Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Prosjekt

KAM-prosjektet


Forankring: RUP Hordaland > Næringar med særlege føremuner > Næringsretta kompetanse > KAM-prosjektet
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
755
Akronym:   
KAM-prosjektet
Tittel:
Kompetansesenteret for avansert maskinering, KAM
Heimeside:
www.cncogrobot.no

Bakgrunn og utfordringar
:
Skrikande behov for CNC-operatørar
 

Me opplever no både lokalt, regionalt og nasjonalt ei vesentleg underdekning i trongen for kompetente CNC-operatørar. Prosjektet har fått støtte-erklæringar frå 13 bedrifter i Bergen og omland. Desse representerer ca 2500 arbeidsplassar med over 250 avanserte CNC- maskiner.
Strategi:
HOVUDMÅL

Utvikla eit regionalt,  og etter kvart nasjonalt ressurssenter for avansert maskinering og robothandtering,  basert på samarbeid mellom Osterøy vidaregåande skule, lokalsamfunnet og lokalt og regionalt næringsliv. Utviklingsprosjektet skal gjennomførast slik at det har overføringsverdi for andre skular, både i Hordaland og elles i landet.

 Delmål

  • Å gje eit tilbod innan eit fagområde med stor etterspurnad etter fagarbeidarar
  • Å gje eit tilbod som skal vera i fremste rekke innan vidaregåande opplæring
  • Å gjera tilbodet så attraktivt at elevar frå Bergensregionen og eit vidare område søkjer seg hit
  • Å gje opplæring på maskiner med moderne styringsteknologi og robotar, både i skuleverkstad og gjennom praksis i bedrifter som skulen har avtale med
  • Å tilby opplæring på eit breitt spekter av datastyrte maskiner (CNC)  for også å dekkja bransjar som til no har mangla  opplæringstilbod
  • Skaffa finansiering for innkjøp av moderne undervisningsutstyr og maskiner som er tenlege for opplæringsmåla ovanfor
  • Rekruttera personar og gje relevant  opplæring til lærarpersonalet for at dei kan ha  den  kompetansen som er naudsynt for å gje opplæring på moderne CNC-maskiner
  • Vera/utvikla eit ressurs- og kompetansesenter  for opplæring av vaksen arbeidskraft innan datastyrte maskiner og robotar
  • Å evaluera og formidla  erfaringar frå utviklingsarbeidet slik at det har overføringsverdi for andre skular både i Hordaland og elles i landet på korleis ein kan utvikla ressurssentra for næringsutvikling og lokal samfunnsutvikling
Status:
Avslutta
Vedtak:
Fylkesutvalet i Hordaland fylkeskommune vedtok 22.6.06 å løyve kr 400.000 til prosjektet.
Sektor:
Næringslivet, Ungdom, Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2006
År godkjent: 2006
År oppstarta: 2006
År avslutta: 2009
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
KAM kompetansesenter avansert maskinering CNC robot

Delprosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Første spadestikk for nytt skulebygg som skal innehalde Kompetansesenteret for CNC og robot
2,4 mill kr til prosjektet Kompetansesenteret for avansert maskinering
Kompetansesenteret for avansert maskinering, KAM. Statusrapport pr 1.6.2007.
Kompetansesenteret for avansert maskinering, KAM.Statusrapport pr 24.10.2006

Aktivitetar

KAM Synfaring for statssekretær i Kunnskapsdepartementet

Rapportar

Kometansesenteret for avansert maskinering, KAM. Prosjektplan.

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune