Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Delprosjekt

Økologisk svarthyll


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > Frukt- og grøntprogrammet Sogn og Fjordane > 2005: Nye Frukt- og bærkulturar > Økologisk svarthyll
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
981
Akronym:   
Økologisk svarthyll
Tittel:
Dyrkingsrettleiing for økologisk produksjon av svarthyll
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
  Prosjektet er planlagt etter førespurnad frå Rune Hatleli, Fresvik. Han har planta 20 daa svarthyll i eit økologisk dyrkingskonsept, og er i gang med produktutvikling basert på denne produksjonen. Dette vil vera eit viktig bidrag til å styrkja næringsgrunnlaget på bruket hans, og han meiner at slik produksjon bør vera av stor interesse også for andre. Det ligg betydeleg verdiskapingspotensiale i vidareforedling, og det er registrert interesse for produktet i marknaden.

Dei investeringane som må til i produksjonsutstyr  må ha stor tonnasje for å kunna verta rekningssvarande. Som det er i dag, er avlingane i felta for små, og det er heilt avgjerande at ein får opp avlingane for å få økonomi i produksjonen, både for Hatleli sin del og for at produksjonen skal bli interessant for nye dyrkarar.

Svarthyllproduksjon har så langt vore ein nisjeproduksjon i Noreg, og ein har avgrensa kunnskapar om produksjon, og då særleg innan økologisk dyrking. Røynslene så langt er at avlinga er for låg, og at det er fleire faktorar som krev meir kunnskap for å betra avlingsnivået. Viktige problemstillingar som må løysast er berekraftige tiltak mot skadegjerarar som fugl, lus og midd, men også problemstillingar knytt til fruktsetjing, gjødsling, jordkulturmåtar, vegetasjonskontroll, m.m.

Strategi:
Det skal utarbeidast dyrkingsrettleiing fram til 1.mars. Deretter skal prosjektgruppa testa ut dyrkingsrettleiinga i felt og gjera nødvendige korrigeringar og suppleringar før endeleg dyrkingsrettleiing er ferdig til 1.november 2009. 

Prosjektgruppe:

Stein Harald Hjeltnes, leiar

Rune Hatleli

Torbjørn Takle, FMLA

Olav Sørum, Forsøksringen Sogn og Fjordane

Marianne Bøthun, Økoringen vest

Referansepersonar

Torbjørn Rud, Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring

Christian Zurbuchen, Økoringen vest

Nina Trandem, Bioforsk plantehelse

Status:
Åpent forslag
Vedtak:
Sektor:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2008
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
Økologisk svarthyll, dyrkingsrettleiing

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Rapport om økologisk dyrking av svarthyll

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune