Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Satsingsområde RFF Vestlandet relatert arbeid Sogn og Fjordane


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > RFF Vestlandet relatert arbeid Sogn og Fjordane
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Mål og resultat

Mål:
HOVUDMÅL
  1. Eit mål med arbeidet i satsinga er at det vert sendt inn mange FoU-søknader til RFF Vestlandet frå Sogn og Fjordane, og at søknadane har god kvalitet, oppnår støtte og seinare effekt på dei tilsikta måla for brukarane og søkjarane.

  2. Det er eit mål å arbeida for at Regionalt forskingsfond Vestlandet er optimalt innretta mot alle prioriterte mål og målgrupper i regionale planar i Sogn og Fjordane, slik at prosjekta også vil bidra til tilsikta samfunnsnytte i fylket.

  3. Det er eit mål å arbeida for at Regionalt forskingsfond Vestlandet samstundes er optimalt innretta mot Kunnskapsdepartementet sin overordna mål med ordninga, som mellom anna er at ulike FoU-mål skal nåast i alle fylke.


Figuren illustrerar utfordring for dei regionale forskingsfonda. Den som søkjer må sjølvsagt tru at han vil oppnå sine mål med FoU-prosjektet. Det er bedrifter og organisasjonar (1), og institusjonar (2). I tillegg skal resultata av prosjekta ha positiv effekt på regionalpolitiske mål i fylka (3) og nasjonale FoU-mål (4).
Måldefinering og indikatorar:

1. ULIKE PARAMETER KNYTT TIL SØKNADER OG TILSKOT

Ved å analysera søknadane til RFF Vestlandet, kan ein finna mange parameter som kan relaterast til hovudmålet og dei tre delmåla:

  1. Tal søknader frå kvart fylke i sum
  2. Tal søknader frå kvart fylke, årleg
  3. Tal søknader som har fått støtte frå kvart fylke
  4. Fylkesvis utteljing i prosent
  5. Innovasjonskraft - forslag til parameter og formel
  6. Sum løyvingar totalt til kvart fylke
  7. Årlege løyvingar kvart år i perioden
  8. Løyvingar til fylket av totalet i fonded, kumulativt
  9. Karakterfordelinga på søknader
  10. Prosent søknaden med karakter 5 eller betre.



Grafane over viser at det er levert inn 44 søknader om støtte til hovudprosjekt frå Sogn og Fjordane dei fyrste fem åra. Det svarar til nesten 9 søknader i året.

Etter ein god start i 2010, var det eit botnår i 2011. Sidan har tal søknader gått opp jamnt og trutt. Det er ingen mål definert til tal søknader frå Sogn og Fjordane, men grafane gjer det lett å lage eit slikt mål, som t.d. 10 søknader pr. år.



Grafane over viser at det er 13 prosjektsøknader av 44 frå Sogn og Fjordane, som har fått støtte dei fem fyrste åra. Det svarar til ei utteljing på 30% av søknadane. Det er omtrent som for Hordaland (29%) og Rogaland (33%).

Utteljinga i prosent er ein god parameter på FoU-delmål 1,2 og 3. Di betre brukar, di betre FoU-miljø og di betre samarbeid mellom sektorane, di betre søknader vil ein få, og di betre blir utteljinga.

STØTTEINDEKSEN -  JUSTERT FOR ULIKT FOLKETAL I FYLKA

STØTTEINDEKS = Tal tilsegn pr år /folketalet x 1000000

Støtteindeks SF RFFV 2010-2014: 23,8
Støtteindeks H RFFV 2010-2014:  10,3
Støtteindeks R RFFV 2010-2014:  10,8

Sogn og Fjordane har for 2010 til 2014 ein støtteindeks som er over 2 gonger større enn i Hordaland og Rogaland etter denne metoden.

For å heva indeksen må søkjarane frå eit fylke levere inn fleire søknader av høgre kvalitet, og få fleire tilsegn. Det er kvalitet, og ikkje kvantitet, som er avgjerande.

Støtteindeksen er relativ i høve dei andre fylka i regionen. Når eitt av fylka får fleire tilsegn, så blir det oftast ferre på dei andre. Andre forhold kan også verka inn, som tilskot pr. prosjekt etc..

For Sogn og Fjordane kan støtteindeksen vera eit mål på FoU-styrke, for jamføring med dei to andre fylka. Om ein berre hadde brukt tal tilsegn, så hadde ein ikkje teke omsyn til ulikt folketal. 

Tal søknader og tilsegn i middel pr. år:
Sogn og Fjordane:   8,8 søknader - 2.6 tilsegn
Hordaland: 18,0 søknader - 5.2 tilsegn
Rogland: 15,2 søknader - 5.0 tilsegn

Folketal 1. kvartal 2014
Sogn og Fjordane 109.042
Hordaland 506.491
Rogland: 461.453




Grafane over viser at søkjarar frå Sogn og Fjordane har fått tildelt kr 26 mill i sum støtte dei fem fyrste åra. Toppåra har vore 2010 og 2014.




Grafen viser at Sogn og Fjordane etter 2010 har lege under målet om å få tildelt minst 21% av totalpotten til RFF Vestlandet. 21 % er kalkulert til å vera fylket sin rettmessige del av fondet, basert på tildelingsnøkkelen til Kunnskapsdepartementet (50% etter folketal og resten likt pr. fylke). For å nå målet på 21% måtte søkjarne frå fylket fått tildelt kring 4 mill meir dei 5 fyrste åra, som svarar til 1-2 prosjektsøkander innvilga.


Grafane over viser at Sogn og Fjordane kan konkurrera godt med Hordaland og Rogaland med omsyn på karakter. I Sogn og Fjordane har me ikkje hatt så mange søknader som har fått karakter 6, men me har hatt få søknader med dei dårlegaste karakterane. Når det gjeld summen a5 karakter 5 og 6 i prosent av totalen, så er det likt for alle fylke, med 41-42%


Forventa effekt av resultata:

Resultat:
Ein må koma attende til kva som skal stå her.
Prosessleiar
Arne Monrad Johnsen,
seniorrådgivar FoU
Sogn og Fjordane fylkeskommune / Regionalt forskingsfond Vestlandet
Mobil: 41530978
arne.monrad.johnsen@sfj.no

Prosessansvar:
Jan Heggheim,
Fylkesdirektør Næringsavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Program

RFFVsf ENERGI
RFFVsf FOLKEHELSE
RFFVsf INTEGRERING OG INNVANDRING
RFFVsf KLIMA OG MILJØ
RFFVsf MAT BLÅ
RFFVsf MAT GRØN
RFFVsf OFFENTLEG ADMINISTRASJON
RFFVsf REISELIV
RFFVsf SKULE
RFFVsf VESTLANDET 2025

Prosjekt

2011HS: Landbruk og FoU - Hordaland og SF
2011RFFV: Forsking kommunal sektor Vestlandet

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Innovasjon i offentleg sektor
Utlysing av midlar til FoU frå dei regionale forskingsfonda - infohefte for Sogn og Fjordane
Forskingsmeldinga 2013
Søknadsfrist utlysing hovudprosjekt RFFV 15% potten 2. oktober 2013
Søknadsfrist 2.utlysing hovudprosjekt RFFV 16.oktober 2013
Søknadsfrist forprosjekt RFFV 2013
Søknadsfrist RFF Vestlandet i april 2013

Aktivitetar

Styremøte RFFV jun13
Årskonferansen 2013 Svolvær
Læringsarena RFF mar13
Styremøte RFFV feb13
Styremøte RFFV des12
Styremøte RFFV okt12
Årskonferansen 2012 Hamar
Styremøte RFFV mai12
Styremøte RFFV feb12
Styremøte RFFV des11
Styremøte RFFV okt11
Styremøte RFFV jun11
Årskonferansen 2011 Bergen
Styremøte RFFV feb11
Styremøte RFFV nov10
Styremøte RFFV sep10

Rapportar

Årsmelding for Regionalt forskingsfond Vestlandet - Sogn og Fjordane 2011

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune