Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde VestMarin


Forankring: Vestlandet - Langsiktige satsingar > VestMarin
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Plan og framdrift

Arbeidsplan og milepælar:
Næringsutvikling knytt til sjømat, fiskeri, havbruk og bioteknolog er hovudtema for samarbeid. Gruppa skal samarbeide og løfte fram næringspolitiske saker. Det skal og samarbeidast om å få i gang og finansiere prosjekt innan dei prioriterte tema.



1. Næringspolitiske saker

Næringspolitiske saker kan vere:

Saker som kommer på høyring til fylkeskommunane t.d. Stortingsmeldingar, lov- og forskriftsendringar med meir



Saker til Vestlandsrådet.

Arbeide aktivt for å fremje Vestlandet sine innspel til nasjonal- og regional politikkutforming, særleg til ny marin Stortingsmelding i 2012.



2. Utviklingsprosjekt

VestMarin femner om dei fleste marine tema innan rammene for berekraftig marin næringsutvikling. Spissing og prioritering skal skje gjennom årlege handlingsplanar og utlysning av prosjektfinansiering. Utviklingsprosjekta skal primært vere samarbeid mellom to eller fleire fylkeskommunar. Prosjekta vert finansiert gjennom spleiselag.



3. Profilering

VestMarin skal profilere det marine næringslivet på Vestlandet. Profileringa skal vere generisk (ikkje enkeltverksemd), til dømes gjennom bransjeretta arrangement som sjømat-, fiskeri- og akvakulturmesser i inn og utland. Det er vidare aktuelt å profilere fylkeskommunane som virkemiddelaktør og prosjekt som er resultat av samarbeidet. Fylkeskommunane/IN og fylkesvåpen skal inngå i alt materiell. Arbeidsgruppa skal utarbeide informasjonsmateriell (nettside) som gir enkel oversikt om Vestlandssamarbeidet i tillegg til fylka sine verkemiddel og marine arbeidsfelt (t.d. ulike fristar for RUP tildeling, søknad regionale forskingsfond, prosjektinfo etc.).



4. Rammebetingingar og påverknad

Finansiering av marin forsking:

Gruppa skal sikre dialog med dei aktuelle Regionale forskingsfonda for å sikre marin næringsretta innretting, særleg innan tema nye marine oppdrettsartar.



Gje innspel til Forskingsrådet på viktige forskingstema for marin sektor på Vestlandet



Bedriftsfinansiering:

God dialog med innovasjon Noreg om tilskott og lån



Arbeidet om utgreiing om eigenkapitalfond for "nye artar" verksemder skal vidareførast.



5. Areal:

Det kan og vere aktuelt å ta opp tema knytt til arealbehov/lokalisering/sonering som grunnlag for ei berekraftig havbruksnæring. I dette inngår vurdering av havbruksteknologi som har verknad for areal og lokalisering, t.d. anlegg for høg eksponering og lukka anlegg for landbasert produksjon av stor "smolt". Dette må vere i samarbeid og dialog med akvakulturforvaltninga i fylkeskommunane. Arbeidet med å få realisert ei ordning med arealavgift til kommunane kan også vera eit tema. I lys av eventuelle nye soneetableringar og trong for fylkesovergripande kystsoneplanar er det aktuelt å vurdere "Kystsoneplan for Vestlandet" som eit nytt konsept.

Planlagde produksjonar og hendingar:
Koordinering, leiing og kvalitetssikring:
Hordaland fylkeskommune leiar VestMarin i 2012
Spesielle omsyn og kritiske suksessfaktorar:
Framdrift og læring:

Program

Ingen registrerte

Prosjekt

Innovasjon i fiskeflåten

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Midlar til marine prosjekt frå VestMarin 2013
Utlysing forstudie/forprosjekt Fiskerisektoren

Aktivitetar

Utlysing prosjekt innanfor temaet alternative marine råstoff til fiskefôr.
Utlysing forstudie/forprosjekt Fiskerisektoren

Rapportar

Nøkkeltall Vestlandet 2017
Kompetansebehov hjå levareandørindustrien i sjømatnæringane
Produktkartlegging og differensieringsstrategier for ulike langeprodukter
Faglig evaluering av makroalger som marin havbruksart på vestlandet
Rapport - nokre vilkår for innovasjoner i fiskeflåten 2013

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune