Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Tiltak

Kystkulturmessa


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar > Tilskot 2008 > Kystkulturmessa
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
985
Akronym:   
Kystkulturmessa
Tittel:
Kystkulturmessa i Florø
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Program opplevingsnæringar løyvde kr 40.000 til kystkulturmessa i 2008.

Målsetnaden med kystkulturmessa er at folk skal oppleve gleda ved kystkulturen og få inspirasjon og innsyn i dette, seier Wenny Hansen i Sunnfjord 2020.

Frå søknaden har me:

Kystkulturmessa vert arrangert i Florø 5. – 7. september 2008 og inneheld element som: Fagseminar (fredag), kurs, opplevingar, turar (fredag, laurdag, søndag), konsertar (fredag, laurdag), kystmatfestival (fredag, laurdag), aktivitetsdag for barnefamiliar (søndag).

Fylkeskulturavdelinga er initiativtakar til kystkulturmessa, og heng m.a. saman med at vi i tidsperioden 2005-2007 har delteke i eit kystkulturprogram med Fiskeri- og kystdepartementet, der Vågsberget Handelsstad, autolinebåten Haugefisk, Jensbua og Utvær fyr har vore hovudaktørar.
 
Målgruppe for kystkulturmessa og matfestivalen er primært folk frå Sogn og Fjordane, og vi håpar på mange tilreisande.

Fylkeskulturavdelinga er ansvarlege for fagseminaret fredagen, som vi kallar: Kystkultur og verdiskaping – i fortid, notid og framtid (førebels tittel)Målgruppe: kulturinteresserte ”folk flest”, handverkarar/fagfolk, kulturentreprenørar m.v.Seminaret vil og innehalde element av stand/utstillingar av ulikt slag, og målet er at dette til saman vil bli ein viktig møteplass for målgruppene.

Sunnfjord 2020 står ansvarlege for kystmatfestivalen, som vil føregå ute på Torget fredag og laurdag med skuleklassar fredag og publikum generelt laurdag. Samarbeider med handelsforening, kokkelaug m.v. og detaljane blir sette endeleg den 25.4.

Turar med båtar som Svanhild, Atløy, Bakkejekta m.fl. blir planlagde av Jensbua Kystkultursenter og Kystmuseet i samarbeid med mannskap på båtane. På desse turane vil det verte seglekurs, matopplevingar m.v. og turane er planlagde til vassbruksmiljøet i Terdalen (med div aktivitetar på land), til sjøhusmurane i Batalden (med guida tur både på båten og på land) samt evt kortare turar til Stabben fyr m.v.

I tillegg er det under planlegging ein tur med hurtigbåt til utvær fyr i samarbeid med turlag, Solund kommune og Jensbua.
 
Søndagen er via til 4H sin Kystdag som går føre seg på Kystmuseet – med aktivitetar og opplevingar for store og små heile dagen – både ute og inne. Ein årleg suksess.I tillegg vil det ligge båtar i hamna som Haugefisk (freda), og det vert arbeidd med å få demonstrert bygging av grindebygg og småbåtar på Torget.
Strategi:
Status:
Avslutta
Vedtak:
Sektor:
Kulturarven, Turistane, Miljø
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2008
År godkjent: 2008
År oppstarta: 2008
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
opplevsf, reiseliv, tourism

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune