Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Prosjekt

Reiselivsplan 2009 - 2025


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > Reiseliv i Sogn og Fjordane til 2010 > Reiselivsplan 2009 - 2025
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
946
Akronym:   
Reiselivsplan 2009 - 2025
Tittel:
Utvikling av reiselivsplan for 2009 til 2025
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
I handlingsprogrammet ”tenester nye næringar” i gjeldande fylkesplan, omtalar  fylkeskommunen ei slik målsetting for satsing på reiseliv:
”Vi vil følgje opp på ein offensiv måte det gode omdømmet som fjordane har som attraktivt reisemål”. I lys av dette målet vart følgjande innsats prioritert:
  1. Destinasjonsutvikling (3 årsavtale)
  2. Etablere nasjonalt fagmiljø for geoturisme
  3. Avklare aktørane i reiselivet sine roller
  4. Internasjonal marknadsføring gjennom Fjord Norge
  5. Styrking av fylkesnivået (fylkesdekkande tiltak)
  6. Produktmekling
  7. Kompetanseutvikling
  8. Satse på opplevingsnæringane ”Opplevingsnæringar” / ”Aktivitetsturisme”
I ettertid har det vorte føreslått at fylkeskommunen burde gå djupare inn i tema reiseliv og arbeide grundigare med analyse, mål og strategiar.  Mellom anna har Sogn Regionråd bedt om samarbeid med fylkeskommunen om reiselivsplanlegging. 

Dei tre institusjonane, Fylkesmannen si landbruksavdeling, Innovasjon Norge og fylkeskommunen v/ Regionalavdelinga har tinga ei analyse av reiselivet i fylket.  Også i denne rapporten (rapport 3/2007, Reiselivet i Sogn og Fjordane – oversyn, kommentarar og strategiske problemstillingar), har spørsmålet om ny reiselivsstrategi for Sogn og Fjordane dukka opp.
 
Etter at rapporten vart publisert kring medio februar 2007, har ynskje om ny reiselivsplan vore lagt fram for ulike fylkeskommunale politiske fora av personar frå både Høgskulen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det er gitt politisk klarsignal til å fremje ei sak om initiativ til reiselivsplanlegging i Sogn og Fjordane.

Dagens mål og strategiar for reiseliv i Sogn og Fjordane
Målsettinga for dagens arbeid med reiseliv i fylket vert t.d. formulert slik i avtale med reisemålselskapa:

Målet er auka verdiskaping ved sal av varer, tenester og opplevingar til turistar og andre reisande frå Norge og utlandet, utan å koma i konflikt med fylket sine gjeldande retningslinjer for berekraft, miljø, vern og eventuelle andre politiske føringar knytt til denne satsinga.

I praksis har strategien vore å arbeide gjennom avtalar med like aktørar og formulere mål / oppdrag og føringar til desse. Denne måten å arbeide på vert leia av Sogn og Fjordane fylkeskommune, gjennom avtalar med aktørane.

Dei eldste satsingsområda er frå før 1990 (SFR). Mange er frå 1990-talet. Men, dei aller fleste avtalane er frå 2007. Alle avtalene er gjenstand for årlege evalueringar. Dette viser at strategien er dynamisk, og i stadig endring. Av viktige avtalar og prosessar kan ein nemna:
  • Fjord Norge (internasjonal marknadsføring)
  • Sogn og Fjordane Reiselivsråd (samlande organ for reiselivsnæringa i fylket)
  • Reiselivsorganisasjonane (fylkesdekkande nettverk, reisemålsutvikling, infrastruktur)
  • Innovasjon Norge (støtte til bedrifter og grupper av bedrifter)
  • Statistikknett (SSB-statistikk for fylket, Vestlandsportal)
  • Western Norway Film Commission ( internasjonal marknadsføring av ”film-locations”
  • Marknadsplanen, samferdsla (auka bruk av offentlege transportmiddel)
  • Fylkesmannen (underordnar seg føringar i fylkesplanen)
  • Høgskulen i Sogn og Fjordane (institusjonsoppbygging)
  • Vestlandsforsking (institusjonsoppbygging)
  • VRI-reiseliv (FoU)
  • Arena Fjordturisme
  • Regionvise strategiar (reiselivsplanar i regionråda
  • Program Opplevingsnæringar (2005-2008).

Fylkeskommunen er sentral premissgivar for alle desse avtalane og prosessane. Nokre av avtalene vert samordna med andre fylke, som avtalen med Fjord Norge og prosjektet Innovativ Fjordturisme.

Fylkeskommunen har fagpersonell som kjenner avtalane, og som prøver å koordinera dei ulike satsingsområda, for optimal bruk av ressursane i høve måloppnåing. Til dette arbeidet er også utvikle eit eige verkty som vert kalla RUP-Norge (www.rup.no).
 
Dagens ordning fungerar relativt godt, og er eit resultat av eit årelangt utviklingsarbeid. Med overgang til meir langsiktige avtalar (døme: Fjord Norge og reisemålselskapa), vonar ein på endå betre resultat.

 
FORBETRINGSPUNKT
 
Fylkesdirektøren vil peike på desse forbetringspunkta :
  • Å etablere utviklingsarbeidet som ei langsiktig satsing (10 - 15 år)
  • Gode målformuleringar som gir grunnlag for prioritering.  Og som naturleg del av eit slikt arbeid: vurdere om pengane det offentlege brukar til reiselivsutvikling i dag er ”rett” prioritering.
  • Det er behov for å forbetre kunnskapsgrunnlaget for det kontinuerlege utviklingsarbeidet (FoU og god statistikk
  • Betre koordinering mellom dei ulike aktørane / utviklingsprosessane som er omtala ovanfor.   Fylkesdirektøren vurderer  dei  opplista avtalane / føringane for ulike utviklingsaktørar som ei vellukka arbeidsform å bygge vidare på.
  • Formulere kva rammer reiselivsutvikling må skje innanfor
    • Kva samfunnet ønskjer m.o.t. å utvikle reiselivet
    • Miljøomsyn (natur – og kulturgrunnlaget) / Gi konkret innhald til omgrepet ”berekraftig reiseliv

Konsekvensen av denne opplistinga er:
  • Brei medverknad.  Planprosessen skal sikre god samanheng med arbeidet i kommunane og  brei medverknad frå næringa.
  • Bruke forskingsmiljøet for å legge til rette for kunnskapsbaserte målformuleringar som kan etterprøvast og rapporterast på.
  • Ønskja om brei medverknad og kompetanseutvikling, må vegast mot omsynet til rimeleg framdrift.   Fylkesdirektøren føreslår ein konsentrert mål og strategiprosess januar – april 2008 og politiske vedtak hausten 2008 som ramme for arbeidsmetode.

Det vert tinga følgjande ”levering” frå planarbeidet:

  • Planprosessen skal legge til rette for ei politisk formulering av mål og rammer for reiselivsutviklinga i fylket.
  • Det vert etablert eit langsiktig reiselivssamarbeid med tydelege mål og tydeleg plassering av ansvar for leiing / koordinering av det samla reiselivsarbeidet.
  • Det skal etablerast eit oppfølgingssystem som inkluderer det politiske nivået i hovudrapportering og læring.
  • Politisk vedtak hausten 2008

VIDARE ARBEID
 
Når det gjeld Vestlandsforsking og Høgskulen si skildring av føremunene ved ein strategisk plan, så er fylkesdirektøren samd i det som er skrive. ( 2 vedlegg)

Strakstiltak:
  • Forankre framlegget til planprosess hos dei som er tenkt skal delta i planarbeidet
  • Oppnemne styre og vedta budsjett for arbeidet i sak i november
Strategi:
FYLKESKOMMUNEN SI ROLLE  /  ORGANISERING AV ARBEIDET
 
Heilskapleg reiselivsutvikling føreset eit godt samspel mellom offentleg og privat sektor.  Koordinering er ei omfattande oppgåve.  Det offentlege har spela ei relativt viktigare rolle i dette næringsutviklingsarbeidet samanlikna med engasjementet i høve andre internasjonalt konkurranseutsette næringar. 

Næringa tek i bruk landskapet vårt og kjem tett på kulturen og dagleglivet vårt.  Offentlege tenester er ein del av reiselivsproduktet.   Fylkeskommunen ønskjer derfor å leie planarbeidet.

Modell:

HPN som politisk styringsgruppe
  • Set arbeidet i gang og oppnemner styre på møte 27/11
  • Handsamar høyringsutkast etter strategiprosessen
  • Vedtek planen hausten 2008
     
Fylkeskommunen er prosjektansvarleg og:
  • Leiar arbeidet i styret
  • Engasjerer prosjektleiar
  • Oppnemner referansegruppe dersom dette er ønskjeleg

Fylkesdirektøren går i gang med å setje saman eit framlegg til styre ut frå slik tenking:

  • Viktige aktørar skal vere med
  • Ballanse mellom offentleg og privat sektor
  • Tilnærma lik representasjon frå begge kjønn
Styret finn sjølv ut om ein har bruk for eit arbeidsutval.
Status:
Oppstarta
Vedtak:
Hovudutval for plan og næring 19. sept 2007. Sak 38/07

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å utvikle ein reiselivsplan for Sogn og Fjordane.
2. Opplegget slik det er presentert i denne saka med vedlegg vert sendt på ei avgrensa høyring til representantar for næringa og kommunane for å sikre synspunkt på opplegget og for å sikre medverknad når planarbeidet kjem i gang.


Hovudutval for plan og næring 27. nov 2007. Sak 61/07:

1. Fylkesdirektøren får fullmakt til å utnemne styringsgruppe for arbeidet med ny reiselivsplan.
2. Fylkesdirektøren får fullmakt til å kjøpe tenester knytt til planarbeidet for inntil kr 500.000.

Sektor:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom, Miljø, FoU, Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2007
År godkjent: 2007
År oppstarta: 2007
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
reiselivsf

Delprosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ny presentasjon av reiselivsplanen for HPN
Presenterte status for reiselivsplanen for HPN

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune