Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Tiltak

Fjellsportfestivalen


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar > Tilskot 2009 > Fjellsportfestivalen
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1164
Akronym:   
Fjellsportfestivalen
Tittel:
Fjellsporfestivalen i Sogndal 2009 -2010
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Fjellsportfestivalen er meint å vera ein årleg festival i lang tid framover. Målgruppa for festivalen er ungdom i alle aldrar, nasjonalt og internasjonalt.

Fjellsportfestivalen skal danna plattform og vera ein kunnskaps- og marknadsføringskanal for eksisterande og nye verksemder innan aktivitetsturisme i Sogndal og nabokommunane.
 
Vi skal vera den leiande festivalen i Noreg innanfor vår sjanger. det vil seia den leiande festivalen innan fjellsport vinterstid, med sterkt fokus på trygg ferdsel og kunnskapsformidling.
 
Vi skal nytta oss av eksisterande kvalitetar i regionen vår, det gjeld både naturkvalitetane og dei menneskelege ressursane her.
 
Fjellsportfestivalen skal år for år utviklast, og særleg skal kulturinnhaldet i festivalen prioriterast (mat, ulike kunstformer, audiovisuelle verkemiddel, musikk mv.).
 
SKILDRING AV PROSJEKTET
Bakgrunnen for etableringa av Fjellsportfestivalen var at vi ville smelta saman ulike aktivitets- og kunnskapsmiljø i Sogndal og nabokommunane Luster og Leikanger, og visa at Sogn er den beste staden i Noreg for bratt moro.
 
Vi har dei flottaste fjella, den beste snøen og den fremste kunnskapen om trygg ferdsel i bratt vinterlandskap.
 
Gjennom festivalen vil vi visa norske ungdomar kvar dei finn verdas beste klatrevegg, Noregs beste skitoppturar, og gjera unge i Sogn og Fjordane medvitne alt dette.
 
Den største utfordringa når det gjeld å få til eit såpass stort prosjekt, er sjølvsagt at viljen til å gjera dugnad er til stades. Det er også heilt avgjerande at me har tilgang på Sognahallen, som er sjølve hjarta og møteplassen i arrangementet med camp, aktivitetar, matservering, scene- og sekretæriatsfunksjonar, og arena for seminara under Fjellsportfestivalen.
 
Det er også ei utfordring å ta vare på entusiasmen og dugnadsviljen når deler av festivaladministrasjonen er i ferd med å profesjonaliserast, men vi meiner å ha gode strategiar for å løysa desse utfordringane på ein god måte. 
 
Vi er framleis i ein etableringsfase der vi brukar høvesvis store ressursar på å byggja Fjellsportfestivalen som varemerke, og gjera festivalen kjent både nasjonalt og internasjonalt.
 
For å byggja festivalen vidare med ein sunn økonomi i botnen, er vi heilt avhengig av økonomisk støtte, både frå private verksemder og offentlege institusjonar.
Strategi:
Status:
Oppstarta
Vedtak:
Sektor:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom, Miljø
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2008
År godkjent: 2009
År oppstarta: 2009
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
reiseliv, opplevingsnæringar, opplevsf

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune