Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde RFF Vestlandet relatert arbeid Sogn og Fjordane


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > RFF Vestlandet relatert arbeid Sogn og Fjordane
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Plan og framdrift

Arbeidsplan og milepælar:


Planlagde produksjonar og hendingar:
Koordinering, leiing og kvalitetssikring:
RUP Norge vil bli nytta som styringsverkty for prosessane, og som verkty for koordinering, informasjon, rapportering, etc..

URL: http://rup.no/vision/vision1.aspx?hierarchyid=1478&type=2

Andre viktige metodar og verkty kan/vil vera:
  • Porteføljestyring
  • Programstyring
  • Mål og resultatstyring i staten - les meir her
  • PLP-prosessen
  • Innovasjonsprosessen ved TRL-skalaen (ny 2015)
  • etc.

Ein vil også sjå på nye metodar og verkty som kan dukka opp, og/eller utvikla slike sjølv, om det viser seg naudsynt.

Spesielle omsyn og kritiske suksessfaktorar:
NØKKELFAKTORAR SØKJAR OG BRUKAR
For å oppnå hovudmål 1, som i hovudsak dreier seg om mange og gode søknader frå fylket, og stor nytteverdi for brukarane av resultata, må søkjarane, eller brukarane, vera godt førebudde.

Det luraste er å knyte (forankra) prosjektet til ein eksisterande produksjon. Produksjonen må ha god styring, men likevel slita med måloppnåing. Før ein søkjer må det gjennomførast ein problemanalyse, for å vita kva problem som er mest avgrensande på produksjonen. Ein må vidare ha ein ide (forslag) på løysing, og ideen må vera analysert og definert som eit konsept.

Hovupoenget med FoU-søknaden er fyrst å finna ut om konseptet kan virka (proof of consept). Og om så er tilfelle, utvikla konseptet til bruk for brukeren, via ein prototype (laboratorium) og ein pilot som fungerar under realistiske forhold, og få eigenskapane til det ferdig utvikla konseptet dokumenterte.

Her er nøkkelfaktorane litt meir i detalj:


1. Produksjonen - med mål og resultatstyring - sjølve utgangspunktet

Er brukarane, eller søkjarane, flinke nok til å arbeida langsiktig, målretta og systematisk.
  
Har FoU-prosjektet vakse fram som eit resultat av manglande måloppnåing i ein eksisterande produksjon eller regional satsing? 

Viser søkjarane fram høg kompetanse på mål- og resultatstyring? Har dei definert langsiktig prosessansvar. Finst det årlege ressursar og årlege reknskap og årsrapportar? Har dei SMARTe-mål og GAP-analysar?

SMARTE-resultatmål - frå mål og resultatstyring i staten

  1. Spesifikke: Resultatmåla må vera tydeleg definerte, slik at det er klart kva som skal oppnåast
  2. Målbare: Det må vera mogleg å måla i kva grad verksemda når sine mål
  3. Aksepterte: Resultatmåla må opplevas som rette, relevante og interessante å arbeida etter, og bør fastsettast etter dialog mellom over- og underordna nivå
  4. Realistiske: Ambisjonsnivået må ikkje settast høgre enn at det blir opplevd som mogleg å innfri krava, men samstundes skal det vera noko å strekkja seg etter.
  5. Tidfesta: Det må vera klart når resultatmåla skal vera oppfylte.
  6. Enkle: Resultatmåla må vera enkle å forstå og måla.


    Utan slik forankring i prosessar med mål- og resultatstyring og SMARTE-mål, er det vanskeleg å generera FoU-prosjekt retta mot ekte behov.

    Det blir då også vanskeleg å svare godt på alle spørsmåla i utlysinga. Og kven eig prosessen? Kven skal bruke resultatet av prosjektet, eller fullføra utviklinga etter FoU-prosjektet?

    Under er ein graf for utviklinga av epledyrkinga i Sogn og Fjordane. Så enkelt kan ein presentera resultat av eit arbeid. Merk tydinga av E i SMARTE - enkelt å måle og lett å forstå. Les om Frukt- og grøntprogrammet HER!

2. Problemanalyse - kvar trykker skoen mest?
Er søkjarane flinke nok til å finne fram til dei rette problema, før dei set i gong med eit FoU-prosjekt? Blir det gjennomført flaskehalsanalysar, eller "tønnestavanalysar" i førekant. 

3. Idejakt - å finna forslag til løysingar på problem


4. Moglegheitsanalyse - frå ide til konsept
  • Veit søkjarane nok om sine idèar før dei set i gong med eit forskingsprosjekt? Gjennom ein moglegheitstudie kan ein kome fram til betre idear, og ein skal prøva å finna ut om ideane kan lata seg gjennomføra og om dei kan vera liv laga i eit lengre perspektiv. Ein skal prøva å finna ut om ideane er noko å satsa på, før ein utviklar dei. 

  • Mange av spørsmåla ein må svara på når ein skriv ein søknad om hovudprosjekt, vil ein finne gode svar på i ein moglegheitstudie.

    Horizon 2020
    "I ein moglegheitstudie kan ein for ein idé utforska og vurdera teknisk gjennomførbarheit og det kommersielle potensialet av ein innovasjon som søkjar ynskjer å nytta og kommersialisera. Typiske aktivitetar er  risikovurdering, motiv eller marknadsundersøkingar, partnarskap og eigarskap"

    Kva er ein moglegheitstudie?
    College of Engineering, Sangli
  1. Ein moglegheitstudie er ein analyse for å finna ut levedyktigheiten til en idé gjennom en disiplinert og dokumentert prosess, der ein skal tenke gjennom ideen frå sin logiske start til sin logiske slutt. 
  2. Ein moglegheitstudie blir utført for å vurdere levedyktigheten til et nytt prosjekt. 
  3. Ein moglegheitstudie er det fyrste og det viktigaste ein må gjera i samband med utvikling av prosjekt
Gjennom ein moglegheitsstudie kan ein ta eit forslag på løysing frå IDÈ fram til eit DEFINERT og ANALYSERT KONSEPT, som kanskje tilrådast vidareførast i ein innovasjonsprosess. Etter ein moglegheitstudie har ein fullført trinn 2 på TRL-skalaen (under).


Framdrift og læring:
Prosessleiar
Arne Monrad Johnsen,
seniorrådgivar FoU
Sogn og Fjordane fylkeskommune / Regionalt forskingsfond Vestlandet
Mobil: 41530978
arne.monrad.johnsen@sfj.no

Prosessansvar:
Jan Heggheim,
Fylkesdirektør Næringsavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Program

RFFVsf ENERGI
RFFVsf FOLKEHELSE
RFFVsf INTEGRERING OG INNVANDRING
RFFVsf KLIMA OG MILJØ
RFFVsf MAT BLÅ
RFFVsf MAT GRØN
RFFVsf OFFENTLEG ADMINISTRASJON
RFFVsf REISELIV
RFFVsf SKULE
RFFVsf VESTLANDET 2025

Prosjekt

2011HS: Landbruk og FoU - Hordaland og SF
2011RFFV: Forsking kommunal sektor Vestlandet

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Innovasjon i offentleg sektor
Utlysing av midlar til FoU frå dei regionale forskingsfonda - infohefte for Sogn og Fjordane
Forskingsmeldinga 2013
Søknadsfrist utlysing hovudprosjekt RFFV 15% potten 2. oktober 2013
Søknadsfrist 2.utlysing hovudprosjekt RFFV 16.oktober 2013
Søknadsfrist forprosjekt RFFV 2013
Søknadsfrist RFF Vestlandet i april 2013

Aktivitetar

Styremøte RFFV jun13
Årskonferansen 2013 Svolvær
Læringsarena RFF mar13
Styremøte RFFV feb13
Styremøte RFFV des12
Styremøte RFFV okt12
Årskonferansen 2012 Hamar
Styremøte RFFV mai12
Styremøte RFFV feb12
Styremøte RFFV des11
Styremøte RFFV okt11
Styremøte RFFV jun11
Årskonferansen 2011 Bergen
Styremøte RFFV feb11
Styremøte RFFV nov10
Styremøte RFFV sep10

Rapportar

Årsmelding for Regionalt forskingsfond Vestlandet - Sogn og Fjordane 2011

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune