Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Program Arbeidsprogram for heilskapleg akvakulturforvalting. AHA!


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > Marin Sogn og Fjordane > Arbeidsprogram for heilskapleg akvakulturforvalting. AHA!
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Mål og resultat

Mål:
Visjon
Gjennom AHA! skal det utviklast ein modell for korleis forvalting og næringsinteresser, gjennom auka samarbeide og med fokus på berekraft, kan bidra til ei meir heilskapleg forvalting av oppdrettslaks, villaks og sjøaure i Sognefjorden.

Overordna mål for AHA!
Gjennom auka samhandling på tvers av forvaltningsorgana i fylket og i tett samarbeid med næringsinteressene, skal ein vidareutvikla potensialet for auka verdiskaping av akvakultur og næringar knyta til fritidsfiske etter villaks og sjøaure.
Måldefinering og indikatorar:
Delmål villaks og sjøaure

Vidareutvikle eit kunnskapsgrunnlag som skal bidra til ei meir heilskapleg forvalting av vill laks og sjøaure.
Dette skal danne grunnlag for ei auka verdiskaping basert på turistfisket.


Delmål akvakultur

Gjennom ei berekraftig vidareutvikling, vil vi legge til rette for auka verdiskaping for akvakulturnæringa i Sogn.


Programstrategiar:

1.         Utfordre ulike departement og andre organisasjonar (t.d. NVE, Miljøvern-departementet, Olje- og energidepartementet
og Fiskeri- og Kystdepartementet) til å bidra til gjennomføring av ulike tiltak i programmet

2.         Påverke sentrale styresmakter t.d. når det gjeld rammetilhøva, der dette kan bidra til AHA! si måloppnåing

3.         Spele inn prosjekt til finansiering gjennom eksisterande ordningar, t.d. Regionalt Forskningsfond Vest (RFFV), Marint Verdiskapingsfond i Sogn og Fjordane, Norges Forskningsråd (NFR) og Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL) sitt miljøfond

4.         Utvikle betre kontakt og samarbeide med nasjonale FoU-miljø (m.a. gjennom VRI ) for å bygge kunnskap i forvalting og
næring

5.         Arbeide for at Sognefjorden vert eit studieområde for FoU-institusjonane

6.         Legge til rette for interkommunalt samarbeid for å få utarbeidd kystsoneplaner som går på tvers av kommunegrenser

7.         Bidra til god kontakt og dialog mellom forvalting, vassdragsregulantar og næringsinteresser

8.         Bidra til å auke kunnskapsgrunnlaget innan villaks og sjøaure, m.a. interaksjonar mellom villfisk, oppdrettsfisk og
vassdragsregulering, på villaks og sjøaure i Sognefjorden

9.         Bidra til utvikling av ny kunnskap og teknologi for bestandsovervaking i elv og for å redusere risiko for rømming,
smittespreiing og negativ påverknad på omgjevnadane frå oppdrettsnæringa

10.       Vidareformidle og ta i bruk eksisterande kunnskap

11.       Gjennomføre konkrete tiltak som kan bidra til å auke verdiskapinga av oppdrett og fritidsfiske av villaks og sjøaure

12.       Arbeide for at ny kunnskap vert teke i bruk ved utarbeiding ein plan for meir optimal og berekraftig lokalisering av
akvakulturanlegg i midtre og ytre delar av Sognefjorden

 


 

Forventa effekt av resultata:
Resultat:

Delprogram

Akvakultur
Villaks og sjøaure

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Lokalisering av akvakultur
MVF Sogn og Fjordane
Statusrapport for Sognefjorden

Meldingar

Ny handbok i smart villaksforvalting
Nesten 400 vassdragskonsesjonar skal reviderast fram mot 2022

Aktivitetar

Ope møte om fritidsfiske etter laks og aure

Rapportar

Sammenstilling av miljø- og algedata og modellering av brakkvannets tykkelse fra utvalgte lokaliteter i ulike fjordområder i Sogn og Fjordane
Sluttrapport - Miljøvenleg kjemikalium mot lakselus
Growth and smolting in anadromous brown trout (Salmo trutta) from Lærdalselva: Responses to hydropower and Gyrodactylus salaris
Masteroppgåve om overvaking av sjøaure i Aurlandsvassdraget
Vandringsåtferd hjå laksesmolt frå Lærdalselvi
Oppsummering av fjordøkologi og vannkraftutbygging - Sognefjorden
Statusrapport for Sognefjorden

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune