Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Tiltak

Kystvegleiarkurs 2009


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar > Tilskot 2009 > Kystvegleiarkurs 2009
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1211
Akronym:   
Kystvegleiarkurs 2009
Tittel:
Kystvegleiarkurs Solund 2009
Heimeside:
www.kystkulturakademiet.no

Bakgrunn og utfordringar
:
Kurset var eit ledd i forprosjektet til Norsk Kystkulturakademi, og var då eitt av tre prøvekurs hausten 2009.  Kurset vart arrangert i samarbeid med 4H og Forum for natur og friluftsliv og var opent for alle interesserte som arbeider med formidling av kystsoge og friluftsliv i lag og organisasjonar og meir kommersielle føretak i Sogn og Fjordane og Hordaland. 
 
Initiativet til kurset kom frå Forum for natur og friluftliv, Sogn og Fjordane. 
 
Ei av utfordringane var å nå ut med informasjon til potensielle interesserte deltakarar.
 
Prosjektet er viktig sidan geoturisme og økoturisme er eit nasjonalt satsingsområde innan reiseliv og vestlandskysten har eit stort potensiale her.
 
Opplevingsbedriftene synest dette er positivt, særleg sidan ein i Solund no har eit reiselivsprosjekt kalla ”Kort og godt”, der 13 bedrifter og lag er deltakarar.  Desse har vorte jamnleg orientert i prosjektet sine strategimøter.  Bedriftene er vorte oppmoda om å ta del i kurset.
Strategi:
Målet var at kurset skulle vere eit praktisk-metodisk kurs, der deltakarane fekk prøve seg, utforske og lære om kvalitetar tilhøyrande det tradisjonelle kystkultur-livet.  Dette vart gjort gjennom å lære å ro, segle, heimefiske, tilberede fangst til gode måltid.
 
Ut frå evaluering med deltakarane ved kurs-avslutninga, fekk ein attendemelding på at dei hadde opplevd at desse måla var nådd!  Ein av deltakarane omtalte kurset som ”ei kortreist liv”
 
Som eit prøvekurs hausta me verdfull erfaring både med den praktiske ramma rundt kurset (overnatting i telt, matlaging og overlevingsteknikkar) og med sjølve innhaldet i eit slikt kurs. 
 
Ein opplevde trong for å justere kursinnhaldet noko undervegs ut frå interessa til deltakarane i kurset.  Dei opplevde dette som positivt.
Status:
Avslutta
Vedtak:
Sektor:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom, Miljø
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2009
År godkjent: 2009
År oppstarta: 2009
År avslutta: 2009
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
opplevsf2009

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Kystvegleiarkurs Solund 2009

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune