Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Tiltak

Breim Bygdekontor


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar > Tilskot 2007 > Breim Bygdekontor
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
859
Akronym:   
Breim Bygdekontor
Tittel:
Breim Bygdekontor
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Prosjektet søkte om kr 250.000 og fekk tildelt kr 150.000.

Formelt starta bygdeutviklingsprogrammet i Breim i januar 2006 med ei ”Breimstorming” som resulterte i 7 arbeidsgrupper.

Av dei er det særleg 3 som arbeider med fellesorganisering innan opplevingsnæringar: Ei bygdekontorgruppe som har arbeidd med organisering og økonomisk grunnlag for eit bygdekontor, ei tur-og informasjonsgruppe (kunnskap om natur og kultur i sbd med turane), og ei nettportalgruppe som m.a. har inngått avtale med fylkesarkivet om å kunne bruke geoatlas/fylkesatlas som del av bygdeportalen, og samarbeid om skriving av artiklar for nettet.

Av dei (pr feb. 2007) 29 medlemmane i reiselivsgruppa i Gloppen næringsorganisasjon er 16 i Breim, 8 rundt Gloppefjorden, 3 i Hyen og 1 i Jølster og 1 i Stryn.
 
Turistinformasjonen på Byrkjelo er den einaste i kommunen. Vi ser det også difor som naturleg med ei turistsatsing i vårt område, men der vi aktivt brukar og marknadsfører opplevingsaktivitetar også utanom bygda som naturleg del av vårt tilbod.…… Det er for så vidt ingen grenser for kva ein kan få til – dersom ein klarar å få ein ”base” for desse reiselivs-”clustera” i regionen Jølster-Breim-Gloppen-Vikane med tanke på småskala reiseliv, utmarksbasert reiseliv og geoturisme der den enkelte reiselivsbedrifta i ”klynga” kan få selt sine aktivitetspakkar til gjester.

Det er såleis marknadsgrunnlag for eit heilårs servicekontor i Breim der ein gjennom å dra nytte av eksisterande samarbeidsnettverk både innan frivillige lag og organisasjonar og næringsliv kan skape eit sjølvberande grunnlag for arbeidsplassar med hovudfokus på vidareutvikling av opplevingsnæringane.

I dag manglar eit heilårsarbeidande mellomledd mellom destinasjonsselskapet og den enkelte aktøren.

Turistinformasjonen på Byrkjelo er open 2 mnd om sommaren. Vanlegvis bemanna av ungdom som har dette som sommarjobb. Oftast nye personar kvart år. Det blir difor ikkje kontinuitet. Vi treng nokon som i tillegg til informasjon kan bidra med kontinuitet og sal/marknadsføring/produktutvikling på heilårsbasis.

Problemet er økonomisk grunnlag for denne eller desse personane.  Vi meiner dette er nøkkelfunksjonar for vidareutvikling av reiseliv som er spesielt viktig som arbeidsplassar for ungdom/kvinner som er mangelvare i bygda. Og ein type arbeidsplassar som kan komplettere og utfylle/erstatte dei tradisjonelle arbeidsplassane innan landbruk som no er truga.

Bygdekontorgruppa har innleia samarbeid med ein person, som har gått etablerarkurs, og ynskjer å skape eigen arbeidsplass, og har relevant og allsidig bakgrunn.

Bygdeutviklingsgruppa har utarbeidd diskusjonsnotat (vedlegg 1-2) som har vore brukt som utgangspunkt for div. møte med Gloppen kommune, reisemål Stryn & Nordfjord, hovudstyret i Breim Bygdeutviklingslag (BB), personar som er interessert i desse oppgåvene med tanke på eigen arbeidsplass m.fl.

Bygdeutviklingsgruppa har vidare hatt ut spørjeskjema til dei om lag 140 ulike bedrifter, lag og organisasjonar vi har i Breim for å kartlegge kva tenester dei treng.

Reisemål Stryn & Nordfjord har vist stor interesse og vil utvide opningstida og betale for 3 månader. Det kan og vere aktuelt for destinasjonsselskapet å kjøpe tenester elles i året og.

Inntektene til bygdekontormedarbeidaren er elles avhengig av eige salsarbeid/evna til å skape eigen arbeidsplass. Men i og med at bygdekontoret og turistinformasjonen er i same lokalet, vil bygdemedarbeidaren heile året ha tilgang til destinasjonsselskapet sitt materiell og informasjonsnett. Vi ser dette formelle samarbeidet med destinasjonsselskapet som avgjerande viktig.

I tillegg har både BB og enkeltbedrifter godt samarbeid med fylkesprosjektet om utmarksbasert reiseliv, samt er med i bransjeorganisasjonar og nettverk. Vi meiner difor vi no har alle sjansar til å få på plass eit bygdekontor både for trivsel og næring der ein person (og vonleg fleire) etter ein 2-årig prosjektperiode kan skaffe seg eit berekraftig næringsgrunnlag med hovudvekt på sal, marknadsføring og vidareutviklinga av opplevingsnæringar i Breim og omegn (omegn i vid tyding – mellom Bergen og Ålesund).Vi reknar med at erfaringane vi gjer i løpet av denne 2-årige prosjektperioden vil vere nyttige for andre bygder og fylket som heilskap når det gjeld utvikling av Opplevingsfylket.
 
Liknade prosjekt?
Mange bygder har snakka om det som del av bygdeutvikling, men så vidt vi veit ikkje fått det til som varande prosjekt.  For mange turistar er deltaking i  daglegdagse arbeidsaktivitetar og bygdafestar noko spesielt. 

Ein kan ikkje forvente at eit regionalt destinasjonsselskap har den kunnskap om bygdssamfunna, kvardagsliv og oppleveingspotensiale, som personar som lever i området heile året og har bakgrunn og tilhøyrigheit der. God lokalkunnskap og tilhøyrigheit avgjerande.
Strategi:

Ein strategi er er å sjå og analysere kva som kan knyttast i hop i temapakkar.

Ein strategi er å få til samarbeid mellom overnattings- og aktivitetsbedrifter.

Ein strategi er produktutvikling, og hente inn hjelp med spesialkompetanse til kurs.

Ein strategi er samarbeid med lag og organisasjonar om marknadsføring av deira arrangement (slåttefest, Eggenipa opp, haustmarknad osv) slik at alle kan delta.

Ein strategi er å vidareutvikle aktivitetskalenderen.

Status:
Oppstarta
Vedtak:
Sektor:
Næringslivet, Turistane
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2007
År godkjent: 2007
År oppstarta: 2007
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
opplevsf

Meldingar

Omtale av Breim Bygdekontor i Firda Tidend

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune