Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Program Opplevingsnæringar


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Mål og resultat

Mål:
Programstyret samla seg om følgjande målformulering: 
  1. Auka verdiskaping for bedrifter og meir attraktive lokalsamfunn gjennom satsing på opplevingsnæringar
  2. Fleire nye bedrifter som tilbyr opplevingar på kommersiell basis

Desse mål skulle gjelda heile programperioden.

Måldefinering og indikatorar:
Utfordringa for programstyret var i starten av programmet å etablera "varige" indikatorar, med årlege tal for utviklinga, for kvart mål. 

Målet var å få på plass SMART måldefinering. 


S=Spesifikke (konkrete)
M=Målbare (for å kunna avgjera om målet er nådd eller ikkje)
A=Ambisiøse (noko å strekka seg etter = UTVIKLENDE)
R=Realistiske
T=Tidsbestemte

Løysinga måtte bli offisiell statistikk (t.d. SSB, Brønnøysundregistra, Transportøkonomisk Institutt, etc..), eller at ein samla inn data sjølv, eller ein kombinasjon av desse to løysingane.

Fleire firma, som t.d. Bedriftsdatabasen AS (BDB), har utvikla tenester som gjer det lettare for programstyret å skaffe tilveges relevante data.

Frå BDB er det mogleg å skaffe fylgjande data for ulike bransjar kvart år:
  1. Tal bedrifter
  2. Sum omsetning
  3. Sum tilsette
  4. Omsetning pr. bedrift
  5. Omsetning pr. tilsett
Programstyret har prøvd å nytte data frå BDB, og har laga ein rapport for status for alle potensielle opplevingsnæringar for eitt år i programperioden. Rapporten fekk namnet: "På jakt etter opplevingsnæringane".

Denne rapporten viste at "opplevingsnæringar" som begrep ikkje er egna som definsjon for målgruppe i eit program. "Alle" kan vera opplevingsbedrifter, og ein kan ikkje ha "alle" som målgruppe.

Dersom ein skal arbeida systematisk og målretta med ei målgruppe, så må målgruppa vera meir spesifikt definert, og aller helst ved bransjekode, eller på andre praktiske måtar, som t.d. "sportsturisme" (fylkesplanen 2005-2008).

Programstyret har også vurdert opplegg der ein hentar ut data frå dei aktuelle opplevingsbedriftene i fylket, etter "bottom - up" prinsippet, slik som i t.d. frukt- og grøntnæringa. Dette hadde truleg krevd organisering av lokale lokale samarbeidspartnarar, som kunne fungert som "feltrettleiarar" (kompetansemeglarar), som kunne teke jamleg kontakt med dei einskilde bedriftene.

På grunn av altfor kortsiktige rammevilkår, ville ikkje programstyret gå gå vidare med å utvikla metodar, verkty og andre prosedyrar for å samle inn data frå dei bedriftene som fekk hjelp frå programmet. 

Ei anna løysing var eit forslag frå programsekretæren om å få Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane til å ta ansvar for datafangst og analysar, som del av utviklingsavtale med fylkeskommunen.

Denne avtalen hadde sikra program opplevingsnæringar gode data for å drive dynamisk målstyring, samstundes som FoU-miljøet hadde fått data for sitt FoU-arbeid. Avtalen var godt likt i FoU-miljøet. Dette avtaleutkastet vart diverre forkasta av fylkeskommunen.

Det siste forsøket var å be dei som fekk tilskot om å rapportera omsetningstal for dei bedriftene som fekk hjelp i høvesvis søknad og i sluttrapport, fos å sjå ei eventuell utvikling. Dette var heller ingen suksess, sjølv om nokon tilskotsmottakarar har levert inn relativt gode oversikter på dette området.

Etter dette vart det ikkje gjort fleire forsøk frå programmet om å skaffa data frå bedriftene, som kunne dokumentera effektar av tiltak finansierte av program opplevingsnæringar.
Forventa effekt av resultata:
Program opplevingsnæringar er forankra både rett i fleire satsingsområde, og rett i overordna mål i fylkesplanen, som er:

Det overordna målet er å halde oppe folketalet og busetnaden.

Vi ynskjer at folk skal skape seg eit rikt og meiningsfylt liv i Sogn og Fjordane.

God helse, kultur og tilgjenge for alle i trygge og opne miljø er avgjerande verdiar.


Det er derfor å forventa at måloppnåing i program opplevingsnæringar, vil ha direkte effekt på dei overordna måla.

Ansvar for dette er dei som har oppretta program opplevingsnærinar, og ikkje programstyret i program opplevingsnæringar.

Sidan dei overordna prosessane i prosesshierarkiet ikkje har definerte prosessleiarar og styringsgrupper, har det ikkje vore mogleg for programstyret å kome i dialog med dei "ansvarlege" i desse utviklingsprosessane.

Dette hadde vore interessant for å vurdera om programmet har fungert som forventa, og i tilfelle innanfor kva sektor og på kvart område. Programstyret har ikkje sett på dette som si oppgåve å granske så langt.
Resultat:
VURDERING AV MÅLOPPNÅING FOR MÅL 1:

Auka verdiskaping for bedrifter og meir attraktive lokalsamfunn gjennom satsing på opplevingsnæringar

Programstyret har frå 2006-2010 delt ut kr 8,72 mill til 76 tiltak i fylket. Kravet til eigendel har vore minst 50%. Tiltaka ha såleis hatt budsjett på over kr 17 mill kr.

Det som for programmet har vore "tiltak", har ofte vore lokale utviklingsprogram, som har hatt som hovudmål eller delmål å hjelpe aktuelle opplevingsbedrifter til vekst og utvikling. Mange av desse har vore store initiativ, som har engasjert store deler av lokalmiljøet til fantastiske opplegg, og som har ført til både nasjonal og internasjonal merksemd.

Kvart av dei lokale utviklingsprogramma har lista opp dei aktive bedriftene i kvart program i sluttrapportane. Sidan dei siste sluttrapportane kan kome inn så seint som 2013, så er det ikkje laga full oversikt over kor mange bedrifter som har fått hjelp endå. Talet er truleg langt over 1000 bedrifter.

Det har ikkje lukkast å få driftsøkonomiske tal frå bedriftene, som kan dokumentera vekst og utvikling. Men, det er eit krav til sluttrapporteringa frå tiltakseigarane at dei skal vurdera effekten av kvart tiltak/program i høve effekt på opplevingsbedriftene, på lokalsamfunnet og på miljøet.

Sluttrapportane så langt fortel at tilskota frå program opplevingsnæringar hatt gode effektar på vekst og utvikling av opplevingsbedriftene.

Vidare fortel sluttrapportane at dei tiltaka som har fått støtte har hatt mange postive verknader for lokalsamfunna. Ein kan t.d. visa til Fjellsportfestivalen i Sogndal som har fått æra for vekst i søknadstalet til skulane.

I tillegg har dei fleste tiltaka som har fått tilskot, også vore opptekne av å ta vare på miljøet.


VURDERING AV MÅLOPPNÅING FOR MÅL 2:

Fleire nye bedrifter som tilbyr opplevingar på kommersiell basis.

På dette området har programstyret ingen opplysningar, men det er all grunn til å tru at dei tiltaka som har fått tilskot, gjennom sine aktivitetar, har hatt stor positiv effekt på dette målet. Men, at desse effektane kon koma over tid.

Gjennom offentleg statistikk er det vanskeleg å plukke ut slike opplysningar.
Sogn og Fjordane

Delprogram

jj

Prosjekt

Tilskot 2006
Tilskot 2007
Tilskot 2008
Tilskot 2009
Tilskot 2010

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Utlysing av midlar program opplevingsnæringar
Tilskot frå program opplevingsnæringar 2008
Stor interesse for program opplevingsnæringar
Utlysing av midlar program opplevingsnæringar
Program opplevingsnæringar presenterte seg
Tilskot frå Program Opplevingsnæringar 2007
Verkemidlar Opplevingsnæringar i SF - katalog
Opplevingsnæringar fekk kr 1,7 mill for 2006

Aktivitetar

Møte 10 i program opplevingsnæringar
Møte 9 program opplevingsnæringar
Møte 8 program opplevingsnæringar
Møte 7 program opplevingsnæringar
Møte 6 program opplevingsnæringar
Møte 5 program opplevingsnæringar
Møte 4 program opplevingsnæringar
Møte 3 program opplevingsnæringar
Møte 2 program opplevingsnæringar
Møte 1 program opplevingsnæringar

Rapportar

Program opplevingsnæringar 2005-2008

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune