Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Prosjekt

2010: SOGN FRUKTRUTE


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > Frukt- og grøntprogrammet Sogn og Fjordane > 2010: SOGN FRUKTRUTE
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
979
Akronym:   
2010: SOGN FRUKTRUTE
Tittel:
Sogn fruktrute
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
  Sogn har lange tradisjonar på frukt og bær, som kan byggast vidare på og vidareutviklast. Medan bærnæringa er i framgang, har fruktnæringa seinare år, med nokre få unnatak, tapt tydnad og renommé. Frukt- og bærdyrking er viktige element i kulturlandskapet langs fjorden, og aktiv næringsverksemd knytta til denne produksjonen er også i reiselivet si interesse.
Det er viktig at frukt- og bærnæringa i Sogn blir utvikla i ein retning som gjev auka verdiskaping i næringa, samstundes som produksjonen bidreg til verdiskaping i reiselivet. Dette set krav til at ein ikkje berre satsar på bulkproduksjon av frukt og bær som går ut av distriktet, men at ein i auka grad brukar produksjonen av desse varene og miljøet kring dette, også til å tilby ei oppleving for tilreisande. På denne måten aukar ein både den lokale verdiskapinga, og byggjer opp under Sogn sitt ”image” som frukt-og bærregion , og som eit gjestmildt område som er verd eit besøk.

Ei  satsing på lokale produkt og synleggjering av produksjonsmiljøet for frukt og bær i ein verdskjend ferieregion , vil kunna ha spin-off effektar også i form av merkevarer for ”Sognafrukt” og ”Sognabær”.

Ciderhuset ved Eli-Grete Høyvik og Åge Eitungjerde gjennomførde eit forprosjekt for å finne ut om det var interesse hjå dyrkarar/tilbydarar i Sogn for å for å organisere eit nettverk av reiselivstilbydarar med basis i frukt og bær. Forprosjektet vart finansiert gjennom tiltaket ”Frukt og bær rundt neste sving.” Aktuelle aktørar vart kalla inn til eit orienteringsmøte, ein besøksrunde blei gjennomført, og arbeidet blei oppsummert på eit sluttmøte som munna ut i denne søknaden om vidareføring av forprosjektet. (Syner til rapporten frå forstudien i vedlegg som ga svar på at det er interesse blant tilbydarane for eit slikt nettverk.)

Med ein slik bakgrunn, ser ein føre seg eit prosjekt som skal byggja bru mellom frukt- og bærnæringa og reiselivet, der vertskapsrollen hjå dei lokale tilbydarane skal utviklast gjennom å skulera deltakarane i fagkunnskap, lokalhistorie og unike smakar kring frukt og bær. Prosjektet skal syta for å etablera eit robust nettverk der ein får vidareutvikla gode opplevingar, gje smakfulle produkt og vektlegga godt vertskap. Ei slik satsing og kopling er nyskapande, og har ikkje vore prøvd ut for frukt og bær tidlegare.

Strategi:
  1. Kompetanse
  2. Nettverk
  3. Samarbeid
  4. Reiselivsprodukt
  5. Presentasjon
Status:
Oppstarta
Vedtak:
"Frukt og bær rundt neste sving" løyvde 600.000 til prosjektet for eitt år, frå 1.12.08-31.12.09
Sektor:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2008
År godkjent: 2008
År oppstarta: 2008
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
Sogn fruktrute, reiseliv, småskala næringsutviklign

Delprosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ny prosjektleiar i Sogn fruktrute

Aktivitetar

Referat frå møte i styringsgruppa 2.12.09
Referat frå møte i styringsgruppa 18.09.09
Referat frå møte i styringsgruppa 3.06.09
Referat frå møte i styringsgruppa 8.12.09

Rapportar

Deltakarar i Sogn fruktrute på studietur til Nederland

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune