Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Tiltak

MVF Sogn og Fjordane


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > Marin Sogn og Fjordane > Arbeidsprogram for heilskapleg akvakulturforvalting. AHA! > MVF Sogn og Fjordane
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1459
Akronym:   
MVF Sogn og Fjordane
Tittel:
Marint verdiskapingsfond Sogn og Fjordane
Heimeside:
http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/$all/ADEF23FF95706471C1257749002821F6

Bakgrunn og utfordringar
:
Marint verdiskapingsfond Sogn og Fjordane vart oppretta i 2010

Fondet er på kr. 11 mill. i 2010 og er finansiert gjennom overføring av midla frå konsesjonstildelinga for laks og aure i 2009.

Fondet skal tappes ned til null over ei periode på omlag seks år.

Det skal vere årlege utlysinga i fondet. Første utlysing hadde søknadsfrist 23. mars 2012. Hovudutval for plan og næring gjer endeleg vedtak om kva prosjekt som får delfinansiering.

Verdiskapingsfondet skal først og fremst nyttast til å finansiere tiltak eller prosjekt som kan bidra til ei berekraftig vidareutvikling av akvakulturnæringa. Med berekraftig meiner ein i denne samanhengen utfordringar knyta til lokalitetsval og –struktur, tilpassing til klimaendringar, motvirke sjukdom og smittespreiing, og motvirke negativ effekt oppdrettsfisk kan ha på villfisk.

Fondet kan sekundært også vurdere tiltak som bidreg til å auke den lokale verdiskapinga innan
havbruksnæringa. Med auka lokal verdiskaping meiner ein t.d. auka grad av bearbeiding,
produktutvikling og/eller utvikling av teknologi som kan bidra til auka verdiskaping. Tiltak og prosjekt som får støtte, skal ha ei klar forankring i Sogn og Fjordane

Fondsmidlane kan søkjast av kommunar (primært samarbeidande), bedrifter, organisasjonar og
FoU - institusjonar. Også fylkeskommunen kan fremje tiltak for bruk av midlane, t.d. skal eit
prosjekt på framtidig lokalisering av akvakultur i Sogn og Fjordane vurderast delfinansiert gjennom dette fondet.
Strategi:
Status:
Oppstarta
Vedtak:
HPN sak 02/10

Fyklestinget sak 32/10
Sektor:
Innbyggjarane, Næringslivet, Miljø, FoU, Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2010
År godkjent: 2010
År oppstarta: 2012
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
For nærare info om fondet:

Lena Søderholm
marin fagkoordinator
Sogn og Fjordane fylkeskommune

57 65 62 58 / 970 35 449
lena.soderholm@sfj.no

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

1. Utlysing av midar i Marint Verdiskapingsfond Sogn og Fjordane

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune