Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Delprosjekt

Kompetansemekling 2005


Forankring: Visjon Norge > Forsking > MOBI > Kompetansemekling > Kompetansemekling S&Fj > Kompetansemekling 2005
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
678
Akronym:   
Kompetansemekling 2005
Tittel:
Omstilling og internasjonalisering - Forskingsbasert kompetansemegling i Sogn og Fjordane 2005
Heimeside:
www.vestlandsforsking.no/km

Bakgrunn og utfordringar
:
Kjem seinare
Strategi:
Generelt for fylket skil strukturen i sysselsettinga seg frå det ein finn elles i Noreg ved at primærnæringane og industrisektoren har ein relativt høgare del av sysselsettinga. Fylket er godt representert – over landsgjennomsnittet - i næringar som næringsmiddelindustri, fiskeoppdrett, transportnæring og produksjon av metall. Men talet på føretak med innovativ aktivitet (nye produkt eller prosessar) ligg for industrien langt under gjennomsnittet. Talet bedriftseiningar med FoU- aktivitet, ligg også langt under landsgjennomsnittet.  Det er også eit kjenneteikn ved Sogn og Fjordane at fylket har mange småskalaverksemder.  Det å ha kapasitet til å handtere dei mange små verksemdene er såleis er sentral utfordring både for verkemiddelapparatet og for FoU- institusjonane.

Forskingsbasert kompetansemekling er såleis eit særs relevant verkemiddel og aktiviteten vil bli retta mot dei bransjane og dei regionale næringsmiljøa som no er i betydeleg omstilling. Her er det både ”kriseforståing” og vilje til å satse nytt og drive innovasjonsprosessar, og det finst komplementære finansieringsordningar som kan støtte opp om utviklingsprosessane i dei einskile verksemdene.

Målgruppe for arbeidet i 2005 vil vere følgjande: 

  • Bedrifter involvert i omstillingsarbeid i Flora kommune særleg verksemder tilknytt marine og maritime cluster.
  • Bedrifter involvert i omstillingsarbeid i Høyanger og Årdal kommunar særleg knytt til mekanisk industri og tenesteyting
  • Bedrifter med tilknyting til dei fem næringshagane og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane med særleg vekt  kunnskapsintensive nye næringar

I kontakten og samarbeidet med bedriftene er det deira behov som må verta ivareteke.  Dette betyr at ved etablering av prosjekt vil kompetansemeklaren formidle kontakt og vere prosesshjelp i forhold til å identifisere og formidle kontakt med relevante kunnskapsmiljø i og utanfor fylket.  Då graden av FoU aktivitet i verksemdene i fylket er låg vil kompetansemeklarane i første omgang ha spesiell fokus på å  initiere prosjekt for eit langsiktig utviklingssamarbeid. 

I forhold til val av bedrifter for bedriftsbesøk vil vi i første omgang følgje opp bedrifter som deltek på motiveringsaktivitetar og som på anna vis har vore i kontakt med dei parallelle programsatsingane i fylket. Her vil vi spesielt ha eit samarbeid med satsingane innan Verdiskaping 2010 Sogn og Fjordane, Arenaprogrammet Marin Vest og Næringsretta Høgskulesatsing, og det internasjonale satsinga programsatsinga ENABLE.

Innovasjon Noreg – regionkontoret i Sogn og Fjordane har finansieringsinstrument som kan nyttast til å delfinansiering av bedriftsprosjekta. Dette har vore gjort i tidlegare TEFT-program og er drøfta med IN og vil bli vidareførd. SkatteFunn er også ei særs relevant og fleksibel finansiering av FoU-verksemd i bedriftene og vil bli aktivt marknadsført for å mobilisere for FoU i bedriftene.

Status:
Oppstarta
Vedtak:
Sektor:
Næringslivet, FoU, Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2004
År oppstarta: 2005
År avslutta: 2005
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune