1. PROGRAMSTYRING SOM METODE
Dersom ein skal lukkast med den nye reiselivsplanen, så må planen legge opp til ein enkel, attraktiv, god og gjennomprøvd metode for koordinering og styring. Me legg difor til grunn ”programstyring” som metode (program management (Wikipedia)):
Programstyring er prosessen med å administrera fleire prosjekt, med føremål å oppnå målsetjingane i eit program. Typiske programmål er knytt til auka inntening, reduserte kostnader, redusert risiko, osb. Programstyret skal syta for måloppnåing. Gjennom bruk av parameter skal ein kunne vurdera graden av måloppnåing.
Programleiinga skal konsentrera seg om det samla resultatet av fleire prosjekt, kva prosjekt som skal etablerast, fordelinga av ressursar på dei ulike prosjekta, risiko, osb. Ein organisasjon kan etablera fleire program. Utfordringa for organisasjonsleiinga er då å få dei ulike programma til arbeida godt saman mot felles visjonar.
Prosjekt skil seg frå program ved at prosjekta skal levera konkrete aktivitetar, eller tiltak. Tiltaka skal i neste omgang syte for måloppnåing i programmet. Prosjekt er tidsavgrensa. Prosjekt skal levera til tid, etter budsjett og etter spesifikasjonar.
Med konkrete tiltak kan meinast nytt skisenter, ny cruisekai, ny metode, ny organisasjon, ny IT- løysing, osb. Tiltaka vert utgreidde og analyserte i prosjekt. Eit program kan ha mange prosjekt, og kvart prosjekt kan utvikla mange tiltak.
Nøkkelfaktorar for programleiing
Styring
Struktur, prosess og prosedyrar som må til for å kontrollera aktivitetar og endringar i høve programmålet. Styringa må inkludera eit sett med indikatorar, for kontroll av status og utvikling av programmet på dei mest vitale område.
Forankring
Eit program må støtte eit høgare nivå med visjonar og målsetjingar (som t.d. i fylkesplanen). Det vil i praksis seia at ein får eit prosesshierarki, der prosessar er overordna og underordna kvarandre. Ulike aktørar og eigarar av prosessane gjer at ”underordninga” må vera frivillig, eller basert på avtalar.
Måldefiniering
Måla må vera definerte som SMART-mål. Det vil seia at målsetjingane skal vera Spesifiserte, Målbare, Aksepterte, Realistiske og Tidfesta. Å oppnå 2,3 mill gjestedøgn i Sogn og Fjordane innan 2025 er eit døme på eit mål som er definert etter SMART-metoden.
Kvalitetssikring
Etterprøving og godkjenning av programmet, som sikrar etterleving av standardar og innretning med visjonen.
Leiing
Forsikring om at det er regelmessige vurderingar, at prosessen vert styrd på ein ansvarleg måte, at prosjekta har fått på plass prosjektleiing, og at aktørar og leverandørar er på plass.
Integrering
Å passe på at alle komponentane i programmet passar godt saman til ein heilskap, og at dei dreg lasset effektivt saman mot same mål på ein optimal måte. Fokus på verdikjeda, funksjonar, teknikk og metodar.
Økonomi
Å alltid ha oversikt over kostnadene i programmet, både basiskostnader og andre kostnader.
Planlegging
Å utvikla ein programplan tyder å setje saman informasjon om prosjekt, ressursar, tidfristar, styring og kontroll.
Forbetring
Å fortløpande vurdera programstyringa, undersøke nye metodar og verkty, sjå på nye moglegheiter og kontinuerleg tilføre læring og kunnskap til programmet og programstyringa.
2. FOU-FØRING
I FoU-strategien for næringsutvikling i Sogn og Fjordane står det at den nye reiselivsplanen skal legge føringar for FoU satsingar i reiselivsbransjen.
Den viktigaste FoU-føringa i reiselivsplanen er at FoU-aktivitetar, eller forskingsaktivitetar, skal forankrast i dei utviklingsprosessane som vert etablerte som fylgje av planen. Dette gjeld aktørprogramma, infrastrukturprogramma og eventuelle berekraftprogram.
FoU skal skje i prosjekt som er forankra i desse programma, med føremål om å hjelpa programstyra til å nå måla i programma, ved å skaffe til veg ny kunnskap som kan nyttast til etablering av konkrete tiltak. På denne måten vil ein sikra seg at FoU-prosessane har eit praktisk føremål, som dekkar behov i fylket.
FoU skal gi prosessleiarane kunnskap, som gjer dei betre i stand til å nå hovud-målsetjingane og delmåla i reiselivsplanen. Hovudmålsetjingane er:
- Auka verdiskaping i reiselivsnæringa
- Auke i tal gjestedøgn
- Eit berekraftig reiseliv
Dette krev at styringsgruppene i programma er aktive, og tingar oppdrag frå forskarane og ekspertane. Dei strategiske handlingsområda i planen definerar kva tema som er prioriterte:
- Samhandling
- Berekraft
- Produktutvikling
- Verkemiddelbruk og private investeringar
- Infrastruktur
- Marknadskommunikasjon
- Kunnskap og kompetanse.
Av dette har ein at reiselivsplanen i seg sjølv er ein FoU-strategi for utvikling av reiselivet i Sogn og Fjordane. Planen definerar føringar for dei målretta utviklingsprosessane, som er programma, som skal definera oppdrag for forskarane og ekspertane.
Prioritering av mål, delmål og dei sju strategiske handlingsområda er FoU-føring for både programstyra, forskarane, ekspertane og dei som rår over FoU-midlar for reiselivsretta FoU i Sogn og Fjordane.