar:
I August 2009 starta planane om ein reiselivskonferanse i 2010. Denne vart gjennomført i Balestrand i februar 2010, og dekka langt meir enn berre program opplevingsnæringar sine behov. Konferansen vart ein suksess, og det vart som følge av denne, ny konferanse i Florø i 2011.
Koordinering, leiing og kvalitetssikring:
Ein har lagt til grunn PLP-prosessen sine definasjonar og metodar som generell "standard" for programarbeidet.

Ein har nytta RUP Norge til å halde oversikt over tiltak som har fått støtte. Desse ligg under "prosjekt" for kvart år. Det er i RUP Norge også knytt meldingar, aktivitetar og rapportar til både program, prosjekt og tiltak.

RUP Noreg er vidare nytta som dokumentarkiv, for både opne og lukka dokument. Lukka dokument er gjort tilgjengelege for styringsgruppa ved tildeling av brukarnamn og passord.

Dei to tilgongstypane er "bidragsytar" - med skrive- og lesetilgong, og "lesetilgong". Dokument og som hovudverkty til prosessstyring av program, delprosessar og tiltak.

I startfasen av programmet var det ein del "prøving og feiling" om korleis programstyret skulle fungera, både i styringsgruppa, og i høve til oppdragsgivar. Programstyret utvikla ein metode som dei kalla "rundt bordet modellen".

Føremålet med denne metoden var todelt. Programstyret skulle på den eine sida fungera som koordinatorar for den samla offentlege innsatsen retta inn mot opplevingsnæringane, og så skulle programstyrat forvalta midlane i programmet mest mogleg effektivt.

Programstyret sin metode gjorde at alle sakshandsamarane og rådgjevarane i verkemiddelapparatet vart brukte og godt utnytta, noko som var eit mål med metoden.
Spesielle omsyn og kritiske suksessfaktorar:
Føringar og rammer frå fylkeskommunen

Ein skulle etablera eit program for å utvikle opplevingsnæringar, som skulle følgje opp framlegg frå tre ulike arbeidsgrupper, definert sm satsingsområde i fylkesplanen 2005 - 2008:
  1. Satsingsområde Havbruk og fiskeri
  2. Satsingsområde Nye næringar og tenester
  3. Satsingsområde Småskala næringar og lokalsamfunn. Bruk og vern.  

Koordineringsbehov på tvers av oppnemnde arbeidsgrupper er dokumentert. Fylkeskommunen føreslår at arbeidet vert organisert i eit program med programstyre. 

Programstyret skal setjast saman av deltakarar frå partnarskapen – inkl. representantar for næringslivet. Fylkeskommunen legg stor vekt på at eit programstyre inneheld næringslivskompetanse. Styret må kunne identifisere på kva område det er størst kommersielt potensiale.


Fylkeskommunen ønskjer at programstyret bidreg til at utviklingsmiljøa i Sogn og Fjordane vert leiande i landet innan desse fagfelta og at internasjonalt samarbeid vert knytt opp mot arbeidet i programmet (Euromontana / Skottland-samarbeidet.

Innspel frå Sogn regionråd:
Vestnorsk fjordlandskap har fått Verdsarvstatus. Vi meiner at Nerøyfjorden bør vere nemnt i ein felles RUP. Utmerkinga kan gje mange ringverknader og bidrar til at tilhøva ligg godt til rette for utvikling av opplevingsnæringane i regionen/fylket. I denne samanheng er også vedlikehald av kulturlandskap ei stor utfordring for kommunene.    

 

Innspel frå HAFS

  1. Vidareutvikling av båtturismen. Trong for forbetring av informasjon, utbygging av gjestehamner, utbetring av farleier, auka service m.m.)
  2. Kulturhistorie som næring. Døme på konkrete utviklingsprosjekt er Jensbua Kystkultursenter, Kvernsteinsparken i Hyllestad, Gulatingstaden, Utvær fyr, Vikinghistoria i Dalsfjorden.
  3. Naturopplevingar som næring. Døme er fiske i sjø og ferskvatn, sjøfuglsafari, havkjakk, havsafari, kople geografi, mat og historie.
  4. Naturvern som næring. Utvikling av næringsaktivitet basert på sjøfuglvern og naturreservat langs kysten.

KRITISKE SUKSESSFAKTORAR:

Generell utviklingskompetanse hjå alle
Det er viktig at alle involverte partar, både i programmet, og i overordna og underordna prosessar i prosesshierakiet, har den kompetanse som skal til for å lukkast. Dette gjeld også dei som får tilskot, og stundom også bedriftene i målgruppa. Alle må vera med på eit felles og samkøyrt opplegg, og ha den kompetansen som skal til for å få til det.

Dette har også mykje med felles metodikk og verkty å gjera, og at programmet dekkar relle behov og interesser i næringa og i organisasjonane.

Det er spesielt viktig at oppdragsgivarane har kompetanse om kva faktorar som må vera på plass nedover i hierarkiet, på kvart nivå, for at prosessane på dei ulike nivåa skal lukkast. Dette er kompetanse dei må ha for å laga gode og realistiske rammer og oppdrag.

Det er til dømes viktig at alle kjenner til kva som meinast med program, prosjekt og tiltak, og korleis desse "prosessane" samspelar i eit logisk system.

Det er også viktig at å forstå "oppdrag og pengar" går nedover i hierarkiet, men at "resultata" vert summert "bottom - up", og at resultata i alle prosessane oppover i hierarkiet, stammar frå nederste nivå, som i dette tilfeller er bedriftene.

Og når det gjeld program opplevingsnæringar, så er det viktig at alle i heile prosesshierarkiet forstår at dei aktuelle opplevingsbedriftene må identifiserast, og vera objekt i driftsøkonomiske analysar over fleire år, utført av personar med spisskompetanse, om programmet skal levera 100% i tråd med oppdraget.

Spisskompetanse
På fleire område er det behov for spisskompetanse for å lukkast med regionale utviklingsprogram. Dette gjeld som nemnt i høgste grad når ein skal utføra og dokumentera vekst og utvikling gjennom innovasjon i bedrifter, men også når ein skal arbeida med innovasjon av infrastruktur og fellestiltak, og dokumnetera effektar av desse innovasjonane på bedriftene.

Metodar og verkty
Regional utvikling i partnarskapsprogram, som skal dekke eit heilt fylke i mange år framover, krev enkle og gode metodar og verkty som alle kan forstå med minimal opplæring. RUP Norge har desse eigenskapane, men RUP Norge er ikkje tilstrekkeleg aleine.

RUP Norge er ikkje eit verkty for å utføra driftsøkonomiske analysar, "bottom - up" hjå bedrifter. Då må ein visa til spesialverkty og spisskompetanse.

Rammevilkår og oppdrag
Rammevilkår og oppdrag er heilt avgjerande. Dei viktigaste faktorane er:

Tidsfaktoren - at alle prosessar på alle nivå får tilstrekkeleg tid til å utvikla sine metodar og prosedyrar for å lukkast.

Mynde og ansvar - at alle styringsgrupper får det heile og fulle ansvar for sine prosessar, utan unødig overstyring.

Pengar - at alle prosessar har tilstrekkeleg med midlar til å nå målsetjingane i oppdrag og eventuelle avtalar.

Prossessleiinga må ha tid - og ikkje ha for mange andre arbeidsoppgåver som konkurrerar om tida.

Oppdraget må vera eintydig og realistisk i høve rammene, med klare ambisjonsnivå. Det er viktig at oppdragsgivar tydleg forstår kva som ligg i eit oppdrag med omsyn på krav til kompetanse, rammer, ressursar verkty og metodar frå starten.

 

 

Framdrift og læring:

GEVINSTREALISERING

Med gevinstrealisering i denne samanheng så meinast det å ta i bruk og utnytta det ein har utvikla i ein utviklingsprosess, som metodar, verkty kompetanse, tiltak, røynsle, etc.. i eigarorganisasjonen.

I program opplevingsnæringar har ein "gevinstar" frå både programnivået og tiltaksnivået.

Når det gjeld gevinstane på tiltaksnivå, altså som ligg hjå dei organisasjonane som har fått tilskot, så har ikkje programstyret samla inn data med føremål å få ei slik oversikt, sjølv om noko kan hentast fram frå sluttrapportane.

Frå programnivået er nok den viktigaste gevinsten at ein innser at programarbeid tek tid, og at programstyra har behov for å utvikla seg med omsyn på metodar, verkty, kompetanse, nettverk, målgrupper, etc.. før dei blir effektiv programstyring.

Men, ein har også sett at brukarane av tilskota, søkjarane og dei bedriftene dei representerar, også har bruk for ei tilvenningstid til nye program, før dei blir dyktige programaktørar. Dette har kome tydeleg fram i søknader og rapportering. Kvaliteten har auka.

Det er ein gevinst er at ein har fått fram at eit program har ulike fasar gjennom ein programsyklus. Desse fasane kan ein kalla:

  1. Etableringsfase (år 1)
  2. Utviklingsfase (år 1 - 5 t.d.)
  3. Produksjonsfase (6-15 t.d.)
  4. Avslutingsfase (år 16-17 t.d.)
1. Etableringsfase
I denne fasen skal ein få på plass få på plass bakgrunn, utfordringar, strategiar, målsetjingar, parameter, forventingar, planar, kritiske suksessfaktorar, metodar, verkty, budsjett, eigarar, avtalar, mannskap og rollar, etc.. Målet er å kome i gang. Ein kan også kalla denne fasen for "oppstart", startfase" eller kanskje "Kick Off"?

2. Utvikling- og tilvenningsfase
I program opplevingsnæringar har det vore stor utvikling  i heile programperioden sidan 2006, spesielt med omsyn på søknadsskjema og rapportskjema. Utviklinga har vore både god og viktig. Denne fasen bør vera så kort som mogleg. Læring av andre, i fylket, nasjonalt og internasjonalt er då viktig. Men, noko fokus på utvikling skal det alltid vera. Gode verkty redusera behovet for utvikling mykje.

Men, ein skal ikkje undervurdera bedriftenem innbyggjarane, søkjarane eller målgruppa sitt behov for tid for å gjera seg kjende med eit nytt regionalt utviklingsprogram. Desse si tilvenning til programmet er også viktig, før programmet kan fungera for fullt.

3. Produksjonsfasen
Etter ein periode med utvikling og tilvenning bør programmet gå over i ein effektiv produksjonsfase. Om ein tek program opplevingsnæringar som døme, så burde ein i denne fasen fått god vekst i desse næringane, og mange nye opplevingsbedrifter.

Når ein i Sogn og Fjordane avsluttar program etter fase 2, så har dei nok hatt eit noko anna utgangspunkt enn det denne fasemodellen legg opp til.

For å halda liv i denne fasen, så er det nok eit absolutt krav til indikatorar som kan dokumentera effekt av verkemidlane. Dersom ein i det offentlege berre har kostnader av program, og aldri ser "inntektene", så manglar ein gode argument for å halda liv i eit program.

Når ein har både kostnader og inntekter knytt til eit program, så kan ein rekne bruksverdi for programmet basert på forventningar eller normtal, og på den måten finne optimal omløpstid for eit program, tilsvarande som for fruktdyrkinga (dømet):



Ingen fruktdyrkar ville funne på å rydda ei nyplanting etter 5 år. Om ein legg totalbildet til grunn for regionale utviklingsprogram, så bør ein kanskje tenke tilsvarande der. I fruktdyrkinga er det heller ikkje slik at ein tek vekk ei planting, før ein har ein betre modell å skifta ut med. Men, som figuren viser, så kan det faktisk skje etter nokre få år, om gamlemodellen er svak nok. Har ein satsa feil - så har ein satsa feil. Elles er politkk ein faktor i regional utvikling, som ein ikkje har i fruktdyrkinga.


4. Avslutningsfasen
Dei siste tilskota vart løyvde i 2010 i programmet. Det tyder at tilskotsmottakarane har frist til slutten av 2012 med å levera inn sluttrapport. Fyrst når alle sluttrapportar er på plass, kan programstyret levera ein fullstendig sluttrapport. Perioden 2011 til 2012 kan ein kalla programmet sin avslutningsfase, som kan tilsvara ryddefasen og brakkåret i fruktdyrkinga.
Sogn og Fjordane

Delprogram

jj

Prosjekt

Tilskot 2006
Tilskot 2007
Tilskot 2008
Tilskot 2009
Tilskot 2010

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Utlysing av midlar program opplevingsnæringar
Tilskot frå program opplevingsnæringar 2008
Stor interesse for program opplevingsnæringar
Utlysing av midlar program opplevingsnæringar
Program opplevingsnæringar presenterte seg
Tilskot frå Program Opplevingsnæringar 2007
Verkemidlar Opplevingsnæringar i SF - katalog
Opplevingsnæringar fekk kr 1,7 mill for 2006

Aktivitetar

Møte 10 i program opplevingsnæringar
Møte 9 program opplevingsnæringar
Møte 8 program opplevingsnæringar
Møte 7 program opplevingsnæringar
Møte 6 program opplevingsnæringar
Møte 5 program opplevingsnæringar
Møte 4 program opplevingsnæringar
Møte 3 program opplevingsnæringar
Møte 2 program opplevingsnæringar
Møte 1 program opplevingsnæringar

Rapportar

Program opplevingsnæringar 2005-2008

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune