Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Tiltak

Arrangement i Sognefjorden


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar > Tilskot 2007 > Arrangement i Sognefjorden
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
864
Akronym:   
Arrangement i Sognefjorden
Tittel:
Arrangement i Sognefjorden
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Visit Sognefjord søkte om kr. 135 000 i tilskot til å styrkja arrangementa sin posisjon som del av den totale opplevingsnæringa. Dei fekk tildelt kr 100.000.

Hovudelementa i prosjektet er å samla informasjon om arrangement og samordna publiseringa av ulike arrangement. Dette inneber mellom anna ein oppgradering av nettportalen www.sognefjord.no 

Prosjektet er  ein lekk i auka satsing mot den norske marknaden.

Arrangement i Sogn
Det vert årleg gjennomført mange store arrangement med stor opplevingsverdi både for turistar og for innbyggjarane i regionen, denne lista er ikkje uttømmande:

o      Kjeringi Open
o      Balejazz
o      Gammalostfestival
o      Nasjonalparkfestival
o      Lærdalsmarknaden
o      Åreleiken
o      Boknatta
o      Jotunheimen rundt
o      Målrock
o      Vikingmarknad
o      Fjellfilm-festival
o      Fanaraaken Duatlom
o      Sognefjord Swim Festival
o      Blåtonar Festival
o      Smak sakte Festival
o      Nynorske Litteraturdagar

Liste over store og små arrangement med linkar vert i dag lagt ut på www.sognefjord.no  Denne lista er likevel ikkje komplett og det må gjerast ein jobb for å kartleggja arrangement gjennom heile året.

Kvar dag heile året er det arrangement i dei fleste bygdene. I tillegg må det gjerast ein jobb i høve til å sikra at informasjon som er tilgjengeleg på www.sognefjord.no vert oppdatert og gjort kjent gjennom aktuelle kommunikasjonskanalar.
 
Arrangement – organisering og verdiskaping
Arrangementa er organiserte på mange ulike måtar. Nokre er eigne selskap, andre er ein aktivitet i eit lag eller organisasjon og nokre er offentlege arrangement. Nokre arrangement er kommersielle, andre er avhengige av offentleg støtte. Felles for alle er at dei er krevjande med mykje frivillig innsats.
 
Arrangementa er i liten grad samordna reint organisatorisk. Arrangementa har eigne rekneskap, men desse omfattar naturlegvis ikkje den omsetninga som skjer innan handel, servering, overnatting og transport. Slik omsetning er likevel den som har størst omfang. På sikt kan det vera interessant å sjå på økonomiske ringverknader av arrangement i regionen.             

Publiseringsløysingar
Her er nokre døme (ikkje uttømmande) på publiseringsløysingar som er vanlege i dag:

o      Sognefjord.no
o      Andre regionale nettportalar
o      Eigne nettsider
o      Kommunale nettsider
o      Annonsar
o      Arrangementsavisar
o      Redaksjonell omtale
o      Program
o      DM
o      Plakatar

I 2006  deltok Visit Sognefjord i Norgeskampanjen i regi av Innovasjon Norge. Sogn Regionråd støtta opp med kr. 50 000 med føremål å marknadsføra arrangement – på nett, fellesannonsar i magasin +  3 spesialannonsar i  Aftenposten. Dette vert vidareført i år. Sett vekk i frå nettportalen www.sognefjord.no  er det i dag liten grad av samordning av informasjon og publisering av arrangement.
 
Liknande prosjekt andre stader?
I nokre regionar er det etablert omfattande samarbeid for å fremja felles presentasjon av arrangement. Føremålet har vore å gjera arrangementa meir synlege slik at både besøkstal og omsetning aukar. Deltakarar har vore destinasjonsselskap, databaseselskapet Tellus, medieverksemder (aviser), samt kommunar og offentlege aktørar. Partane samarbeider då tett med ulike arrangørar. Eit resultat er at fleire nettsider har oppdatert liste over dagens arrangement i regionen på hovudsida.
Strategi:
Status:
Oppstarta
Vedtak:
Sektor:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2007
År godkjent: 2007
År oppstarta: 2007
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
opplevsf

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune