Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Tiltak

Fjord Norge


Forankring: Vestlandet - Langsiktige satsingar > Reiseliv > Fjord Norge
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
461
Akronym:   
Fjord Norge
Tittel:
Internasjonal marknadsføring av Vestlandet som reisemål.
Heimeside:
http://www.fjordnorge.no/

Bakgrunn og utfordringar
:
Dei 4 fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har ein løpande rammeavtale med Fjord Norge AS. Som bakgrunn for avtalen står det t.d. for Sogn og Fjordane:

Sogn og Fjordane fylkeskommune har som mål å styrke Sogn og Fjordane sin posisjon som eit av dei leiande reiselivsfylka i Norden. Internasjonal marknadsføring av produkt, opplevingar og aktivitetar i fylket er ein viktig del av dette arbeidet.  Sogn og Fjordane fylkeskommune har derfor saman med dei tre andre vestlandsfylka, inngått avtale med Fjord Norge AS der Fjord Norge AS skal ivareta den internasjonale marknadsføringa av fylket.

Rammeavtalen er supplert med ein samarbeidsarbeidsavtale, som kan justerast årleg. I samarbeidsarbeidsavtalen står kva arbeidsoppgåver Fjord Norge AS skal utføra for fylka, saman med krav til gjennomføring, og kan såleis reknast som strategien for prosessen


Visjonen til Fjord Norge AS
Fjord Norge AS skal være det mest profesjonelle og slagkraftige destinasjonsselskapet i Europa og skal posisjonere Fjord Norge som verdens mest attraktive destinasjon for natur- og opplevelsesferier.

Forretningsidéen til Fjord Norge AS
Fjord Norge AS skal gjennom målrettet internasjonal markedsføring bidra til økt trafikk og sesongforlengelse og dermed tilrettelegge for bedret lønnsomhet i reiselivstilknyttede bedrifter i regionen.
 
Fjord Norge AS skal ved formidling av markedskunnskap bidra til at reiselivsnæringen i regionen tilbyr markedstilpassede produkter og tjenester.
Strategi:
Samarbeidsavtalen er lik for alle fylka, og ser for Sogn og Fjordane slik ut:

1. MARKNADSARBEID
 
Fjord Norge AS skal ved formidling av marknadskunnskap bidra til at reiselivsnæringa i regionen tilbyr marknadstilpassa produkt.
 
1.1. Årlege møter
Fjord Norge AS skal arrangere to årlege møter med dei fire fylkeskommunane (faggruppe – reiseliv) der Fjord Norge AS på førehand vil bli førelagt konkrete problemstillingar vedrørande vurdering av korleis spesielle produkttilbod er i samsvar med utviklingstrekk i marknadane.  Fjord Norge AS vil gje si faglege vurdering i møta.

På eige initiativ kan fylka arrangere eit årleg møte med Fjord Norge AS for informasjonsutveksling.

1.2. Studieturar for tilsette i Fjord Norge AS
Fjord Norge AS har eit ansvar for å bli kjend med reiselivstilboda i heile regionen.  Dette krev studieturar til alle fylke / regionar for å bli kjend med reiselivsprodukta og reiserutene.

Reiselivsorganisasjonane i fylka vil leggje til rette for at Fjord Norge AS kan besøke alle aktuelle stader.
Fjord Norge AS utarbeider årleg oversikt over studieturar/ besøk til ulike regionar gjennomført av tilsette i Fjord Norge AS.

1.3. Arbeidsmøte/ marknadsmøte
Reiselivsnæringa er avhengig av kontinuerlig informasjon om utviklinga/ trendar i utanlandsmarknadane for å utvikle og tilpasse produkt. 

Fjord Norge AS skal årlig arrangera fylkesvise arbeids- og marknadsmøte for å gjera denne informasjonen tilgjengelig for aktørane. 

Fylka har høve til å komme med innspel til agenda. Fylka skal ha tilgang til tal møte og deltakarlister.
Rutinane for informasjonsspreiing til aktørane og reiselivsnæringa må bli betre.
 
1.4. Fylkesvis reiselivssamlingar/konferansar
Fjord Norge AS skal prioritera å delta på fylkesvise reiselivssamlingar når dei vert inviterte til slike.


2. MARKNADSFØRING
 
Fjord Norge AS har ansvar for å marknadsføra reiselivstilboda på Vestlandet på ein felles og samordna måte til internasjonale målgrupper. Målsetjinga med marknadsføringa er at veksten i reiselivsbedriftene i vestlandsfylka skal ligge over tilsvarande vekst nasjonalt.

2.1. Fjord Norges Reiseguide
Fjord Norge AS gjev årleg ut ein reiseguide kor alle dei geografiske områda skal vere omtalt.  Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å  kome med innspel til innhaldet i Reiseguiden. 

Fjord Norge AS skal legge vekt på informasjon med utgangspunkt i marknaden sitt behov. 

Fjord Norge AS skal og ta inn aktuelle internettlinkar i Reiseguiden.
 
Nye produkt, område, tema, reiseruter, etc.  treng ofte ekstra drahjelp i oppstartsfasen. Fjord Norge må så langt råd er sette av plass til bilete og redaksjonell tekst i katalogar og på internett til slike nye satsingar.

2.2. Prising av produkt
Fjord Norge AS vil arbeide for å ha eit breitt prisspekter på sine produkt.  Fjord Norge AS skal årleg legge fram prisoversikt gjennom tingingsskjema og startpakker.

2.3. Pressebesøk og visningsturar for turoperatørar
Fjord Norge AS skal vere aktiv i prosessen for val av område i Fjord Norge-regionen.  Mindre kjende område og plassar som har potensiale som reisemål, skal også vitjast.
Fjord Norge AS skal årleg leggje fram ein oversikt over slike turar i regionen fordelt på fylka.  Sogn og Fjordane  fylkeskommune kan sjølv ta kontakt med Fjord Norge AS når dei ønskjer å syne noko og aktivt bidra til presse- og visningsturar.


3. INTERNETT
 
Med auka individuell reising er Internett eit av dei viktigaste verktøya for Fjord Norge AS til å nå potensielle utanlandske kundar. 

Fjord Norge AS skal derfor til ei kvar tid ha oppegåande internettsider, som får fram kommersielle aktørar, ikkje-kommersielle aktørar og mangfaldet i regionen på ein god måte. Godt samarbeid med destinasjonsselskapa vil vere viktig for å få dette til.

Fjord Norge AS ønskjer eit breitt produktspekter på nettsidene sine og vil aktivt bidra til at  dei kommersielle aktørane kan ta imot tingingar frå nettsidene.
 
Fjord Norge AS vil årleg leggje fram ein rapport som viser utviklinga av Internett portalen.


4. MERKEVAREBYGGING
 
Fjord Norge AS har ansvaret for merkevarebygginga på internasjonal marknadsføring for Fjord Norge-regionen. Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fjord Norge AS har felles interesse av at merkevarebygginga blir vellykka. Dette krev at merkevarestrategien vert brukt på alle regionale nivå, og hjå alle deltakande aktørar.

Sogn og Fjordane fylkeskommune får årleg høve til delta gratis på Fjord Norge AS sin merkevare- og produktutviklingsskule.
Fjord Norge AS skal prioritere hovudformålet som er nedfelt i vedtektene – internasjonal marknadsføring og sesongforlenging, og justere merkevarebygginga etter reelle behov. 

Fjord Norge AS vil årleg informera om tiltak knytt til sin merkevarestrategi i regionen.

4.1. Geografiske namn
I alt profilerande materiell (spesielt bilete) er det eit ønskje at attraksjonane er spesifisert med område og plass (fylke, kommune, stad) i den grad det er plass til dette.  Fjord Norge AS vil årleg leggje fram alt profilerande materiale.


5. GENERELT
 
Samarbeidsavtalen har som basis at næringa satsar på internasjonale marknader og skal dra nytte av dei tiltak som vert sette i verk.
Status:
Oppstarta
Vedtak:
Sektor:
Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 1992
År godkjent: 1992
År oppstarta: 1992
Internasjonal status:
målgrupper, aktivitetar
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Meldingar

Fjord Norge inviterar til marknadsmøte på Solstrand
Fjord Norge inviterar reiselivet til internett pilot

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune