Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Tiltak

Arven frå Vikingtida


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar > Tilskot 2007 > Arven frå Vikingtida
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
858
Akronym:   
Arven frå Vikingtida
Tittel:
Arven frå Vikingtida – ei moderne vikingferd langs Fjordkysten
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Prosjektet søkte om kr 320.000, og fekk tildelt kr 200.00.

Utvikling av formidlingskonsept for historiske kulturminne i temaløype langs FjordKysten og tilgrensande område, og felles marknadsføring av reiseruta.

Bakgrunn
Kysten av Sogn og Fjordane har ikkje mange store fysiske attraksjonar i form av stavkyrkjer eller andre fysiske byggverk. Men her er mange kulturminner med ei spanande og stor historie, og spesielt mange som kan knyttast til Vikingtida:
  • Gulatinget
  • Kvernsteinshistoria i Hyllestad
  • Ingolf Arnarson – historia i Rivedal,
  • Utvær - kor vikingane etter segna slipte sverda sine før dei fòr i vesterled,
  • Legenda kring krossen i Korssund,
  • Bakkejekta – båtbyggjarkunst frå vikingtida,
  • Osen Gard i Gaular,
  • Sagaøya Kinn og legenda om St. Sunniva på Selja.

Desse historiske stadane utgjer opplevingsmessige ressursar som i liten grad har blitt utnytta. Historia er det bærande elementet, og ved å utvikle eit godt formidlingskonsept, som både omfattar tradisjonell omvising, men også opplevingar og aktiv deltaking for gjestane, så kan ein omsette historia til opplevingar som ein kan ta seg betalt for.

Døme på korleis dette kan gjerast er utviklinga av formidlingskonspetet i Kvernsteinsparken i Hyllestad, med Steinhoggarleir som ein aktiv deltakande formidling av historia.

Ei utfordring er òg å sikre ei grunnfinansiering som gjer til at ein kan garantere kontinuitet i tilbodet i oppstartsfasen, då det normalt tek noko tid før ein kan forvente nok besøk til å sikre ei drift i balanse.SkildringDei historiske stadane i temaløypa får økonomisk hjelp til å utvikle eit konkret formidlingskonsept, og til å iverksette dette og prøve det ut i ein periode på tre år.

Opplevingane vert marknadsført saman som ei felles historisk temaløype, gjennom felles informasjons- og marknadstiltak.  

Partnerar
·      Vestkysten Reiseliv AS
·      Reisemål Stryn & Nordfjord
·      Prosjektet ”Vikingfjorden” i Bygstad
·      Reisemål Sunnfjord
·      Gulen kommune
·      Solund kommune
·      Hyllestad kommune
·      Fjaler kommune
·      Askvoll kommune
·      Gaular kommune
·      HAFS Regionråd     
·      Prosjektleiar for Gulatingsstaden, Anne-Karin Misje
·      Aafjordstein v/ Torbjørn Løland
·      Lengst Vest, v/ Torald Storøy
·      Rivedal Grendalag, v/ Synnøve Rivedal og Oddveig Lyngstad
·      Korssund Gjestehamn v/ Kjell Skår
·      Osen Gard, v/ Unn Karin Kleppe
·      Kinn, v/ Gry Seim
·      Selje Kloster, v/ Jan Hammersvik
·      Partslaget Bakkejekta v/Marit Steinsund
 
Liknande prosjekt andre stader?
Vi kjenner ikkje til at det er gjort eit tilsvarande prosjekt andre stader. Det nye her er at vi satser på å utvikle ei rekkje formidlingskonsept som i større grad enn vanleg aktiviserer dei besøkande, samt at vi skaper eit nettverk mellom mange aktørar som sikrar at det totale produktet vert diffrensiert og totalt sett meir attraktivt.

Vi vil peike på at det har vore gjennomført grundig forprosjekt her, der alle opplevingsaktørane har vore aktivt og engasjert med. Vi har òg i løpet av desse forprosjekta hatt visningsturar for både presse og turoperatørar, som allereie har ført til ny trafikk til regionen. Vi ser likevel heilt tydeleg at vi treng å gjere eit skikkeleg løft for dei ulike attraksjonane både når det gjeld opplevingsinnhald, informasjon, tilgjenge, logistikk og sal/marknadsføring.

Gjennom dette prosjektet så vil svært mange attraksjonar med sine opplevingsbedrifter få eit samla stort løft, noko som vil gagne heile regionen i svært stor grad. Dette er eit prosjekt som har utvikla seg gjennom mange års arbeid med formidling og tilrettelegging av kulturhistoriske opplevingar, og dei ulike deltakarane er plukka ut etter ein grundig gjennomgang av historisk tyngde, lokalt engasjement OG interesse frå turoperatørar som ønskjer å selje denne typen opplevingsturar.
 
Dette er ei gjennomtenkt og prioritert satsing på FjordKysten!
Strategi:
Status:
Oppstarta
Vedtak:
Sektor:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2007
År godkjent: 2007
År oppstarta: 2007
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
opplevsf

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune