Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Delprosjekt

Kompetansemekling 2006


Forankring: Visjon Norge > Forsking > MOBI > Kompetansemekling > Kompetansemekling S&Fj > Kompetansemekling 2006
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
677
Akronym:   
Kompetansemekling 2006
Tittel:
Utvikling og internasjonalisering - Forskingsbasert kompetansemekling i Sogn og Fjordane 2006
Heimeside:
www.vestlandsforsking.no/km

Bakgrunn og utfordringar
:
Kompetansemekling 2006 byggjer på erfaring frå dei to føregåande kompetansemeklings­prosessane i 2004 og 2005.  Situasjonen i fylket har endra seg lite i dei to åra. Situasjonen i Flora kommune har betra seg noko, medan i Høyanger er situasjonen vanskelegare. 
Strategi:

Målgruppe for arbeidet i 2006 er følgjande:
 
  1. Bedrifter involvert i omstillingsarbeid i kommunane Flora, Høyanger og Årdal.
  2. Bedrifter som har gjennomført utviklingsprosjekt t.d. skattefunn, og der prosjekta er vurdert til å ha vidare utviklingspotensiale i forhold til andre forskingsrådsprogram eller internasjonale satsingar.
  3. Grupper av bedrifter geografisk og bransjevis utval vil bli gjort samarbeid med Fylkeskommunen og Innovasjon Norge.
  4. Bedrifter i kunnskapsintensive nye næringar

 

Me ønskjer vidare å samarbeide med næringshagane i fylket for hjelp til å formidle informasjon og kontakt med bedrifter i dei ulike lokalmiljøa.

I kontakten og samarbeidet med bedriftene er det bedriftene sine behov som skal ivaretakast. Ved etablering av prosjekt vil kompetansemeklaren vere prosesshjelp i forhold til å identifisere og formidle kontakt med relevante kunnskapsmiljø i og utanfor fylket.  Då graden av FoU aktivitet i verksemdene  er låg, vil kompetansemeklarane i første omgang ha spesiell fokus på å  initiere prosjekt for langsiktige utviklingssamarbeid. 

Val av bedrifter for oppfølging vil vere basert på ulike grunnlag.  I den grad bedrifter tar kontakt vil dei sjølvsagt bli følgt opp.  I tillegg vil vi saman med Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg velje ut bedrifter og lokalmiljø som får særleg oppfølging.  Vi vil ha eit samarbeid med satsingane innan Verdiskaping 2010 Sogn og Fjordane, Arenaprogrammet, Marin Vest, Næringsretta Høgskulesatsing og den internasjonale programsatsinga ENABLE.

Innovasjon Noreg Sogn og Fjordane har finansieringsinstrument som kan nyttast til delfinansiering av bedriftsprosjekta. SkatteFunn er også ei særs relevant og fleksibel finansiering av FoU-verksemd i bedriftene og vil bli aktivt marknadsført for å mobilisere for FoU i bedriftene. 

Status:
Oppstarta
Vedtak:
Sektor:
Næringslivet, FoU, Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2005
År godkjent: 2005
År oppstarta: 2006
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune