Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Tiltak

FRAM kultur


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar > Tilskot 2006 > FRAM kultur
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
695
Akronym:   
FRAM kultur
Tittel:
Utviklingsprogram for kulturbaserte verksemder
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
 
Bakgrunn:
  • Kulturbasert verksemd er eit vekstområde, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Mange norske aktørar har potensiale til å bli store nasjonalt og internasjonalt
  • Samspelet mellom kultur og næringsliv blir tettare
  • Konkurransen er stor mellom dei utøvande og vil truleg bli endå større
  • Mange utøvarar innan målgruppa har liten kompetanse innan bedriftsutvikling og styrer si verksemd etter hjartet meir enn hjernen. Ofte konflikt mellom økonomi og fridom til å utøve faget?
  • Det er ikkje berre den utøvande sine kunstnariske eigenskapar som vil være avgjerande for om ein lykkast, men også det å utvikle eigne målsettingar og korleis ein skal nå desse?

Målgruppe: 

  • Utøvande kunstnarar/kreative verksemder/kulturbaserte verksemder som har utviklingspotensiale
  • Leverandørar til kunstnarar/kreative verksemder som desse kan være avhengig av for å kunne nå sine mål
  • Verksemdene bør ha  ambisjonar om å gjere kulturen til sitt levebrød og bli anerkjent lokalt, regionalt og om muleg nasjonalt

Målsetting med programmet:

  • Tilføre målgruppa forståing for å tenkje ”bedrift” om si eiga verksemd og gjennom programmet tilføre tilstrekkeleg kompetanse til at deltakarane vil  nå sine mål og skape ei tilfredsstillande inntekt for si verksemd.
  • Deltakarane skal utarbeide ein plan for verksemda som skal omfatte målsettingar, vegen for å komme dit og kva som er mest kritisk for å nå sine mål. Dei skal lære seg å arbeide bevisst etter handlingsplanar. Årleg vekstauke på 25%.
Kriterier for utvelging av deltakarar:  
  • Ambisjonsnivået
  • Utviklingspotensialet - forbetringspotensialet
  • Skilje seg frå mengda (merkevare/profil?)
  • Økonomisk handlefridom – ha økonomi til å kunne overleve i 6 mndr.
  • Motivasjon for strukturert utvikling og vekst
  • Gode referansar

 

Strategi:
Gjennomføring: 
  • 10 - 12 deltakarar
  • Det bør være ei spreiing på type kulturverksemd som utøvast
  • Inntil 14 kartleggingssamtalar – avdekke sterke og svake sider, kompetansebehov, ambisjonar, motivasjon for deltaking. 8 timer til kvar kartleggingssamtale.
  • 6 samlingar, 2 første på to dager og 4 siste på 1 dag. Tema som har stor relevans for bevisstgjering og måloppnåing. Prosjektleiar og samlingsleiar på kvar samling. Typisk 3 månaders mellomrom.
  • Mellom samlingane - arbeide med konkrete oppgåver som vert teke opp på samlingene og som har betydning for bevisstgjering og måloppnåing
  • 50 timer rådgjeving inklusiv kartleggingssamtale. Rådgjevar med kompetanse innan bedriftsutvikling og ikkje minst innan prosess. I tillegg bør/skal denne ha ein viss kjennskap og interesse innan kulturverksemd
  • Det er utvikla ein verktøykasse som skal være eit effektivt hjelpemiddel for deltakarane. Denne fins både i papirutgåve og elektronisk
  • Støttespelar frå kulturlivet med kompetanse på kunstnarar sin eigenart
Status:
Oppstarta
Vedtak:
Sektor:
Kulturarven, Næringslivet, Ungdom
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2006
År godkjent: 2006
År oppstarta: 2006
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Det er inngått samarbeid med Svein Dybdahl i Stavanger som har vore med å utvikla dette programmet til å bli eit landsdekkande program.  Basis er FRAM-programmet som er Innovasjon Norge sitt bedriftsutviklingsprogram.  Derav også namnet FRAM Kultur.
Kode og nøkkelord:
opplevsf

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Statusrapport FRAM Kultur

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune