Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Tiltak

Natur- og kulturopplevingar


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar > Tilskot 2007 > Natur- og kulturopplevingar
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
860
Akronym:   
Natur- og kulturopplevingar
Tittel:
Natur- og kulturopplevingar
Heimeside:
http://www.midsogn.no/

Bakgrunn og utfordringar
:
Dette tiltaket fekk kr 150.000 frå program opplevingsnæringar i 2007.

Innleiing
 
Initiativtakarane til utviklingsprosjektet er Anne Randi Farnes og Merethe Relling i samarbeid med Leikanger Næringshage og  ”Opplev Sognefjorden”  Merethe Relling og Anne Randi Farnes er i dag tilsette i Sognefjord Reiseliv , høvesvis 80 % og 20 % stillingar.

Samarbeids – og utviklingsprosjekt i regionen er felles mål for selskapa. Prosjektet vert i dag lagt inn som ein viktig del av aktivitetsprogrammet til Sognefjord Reiseliv BA. På sikt vil prosjektet etablerast som eit eige ansvareleg selskap med eit eige styre.

På tvers av kommunegrensene i midtre Sogn vil me skape glød og interesse for utvikling av ulike nye aktivitetar, og skape entusiasme for vidareutvikling av eksisterande opplevingar og tilbod. Ei spissing på natur – og kulturopplevelsar og aktivitetar som fører til auka verdiskaping i lokalsamfunnet.


Bakgrunn og idé
 
Konseptet gjeld utvikling av natur – og kulturopplevelsar og aktivitetar i bygdene i midtre Sogn. Opplevingane skal ta utgangspunkt i kulturarven og naturlandskapet og byggjer på geoturisme i praksis. Ideen er å framheve dei rike og ekte natur – og kulturopplevingane som finns og leggje til rette for å  skape nye.

Ideen er utvikla i nært samarbeid med initiativgruppa for ”Opplev Sognefjorden ” – og byggjer vidare på fellesutviklinga i denne profilen.
 
Tilsvarande andre stader?

Søkjar kjenner til mange ulike bedrifter som sel enkle og samansette opplevelsar i områder i inn – og utland.f.eks. Travel Oberland som sel natur og kulturopplevelsar i eit område i Bayern. Det spesielle i dette prosjektet er at ein støttar opp om dei som har etablert seg, og oppmuntrar , tek intiativ og koblar samarbeid til nye spennande natur og kulturopplevelsar. 

Søkjar vil lage nye opplevelsar som framhevar bygdene i midtre Sogn. Dei vil lage menyar og opplevelsespakkar der det er mogleg.
Strategi:
Prosjektinnhald
Me har kartlagt aktivitetane som finns i midtre Sogn i dag, og ser på aktuelle satsingsområde. Har vore i kontakt med fleire som har idear og ynskjer å starte opp aktivitetar, desse vil me hjelpe og samarbeide med.
Prosjektet inneheld og dei guida tilboda som finns i dag, med fjellvandring, kulturvandring. Brevandring, kajakkpadling m.m., og det vert arbeida med å vidareutvikle koplinga mellom kulturminne og formidling.
Det skal produserast ein samla opplevingsmeny. Ein meny som kan hjelpe turoperatørar, grupper og individuelt reisande å finne aktivitetstilboda som finns i området. Spesielt vil me leggja vekt på å ha ein meny som også kan nyttast til kurs og konferanse pakkar, eit tilbod som kan tilby ein aktivitet og ta eit oppdrag


Ut i naturen og i kulturen
Nokre av dei konkrete tiltaka som skal inkluderast i prosjektet er Moreld sin aktivitet i Balestrand – guida kajakkturar i Esefjorden og på kajakkpadling i Fjærlandsfjorden. Dei ynskjer å utvida tilbodet til å omfatte kajakktur for eks. langs med kunstbygda Balestrand og lage pakkar og opplevingar på dette.Ynskjer og å utvikle samarbeidet med fjellguidegruppa i Balestrand for utviding av tilboda i Balestrandfjella.
 
Sogn Adventure i Vik har tilbod med  kajakkturar og fjellturar og ynskjer å samarbeide og utvikle konseptet sitt. I Balestrand og Vik er det etablerte kulturvandringar. Balestrand med sine arkitektoniske kunstnarvillaer og kulturmiljø , og Vik med Strandsitjarmiljøet, produksjon av kultursmykke og kyrkjene. 

På Vangsnes vil ein utvikle det historiske musikkspelet – Fridtjov og Ingeborg. Omkring og i samarbeid med dette prosjektet vil ein satse på eit aktivitetsprogram i Fridtjovparken knytta til dette arrangementet. I tillegg satse på utvikling av småspel rundt om i bygdene.


Produktområda det skal satsast på – natur og kulturopplevelsar.
  • Fjellvandring  -   Fjellturar med ulik vanskegrad
  • Kulturvandring -  Kulturopplevelsar med formidling av historie, kultur og kunstnarliv før og no.
  • Hage /Gards /Parkvandring -  med innlagt smaksopplevingar
  • Fjord / Fjellrundreise med buss – sightseeing / ekskursjonsutflukt
  • Fjord & Fisketurar  - fisketurar i småbåtar ,småutflukter.
  • Fjordcruise – fjordekskursjon og tilbod med meir fart  ( fjordrafting )
  • ”Driverguide ” – ekskursjonstur i småbil , gruppe på 2-4 pers.
  • Skreddersydd opplegg  - kunden har  eit eige ynskje vi skal sy saman.

 
Utviklingsområde – aktivitetar åleine eller i komb.med vandre / fjordturar.

  • Fjordmat – smaksopplevingar frå fjorden   
  • Kunstopplevingar      
  • Fiske - fangstopplevingar                 
  • Vikingmat        
  • Fjordsafari, sjøaktivitetar                                   
  • Historiske musikkspel, f.eks. Fridtjov og Ingeborg
  • Fugleliv, botanisk                                                
  • Hytte og stølsopplevingar
  • Eple og citersmaking                                   
  • Fjordaktivitetar 
                     
7. Kompetanseutvikling - opplæring

Setje fokus på opplæring og kompetanse. Samarbeide med høgskulen i Sogndal. Opplæring av ressurspersonar for natur – og kulturguiding i samarbeid med Voss og Fjordane Guideservice.

Kompetanseutvikling gjennom samarbeid ved Norsk Hotellhøgskule – nasjonal guide og reiseleiarutdanning , kulturhistorie m.m.

Viss mogleg etablere natur og - kulturverkstad i samarbeid med sterkt faglege natur og kulturressurspersonar.


Målretta marknadsføring
Aktiv marknadsføring gjennom Sognefjord Reiseliv, Visit Sognefjord og Fjord Norge sine marknadskanalar , salspublikasjonar og salsreiser.

Marknadsførast på Visit Sognefjord sin internettportal www.sognefjord.no og regionen sine eigne heimesider.
Målgrupper er gruppereiser, turoperatørar, individuelle, kurs og konferanse, temareiser.

Framover er det viktig å få marknadsført aktivitetane og tiltaka som finns i regionen, slik at det kan hentast ekstra gjestedøgn. Dette vil og gi overrisslingseffekt til andre næringsbedrifter i bygdene.

Ved utvikling av konseptet og målretta marknadsføring , vil det gi gode utsikter for å dra med seg andre aktivitetar og koplinga mot dei ulike arrangementa som finns i området.  På denne måten gi eit felles løft for aktivitetar, sport , reiseliv og kulturen i dette unike området. Det skal produserast ein eigen folder / publikasjonsverktøy for det komplette aktivitetstilbod.


Erfaring med aktivitetar i naturen og kulturen
Det har vore arbeida mykje med å få auke aktivitetane i dette området. I fleire år har administrasjonen i SRBA engasjert seg og prøvt å skape glød og interesse for slike tiltak i nærmiljøet. Har god erfaring med dei enkle tiltaka som har vore prøvt ut. Vil no gjere eit løft og ei spissing og få fram gode idear og tiltaksutvikling i regionen.
Status:
Oppstarta
Vedtak:
Sektor:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2007
År godkjent: 2007
År oppstarta: 2007
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
opplevsf

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune