Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Tiltak

Sognefjord Swim Festival 2006


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar > Tilskot 2006 > Sognefjord Swim Festival 2006
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
694
Akronym:   
Sognefjord Swim Festival 2006
Tittel:
Sognefjord Swim Festival 2006
Heimeside:
www.fjordswim.no

Bakgrunn og utfordringar
:

Tenk deg at du sym i ein dal som er halvvegs fylt med vatn. Det er til fjelltoppane over deg. Liene fargar vatnet grønt. Du er i Sognefjorden – King of the Fjords.

Bli med på verdas flottaste fjordsymjefestival! Kom aleine eller ta med familie eller vener på ei annleis oppleving. Delta som publikum – eller bli våt sjølv, i Sognefjord Swim Festival.

I 2006 yter "Program opplevingsnæringar" eit tilskot på kr 60.000 til Sognefjord Swim Festival. Støtta har medført at Sognefjord Swim Festival i 2006 ble ei regional, nasjonal og internasjonal oppleving.

Sognefjord Swim Festival handlar om å gjera det umulege muleg.

Det heile tok til sommeren 2004. Den 15. august 2004 sumde den britiske advokaten Lewis Gordon Pugh til land i kystbygda Eivindvik i Sogn. Då hadde han sumt heile den 204 km lange Sognefjorden – på 74 timar og 47 minuttar.

Lewis Gordon Pugh sin prestasjon fekk stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Gjennom symjeprestasjonen blei han støtta og oppmuntra av dei fastbuende langs fjorden. Han utløyste straks eit engasjement for fjordsymjing, ledsaga av ei heilt konkret oppfordring: Bli glad i fjorden, ta fjorden i bruk, sym fjorden på tvers!


Ei veke seinare, den 17. august 2004, kryssa fem tøffe symjarar, tre nordmenn, ein tyskar og ei britisk kvinne, for første gongen den breie Sognefjorden mellom Borlaug og Leikanger.

Etter å ha møtt dei entusiastiske symjarane frå Leikanger, kasta Lewis fram ideen om å skipa til ein årleg symjefestival. Det skulle bli eit fint høve til å samla folket langs fjorden og medverka til å auka folks interesse for symjing og andre fjordaktivitetar.


Ei lokal gruppe frå Midtre Sogn har arbeidd hardt for å setja ideen ut i livet. I 2005 blei den første Sognefjord Swim Festival avvikla i Leikanger og Balestrand, med meir enn 100 deltakarar.

I august 2006 var det på ny klart for Sognefjord Swim Festival, og i 2006 ble innbyggjarar frå Feios, Vik kommune, med i samarbeidet.

I 2007 vil festival videreførast med enda meir fjordopplevelse og moro.



 

Strategi:

For å arrangere ein festival må kompetente folk samlast med tru på og lyst til å samarbeida mot felles mål.

Samarbeida er knytt til følgjande fellesmål:

 

  • Festivalen skal fremja idrett og reiseliv i regionen.
  • Festivalen skal trekka publisitet til regionen, og fremja Sognefjorden som merkevare.
  • Festivalen skal ha fokus på symjing, tryggleik i vatn og moro.
  • Festivalen skal auka samarbeidet på tvers av kommunegrenser, og visa at fjorden ikke skil, men er til felles glede.
Sognefjord Swim Festival arrangeres innen tre arenaer

 

  • Feios i Vik
  • Leikanger
  • Balestrand

Når samarbeid involverer bygdefolk frå tre kommunar, som til dagleg har ein brei fjord mellom seg, må folk med kompetanse settast tiil å leia arbeidet. Ikkje må dei ha berre gode planleggingsevner, men også kompetanse på koordinering, samt fagleg dugleik. Det er svært viktig at målsetting, oppgavedefinisjon, arbeidsfordeling, oppfølgjing og kommunikasjon er tydelig uttrykt på alle nivå. Dersom dette ikkje er på plass, då stogger arbeidet.

I 2007 har Sognefjord Swim Festival blitt formalisert under Sogn fjordsymjeklubb som skal koordinere arbeidet med festival vidare.

I år skal festivalen byggjer på de eksisterende målene til festivalen. I tillegg skal fjordkultur og fjordmat også være i fokus under Sognefjord Swim Festival.



 
Status:
Avslutta
Vedtak:
Sektor:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom, Miljø
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2006
År godkjent: 2006
År oppstarta: 2006
År avslutta: 2007
Internasjonal status:
målgrupper, deltaking, anna
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
opplevsf, fjordsvømming, fjordaktiviteter, Sogn fjordsymjeklubb, Leikanger, Feios, Vik, Balestrand, kajakk

Meldingar

Noregs første fjordsymjeklubb stifta i Sogn

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Evalueringsrapport for Sognefjord Swim Festival 2006

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune