Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde VRI4 Sogn og Fjordane


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > VRI4 Sogn og Fjordane
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Plan og framdrift

Arbeidsplan og milepælar:

HOVUDAKTIVITETAR

MÅL

1. Administrasjon

Målet er god økonomistyring, god rapportering til overordna, godt forvalta prosjekt på alle måtar, halde tidsfristar, høg trivsel for mannskap og rollar

2. Målstyring

Målet er å styre prosjektet så effektivt og godt som mogleg i høve tildelte ressursar, mål, føringar og samarbeidspartnerar, og kunne rapportera på måloppnåing og effektiv verkemiddelbruk.

3. Informasjonsarbeid

Målet er å nå alle relevante bedrifter og andre aktørar i fylket med informasjon, gjennom møteverksemd, bedriftsbesøk, nettsider og sosiale media, og at alle relevante/interesserte bedrifter og aktørar  til ei kvar tid skal vera oppdatert, og ha høve til å ringe prosjektarbeidarane i arbeidsgruppa.

4. Kompetansemekling

Målet er å ha kontakt med bedrifter som har behov for FoU, eller ser moglegheiter i FoU, og informera om relevante FoU-program, relevante FoU-miljø og anna FoU-hjelp. Kompetansemeklarane kan hjelpe bedriftene noko, men ikkje så mykje at det vert konkurransevriding med bruk av offentlege midlar i høve andre bedrifter. Kompetansemeklarane skal også informera om starpakke 1 for rekruttering til FoU.

5. Utlysing av verkemiddel

Målet er å få mange bedrifter og nettverk i fylket med FoU-behov til å søkje om støtte til FoU-prosjekt, som vert lyst ut i prosjektet. Målet er å få bedrifter med FoU-potensiale til søkje støtte til å kome i gang med forsking, startpakke 1, rekruttering. Målet er å til god forskarmobilitet og studentmobilitet.

6. Koordinering og samarbeid med andre verkemiddelaktørar i fylket.

Det er eit mål å få til god koordinering og samordning med andre verkemiddelaktørar i fylket, som gir støtte til FoUoI-prosjekt. Her kjem forvaltarane av regionale-, nasjonale- og internasjonale FoU-program også inn.

7. Koordinering og samarbeid med regionale utviklingsprogram og den regionale partnarskapen.

Det er eit mål å få til eit godt og målretta samarbeid med leiarane av dei regionale utviklingsprogramma og den regionale partnarskap. Det er eit mål å få til samarbeid om felles møteplassar for dei bedriftene som er målgrupper for dei ulike programma, som bransjemøteplassar på ein måte.

8. Samarbeid med lokale og regionale vekstselskap

Målet er systematisk samarbeid med lokale, kommunale og interkommunale vekstselskap inkludert næringshagar og Kunnskapsparken SF. Det er eit mål å få hjelp av desse til å skape møteplassar for bedrifter og nettverk frå ulike bransjar, slik at prosjektet kan  informera og kommunisera også med desse.

9. Samarbeid med FoU-institusjonar og UiH-sektoren

Det er eit mål å få til godt FoU-samarbeid mellom høgskulemiljøa og FoU-institusjonane i fylket. Det er eit mål å få til godt samarbeid med høgskulen og Vestlandforsking sitt internasjonale arbeid, knytt til samarbeidsavtalen med fylkeskommunen, og det er eit mål å få til godt samarbeid om mobilitet.

10. Statistikk og analyse

Det er eit mål å få til god statistikk årleg, for både hovudmålet og dei tre delmåla, som grunnlag for god programstyring og optimal verkemiddelbruk.

11. Prosjektleiing (pilot) rekrutteringsprosjektet – konseptutvikling og pilot

Målet er å gjennomføra eit moglegheitstudium for vår idé om rekruttering av bedrifter til FoU, gjennom praktisk utprøving, som ein pilot.


HOVUDAKTIVITETAR

Framdriftsplan og eventuelle milepælar

1. Administrasjon

Kontinuerleg arbeid frå før prosjektstart til etter prosjektslutt.

Milepålar knytt til årsrapportering og sluttrapportering.

Milepålar knytt til statusrapportering til prosjektmedarbeidarane og andre gjennom året.

2. Målstyring

Kontinuerleg arbeid frå før prosjektstart til etter prosjektslutt.

Milepålar knytt til statusrapportering til prosjektmedarbeidarane og andre gjennom året. Avhengig av statistikk (10). Skal involvera arbeidsgruppa.

3. Informasjonsarbeid

Kontinuerleg arbeid frå før prosjektstart til etter prosjektslutt.

Nettsider skal vera på plass innan 1. februar 2017.

Møteplan kvart år skal på plass innan  1. februar 2017, og 1. desember seinare.

4. Kompetansemekling

Kontinuerleg arbeid i prosjektperioden

Det er eit mål å få på plass minst ein kompetansemeklar innan 1. januar 2017.

5. Utlysing av verkemiddel

Kontinuerleg arbeid i prosjektperioden .

Må samordna utlysingane med Forskingsrådet og med fylkeskommunen i høve «regionalforvaltning».

6. Koordinering og samarbeid med andre verkemiddelaktørar.

Kontinuerleg arbeid i prosjektperioden.

Det er eit mål å få oversikt over kven som gir støtte til dei ulike forprosjekta og FoU-prosjekta, og på kva vilkår innan 1. mars 2017.  

7. Koordinering og samarbeid med den regionale partnarskapen.

Kontinuerleg arbeid i prosjektperioden.

Målet er å få til to bedriftsmøte med kvart program kvart år. Møte 1 innan 1. mars og møte 2 innan 1. oktober.

8. Samarbeid med lokale og regionale vekstselskap

Kontinuerleg arbeid i prosjektperioden.

Målet er å få til to bedriftsmøte med kvart vekstselskap kvart år. Møte 1 innan 1. mars og møte 2 innan 1. oktober.

9. Samarbeid med FoU og UiH-sektoren

Kontinuerleg arbeid i prosjektperioden.

Prosjektleiaren for internasjonalt FoU-arbeid inngår i arbeidsgruppa

10. Statistikk og analyse

Kontinuerleg arbeid i prosjektperioden.

Målet er å få oppdatert statistikk ein månad etter kvar utlysing/tildeling av midlar, og for året før innan 1. februar.

11. Prosjektleiing (pilot), rekrutteringsprosjektet

Det må setjast opp ein eigen prosjektplan for dette prosjektet. Målet er at planen skal vera ferdig før 1. januar 2017.

Planlagde produksjonar og hendingar:
Koordinering, leiing og kvalitetssikring:
Spesielle omsyn og kritiske suksessfaktorar:

Kritiske suksessfaktorar for måloppnåing - tal søknader FoU-bedriftsprosjekt

Det finst kritiske suksessfaktorar, som kan gjere det vanskeleg å nå måla om tal FoU-søknader, om ein ikkje finn løysingar. Lista under er dynamisk:
  1. Interessa for FoU hjå bedrifter og nettverk. Om denne ikkje er til stades i tilstrekkeleg omfang, kan det bli vanskeleg. 
  2. Bedriftene er nøgde med situasjonen. Dei har det tilsynelatande bra. Om dei ikkje har ambisjonar, noko å strekke seg etter, vil dei kanskje heller ikkje tenke utvikling og FoU.
  3. Programstyring /målstyring. Om bedrifter og nettverk ikkje ikkje har fått på plass system og funksjonar for arbeide langsiktig, systematisk og målretta, vil det vera meir eller mindre tilfeldig om FoU-prosjektet vil vera til nytte.
  4. Små bedrifter kan ha bruk for FoU, men har sjeldan nok ressursar til å etablera "store og gode" FoU-prosjekt. Forsking er dyrt.
  5. Statsstøtteregelverket må følgjast. Dei ansvarlege for FoU-programma må lyse ut midlar slik at det er lett å treffe statsstøtteregelverket for offentleg støtte til FoU. Dei må alltid opplysa om kva statsstøtteregel som gjeld. Utlysing, skjema og vurderingskriterium må vera 100% innretta mot den aktuelle regel. Dei må vera i stand til å skilje ut søknader og aktivitetar som er utanfor. Spelereglane må vera eintydige og favorisera dei som gjer det rett.
  6. Statsstøtteregelverket må utnyttast. Dei ansvarlege for FoU-programma må tillata alt som er lov. Mange av reglane er laga for å stimulera til FoU-prosjekt i svake næringar og i distrikta, som landbruk, reiseliv, fiskeri etc. Når det vert sett tilsvarande krav til næringar som har unnatak frå regelverket, som til næringar som ikkje har det, kan det fort bli umogleg å etablera FoU-prosjekt i desse næringane.
  7. Facebook. Facebook er ein av våre hovudkanalar for kommunikasjon. Men, det viser seg at mange i målgruppene, eller sentrale personar, ikkje er på Facebook, tek i mot invitasjon, eller sjølve tek initiativ, til å bli "ven" med VRI4 på Facebook. Og då når me ikkje desse. Ei løysing kan her vera å ta i bruk RUP Norge sin funksjon for nyheitsbrev. Då når me alle som har e-postadresse i RUP-Norge.
  8. Definere alle relevante verkemiddel til TRL-skalaen og reglane for statsstøtte. Dette kan lett gjerast som ein tabell. VRI4 vil lage utkast til tabell, som fangar opp alle trinna i innovasjonsmodellen. Naudsynt for å lage gode søknader, handsame søknader, treffe statsstøtteregelelverket, rettferd i konkurransen om midlar, samordning og samarbeid, rådgjeving, etc..
  9. FoU må bli daglegdags i små bedrifter. FoU må bli noko vanleg og folkeleg, som skjer hyppig, også i små bedrifter som driv med utviklingsarbeid. For å få eit godt og levande FoU-miljø blant bedriftene i ei bygd, bør det kanskje vera minst 10 bedrifter i bygda, som har fleire FoU-prosjekt kvart år. 


Kritiske suksessfaktorar for søknader å kunne dokumenter regional relevans og samfunnsnytte

I retningslinjene frå departementa står det at programstyra / fondsstyra skal rapportera på regional måloppnåing og effektiv verkemiddelbruk. Når dei ulike FoU-programma evaluerer FoU-søknader, vurderer dei regional relevans for søknaden. Det må altså stå noko overbevisande om dette i søknadane.

For å gjere det mogleg for søkjarane å skrive noko om søknaden sin moglege nytteverdi for samfunnet, slik at dei som vurderer søknadane skal kunne vurdere søknadane i høve til kvarandre på eit objektivt grunnlag, må regionane og FoU-programma legge til rette for dette. Då finst dei ein metode med ein viktig suksessfaktor, og det er bruk av SMART-mål:

1. Kritisk suksessfaktor: Regionale SMART-mål.

Når regionane har definert sine mål som SMART-mål, er det mogleg for søkjarane å kalkulera prosjekta sine foventa effektar på måla, og konkurrera på like vilkår.

S=Smesifisert
M=Målbart
A=Akseptert
R=Realistisk
T=Tidfesta

Vurdering av søknader ved hjelp av SMART-mål
Ved hjelp av SMART-mål-metoden, kan ein vurdera prosjekt både på førehand (søknader) og i ettertid (relle effektar).

Vurdering på førehand - søknader (trinn D i innovasjonsprosessen)
Utrekning av tiltaket (ide, konsept, innovasjon) sine forventa effektar på mål, forventa effektar av verkemiddelbruken og forventa samfunnsnytte. Denne analysen høyrer heime i trinn D i VRI4-modellen for trinnvis innovasjon. Resultata kan ein bruke til å vurdera framhald, og t.d. bruke i søknader om FoU-prosjekt seinare.

Vurdering i ettertid - driftsanalyse (TRL9 og seinare)
Utrekning av tiltaket (ide, konsept, innovasjon) sine reelle effektar på mål, reelle  effektar av verkemiddelbruken og reell samfunnsnytte. Dette er ei driftsoppgåve, som statistikk og analyseavdelinga i produksjonen har ansvar for, og som leiarane er avhengige av, for å drive programstyring og evt. porteføljestyring.



Enkle døme og utrekningar
Sogn og Fjordane har mål om 500 nye arbeidsplassar årleg. Dette er eit OK SMART-mål etter definisjonen.


VURDERING PÅ FØREHAND

1. Forventa effekt på målet.

Eit prosjekt forventar 5 nye arbeidsplassar i året, om dei lukkast med innovasjonen. Forventa effekt er 1% av målet på 500.

2. Forventa effekt av verkemidlane
Prosjekt A får kr 1 mill i støtte => forventar 5 nye arbeidplassar.
Prosjekt B får kr 2 mill i støtte => forventar 8 nye arbeidsplassar.

Prosjekt A: kr 200.000 pr. arbeidsplass (
best!)
Prosjekt B: kr 250.000 pr. arbeidsplass 

VURDERING I ETTERTID

1. Reell effekt på målet og rapportering på måloppnåing.
Det viser seg at bedrifta etter 10 år hadde 10 ny arbeidsplassar. På fylkesnivå vart det berre 300 nye arbeidsplassar i middel pr. år dei fyrste 10 åra.

a. Måloppnåinga var 60%. (300 = 60% av 500)
b. Bedrifta sitt bidrag (effekt) på måloppnåinga: 3,3% (10 = 3,3% av 300)


2. Reell effekt av verkemidlane etter 10 år
Prosjekt A fekk kr 1 mill i støtte => oppnådde 10 nye arbeidplassar.
Prosjekt B fekk kr 2 mill i støtte => oppnådde 40 nye arbeidsplassar.

Prosjekt A: kr 100.000 pr. arbeidsplass 
Prosjekt B: kr 50.000 pr. arbeidsplass 
(best!)

Viktig å vita om analysane
Om ein ser på analysane i ettertid, så er utfordringan i fyrst å stadfesta effektane på bedriftsnivå. Når dei er sikre, vil det ikkje vera problem knytt til dei regionale effektane ved denne metoden.

Om effektar i bedrifter:
Dersom dei to prosjekta i dømet var knytt til to ulike bedrifter, dette var dei einaste tiltaka, og alle andre faktorar var like, så kan ein seia at resultata skuldast desse to tiltaka.

Dersom det vart gjennomført fleire tiltak i kvar bedrift, så kan ein prøve å vurdera effekten av dei ulike tiltaka i høve kvarandre i prosent, og justera for det. Det er viktig i programstyring.

Om effektar regionalt:
Regionale effektmålingar kan gjere når det finst regionale SMART-mål, som prosjekta er retta inn mot, det finst målbare mål på bedriftsnivå, og det er samanheng mellom måla på bedriftsnivå og regionalt nivå.

Dersom tiltaka gjeld fleire bedrifter, eller det er snakk om store fellestiltak eller infrastrukturtiltak, så kan ein bruke same metode. Men, då blir det straks verre å kalkulera dei kausale effektane i bedriftene. 

Det et kritisk for bruk av SMART-mål-metoden at dei regionale SMART-måla er definerte i dei regionale planane, saman med ansvar, programstyring og porteføljestyring. Det er kritisk at dei regionale SMART-måla er definerte i bestillingane til FoU-programma, og at dei regionale SMART-måla er å finna att i utlysingane om FoU-midlar. Dette gjeld FoU-program på alle nivå. 


2. SPESIELLE OMSYN

Korleis vil kjønn, internasjonalisering, kommunikasjon og berekraft bli teke omsyn til i mobiliseringsprosjektet?

Me vil arbeida for at det er samla kjønnsbalanse for prosjektleiinga, kompetansemeklarane, arbeidsgrupper og styringsgrupper. Status i dag er 3 menn inkludert prosjektansvarleg, og 2 kvinner. Me vil ta omsyn til kjønnsbalanse i utlysingane.

Internasjonalisering.
Samarbeidsavtalen om internasjonalisering av FoU mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandforsking er sentral. Prosjektleiaren, som er forskar og EU-rådgjevar, vil vera med i arbeidsgruppa. Det sikrar også koordinering med dei regionale EU-nettverka. Innovasjon Norge sin EU-rådgjevar for Hordaland og Sogn og Fjordane er også med i arbeidsgruppa. Vi har mål om fleire søknader til internasjonale FoU-program. I EU vert regionale strategiar og geografisk nærleik brukt som verkemiddel for å oppnå måla i forskings- og innovasjonspolitikken.

Kommunikasjon
Heile prosjektet er eit stort informasjons- og kommunikasjonsprosjekt. Arbeidsgruppa er sett saman av personar som har ansvar for å informera om kvar sine FoU-program. Det gjeld denne ordninga, Regionalt forskingsfond Vestlandet sine utlysingar, Forskingsrådet sine program, og EU sine program i Horizon 2020. I tillegg er det kompetansemeklarane si hovudoppgåve å informera og kommunisera med bedriftene om FoU-program og FoU-miljø.

Strategien er å få til bransjeretta møteplassar for informasjon om FoU-programma, saman med dei respektive fylkesplanprogramma i verdiskapingsplanen for fylket (hovudaktivitet 7). Vidare vil me få til møteplassar med bedrifter frå fleire bransjar saman med vekstselskap i fylket (hovudaktivitet 8).

Prosjektet vil i nytte fylkeskommunen sine nettsider og sosiale media for kommunikasjon. I tillegg vil det vera mykje aktuell informasjon på www.rup.no, som skal nyttast som dynamisk styringsverkty i prosjektet.

Berekraft:
I Sogn og Fjordane har me mange typar berekraftutfordringar. Det kan vera berekraft knytt til økonomi kultur, miljø, etc.. I dette prosjektet har me ingen slike berekraftutfordringar. Det einaste kan vera litt utslepp knytt til reising.

I arbeidet med rekruttering og mobilisering er sjølvsagt økonomiske berekraftmål viktig, men også berekraft knytt til miljø og kultur. Seinare, når prosjektet har ført til konkrete FoU-søknader, vil det i FoU-programma også vera krav til berekraft. Det blir omfattande å gå inn på berekraftmåla til dei ulike satsingsområda. Vi tek derfor med berekraftmåla i reiselivsplanen for fylket 2010 til 2015 som døme:
  1. Å redusera den lokale miljøbelastinga frå reiselivsnæringa i fylket 
  2. Å redusera den globale miljøbelastinga frå reiselivsnæringa i fylket
  3. Å styrke den lokale eigenarten ved reiselivet i fylket
  4. Å styrke den lokale verdiskapinga (overrislingseffektar av reiselivet)
  5. Å styrke ressursgrunnlaget for den miljøbaserte reiselivsutviklinga
Politikarane i fylket er svært opptekne av at FoU vert nytta i det grøne skiftet.
Framdrift og læring:
Framdrift og læring i VRI4:

17.06.20: Sende ut dei dei fyrste ferdighandsama tilskotsbreva. Til Osland Settefisk og Huseby Hotelldrift. Me fekk søknadane den 23. mai. Trinna ein søknad skal gjennom er:

  1. Søkjar skriv søknad i Regionaløforvaltning (23.mai)
  2. PL lagar forslag til innstilling i eigen mal
  3. Arbeidsgruppa får forslaget til godkjenning, og kan kome med merknader, som må rettast opp, til alle er samde om innstillinga.
  4. Arbeidsgruppa si innstilling blir sendt til Forskingsrådet, som gjer vedtak om støtte eller avslag.
  5. PL lagar tilskotsbrev i e-sak
  6. Leiar godkjenner tilskotsbrevet
  7. PL sender tilskotsbrevet til søkjar (20. juni)
Dei to fyrste søknadane tok 28 dagar. No er malane på plass, og me vonar at prosedyren går raskare neste gong.

17.06.09: Ny versjon av modellen for trinnvis innovasjon på plass, som skil meir mellom system og teknologi, innleiande aktivitetar og FoU. Heile TRL-skalaen med i kronologisk rekkefølge. Grunnforsking sett som TRL0. Trinn A-D (FoU-startpakken) er ei "BRU", for å få bedrifta fram til FoU.



17.06.09: AMJ adminstratortilgang til VRI Sogn og Fjordane si facebookside. Deling frå RUP Norge fungerar.

17.06.09: Heile planen lagt inn i RUP Norge

17.05.24: 4 kompetansemeklarrollar innstilt

17.05.24: Fyrste møte i arbeidsgruppa. Hjå Innovasjon Norge fylkeshuset. Alle fire til stades. Sjå agenda og referat under aktivitetar. Kom ikkje gjennom heile agendaen.

17.05.23: To søknader til FoU-startpakken.

17.05.03: Fyrste utlysing på plass. Gjeld FoU-startpakken, FoU-prosjekt og forundersøkingar. På nettsida til fylkeskommunen og på Regionalforvaltning.

17.04.21: Frist søknad kompetansemeklarar. Fekk inn søknader frå 3 tilbydarar. Segel, Njøs Næringsutviklin og Kunnskapsparken SF. Eitt tilbod kom inn for seint.


Frå VRI1-3 har me lært fylgjande:
  • Kompetansemekling har vore ein suksess frå siste del av VRI1.
  • Det tek lang tid å utdanne meklarar og gjere ordninga kjend. 
  • Det kan ta lang tid å få mobilisert kritisk masse av små verksemder.
  • Kontakt med bedrifter må ha rett «timing».
  • Positiv røynsle med at meklarar med ulik kompetanse vitjar bedrifter saman. 
  • Nettverksmobilisering må vidareførast og forsterkast for å ta ut verdiskaping og kapitalisere på aktivitetar i mange bedrifter.
  • Forprosjekt har vore ei vellukka første mobilisering til forsking for bedriftene etter føremålet. 
  • Innovasjon Norge har vore gode samarbeidspartnarar for å delfinansiere forprosjekt.
  • Pengemangel til forprosjekt og andre verkemiddel kan fort bli ein flaskehals.
  • Det har teke tid å forankra VRI godt hjå næringslivet. Ein strategi kan vere å jobbe meir målretta mot færre aktørar.
  • Det er viktig å få fram gode døme på bedrifter som har hatt nytte av FoU for å mobilisere fleire til å nytte moglegheiter som ligg i samarbeid med forskarar. 
  • Vi må ta betre høgde for avstand i språket mellom akademia og næringsliv.
  • Det er viktig å følgje opp etter dialogkonferansar for å unngå at prosessar stoppar opp.
  • EU-prosjekt er krevjande å delta i både for bedrifter og forskingsmiljø. FoU-miljø i fylket har erfaring med EU-prosjekt. 
  • VRI har spela ei viktig rolle i studentmobiliseringa til bedriftsoppgåver, der VRI har verka strategisk for studentoppgåver på dei priorterte innsatsområda.
  • Dei fire verkemidla som er nytta i VRI3, dialog, kompetansemekling, bedriftsprosjekt og mobilitet, har fungert etter hensikta. 
  • Eit verkemiddel i VRI vi burde utvikla meir er møta mellom bedrifter og forskarar. Vi bør få betre fram kva VRI er og kva VRI kan bidra med, som til dømes ordet «kompetansemekling».
  • Vi bør tenke på tvers av næringar.
PROSJEKTLEIINGA

Jan Heggheim, prosjektansvar, Fylkesdirektør SF fylkeskommune, NKA

Arne Monrad Johnsen, prosjektleiar, SF fylkeskommune, NKA
Tlf: 41530978

SNARVEG UTLYSINGAR
1. FoU-startpakken
2. FoU-prosjekt og forundersøkingar

VRI4-VERKEMIDLANE
1. Kompetansemekling
2. FoU-startpakke
3. FoU-prosjekt
4. FoU-forundersøkingar
5. Studentmobilitet


KOMPETANSEMEKLARANE

Fornybar energi
Trond Haavik
Segel AS
Tlf: 90898370

Havbruk og sjømatnæringar
Paul Jacob Helgesen
Segel AS
Tlf: 48998383

Landbruk
Stein Harald Hjeltnes
Njøs Næringsutvikling AS
Tlf: 95734576

Reiseliv
Synnøve Elisabeth Aabrekk
2469 Reiselivsutvikling AS
Tlf: 41622807
Kompetansemeklarar


ARBEIDSGRUPPA OG FOU-RÅDGJEVARANE

Dag Lothe
Forskingsrådet regionansvarleg. Tlf: 91380567

Zuzana Nordeng
forskar/EU-rådgjevar, Vestlandsforsking. Tlf: 90229096

Ingvild Håvardstun Kjørrefjord,
Seniorrådgjevar H2020, IN. Tlf +47 45432824

Helge Hustveit, studentmobilitet, Høgskulen på Vestlandet. Tlf: 57676225

Program

a. VRI4 prosjekt
b. RFF Vestlandet
c. Skattefunn
d. Forskingsrådet
e. Horizon 2020 SMB
f. Horizon 2020
g. Interreg ol
h. Nærings PhD

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

EU-nett Sogn og Fjordane
VRI4 kompetansemeklarane på plass
VRI4 - tilskot til FoU-forundersøkingar
VRI4 - tilskot til FoU-prosjekt
VRI4 FoU-startpakke - tilskot

Aktivitetar

EU-nett inviterte til prosjektverkstad på Kaupanger
VRI4/FORREGION - prosjektleiarsamling 26-27. september
Konferanse om marin energi i Florø
FoU-workshop i Florø for aktørar i havbruksnæringa
VRI4 planleggingsmøte for hausten 2017
Kompetansemeklar på seminar med oppdrettsverksemder
Samling for kompetansemeklarar i Oslo
Kick-off for kompetansemeklarane
Møte mellom VRI4 og Forskingsrådet
VRI4 møte i arbeidsgruppa
Informasjonsmøte VRI4 på Høgskulen
VRI4 i programstyret Frukt og Grønt
VRI4 møte Gulen og Masfjorden Næringshage
Kompetansemeklarar kravspesifikasjon
Om kompetansemekling utlysing
VRI4 infomøte Vestlandsforsking
Om utlysing av rollar som kompetansemeklarar
Møte med økonomiavdelinga i fylkeskommunen

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune