Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Tiltak

Sognefjord Swim Festival 2007


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar > Tilskot 2007 > Sognefjord Swim Festival 2007
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
865
Akronym:   
Sognefjord Swim Festival 2007
Tittel:
Tenk deg at du sym i ein dal som er halvvegs fylt med vatn. Det er til fjelltoppane over deg. Liene fargar vatnet grønt. Du er i Sognefjorden, King of the Fjords.
Heimeside:
www.fjordswim.no

Bakgrunn og utfordringar
:
Sognefjord Swim Festival handlar om å gjera det umulege muleg.

Det heile tok til sommeren 2004. Den 15. august 2004 sumde den britiske advokaten Lewis Gordon Pugh til lands i kystbygda Eivindvik i Sogn. Då hadde han sumt heile den 204 km lange Sognefjorden – på 74 timar og 47 minuttar.

Lewis Gordon Pugh sin prestasjon fekk stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Gjennom symjeprestasjonen blei han støtta og oppmuntra av dei fastbuande langs fjorden. Han utløyste straks eit engasjement for fjordsymjing, ledsaga av ei heilt konkret oppfordring: Bli glad i fjorden, ta fjorden i bruk, sym fjorden på tvers!

Ei veke seinare, den 17. august 2004, kryssa fem tøffe symjarar, tre nordmenn, ein tyskar og ei britisk kvinne, for første gongen den breie Sognefjorden mellom Borlaug og Leikanger.

Etter å ha møtt dei entusiastiske symjarane frå Leikanger, kasta Lewis fram ideen om å skipa til ein årleg symjefestival. Det skulle bli eit fint høve til å samla folket langs fjorden og medverka til å auka folks interesse for symjing og andre fjordaktivitetar.

Ei lokal gruppe frå Midtre Sogn har arbeidd hardt for å setja ideen ut i livet. I 2005 blei den første Sognefjord Swim Festival avvikla i Leikanger og Balestrand, med meir enn 100 deltakarar.

I august 2006 var det på ny klart for Sognefjord Swim Festival, og i 2006 blei innbyggjarar frå Feios, Vik kommune, med i samarbeidet.  Kryssing av Sognefjorden fikk internasjona merksamd som verdas første  verdsmeisterskap i fjordsymjing. Symjarar fra Russland, Finland og England kom til Sogn for å oppleva og symja i verdas vakraste fjord.

I 2007 blei Sogn fjordsymjeklubb stifta for at festivalen kunne vidareførast med endå meir fjordopplevelse og moro.
Strategi:
I løpet av dei siste tre åra har Sognefjord Swim Festival vakse seg stor. Arbeidet med å arrangere festivalen er omfattande, og uttalege dugnadstimar er lagde ned i arbeidet

I 2007 blei Sogn fjordsymjeklubb stifta som eigar og ansvarleg organisasjon for å arrangera Sognefjord Swim Festival. Klubben har medlemar og samarbeidspartnerar frå fleire kommunar i midtre Sogn.

Sognefjord Swim Festival 2007 blir arrangert innanfor tre arenaer:
  • Feios (Vik)
  • Leikanger
  • Balestrand
For å leia festivalarbeidet tilsette Sogn fjordsymjeklubb ein festivalkoordinator i 20 prosent stilling frå mai til september, men før- og etterarbeidet med festivalen varte eit heilt år. Det blei gjennomført på dugnad.

Prosjektleiaren hadde finansieringsansvaret for festivalen, administrativt ansvar v/festivalkontoret, koordinering av dei ulike arenaene og utvikling av felles produkt i samarbeid med lokale næringsbedrifter.

Kvar arena hadde ein arenaansvarleg som koordinerte dei ulike aktivitetsansvarlege som i tur og orden hadde ansvaret med sine medhjelpere for dei ulike arenaaktivitetane.

Status:
Avslutta
Vedtak:
Sektor:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom, Miljø
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2007
År godkjent: 2007
År oppstarta: 2007
År avslutta: 2008
Internasjonal status:
målgrupper, deltaking, anna
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
opplevsf, fjordsvømming, fjordsymjing, fjordaktiviteter, Sogn fjordsymjeklubb, Leikanger, Feios, Vik, Balestrand, kajakk, fjordturisme

Meldingar

Suksess for Sognefjord Swim Festival 2007

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune