Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Prosjekt

2015hp Lærdalslaksen


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > RFF Vestlandet relatert arbeid Sogn og Fjordane > RFFVsf REISELIV > 2015hp Lærdalslaksen
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1836
Akronym:   
2015hp Lærdalslaksen
Tittel:
Auka verdiskaping i sportsfisket i Lærdalselvi - kunnskapsbasert lokal forvaltning å sikre bærekraftige naturopplevingar i verdsklasse
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
Støtte: inntil kr 3 mill

Auka verdiskaping frå sportsfiske i Lærdalselva

Etter at parasitten Gyrodactylus salaris første gong vart påvist i Lærdalselva i 1996, har vassdraget vore behandla med både rotenon og surt aluminium. Den langvarige kampen mot lakseparasitten ser ut til å verte krona med hell, og om alt går etter planen, vert elva friskmeldt i 2017. No får Lærdal Elveeigarlag tre millionar kroner til eit forskingsprosjekt der målsettinga er å bidra både til best mogleg lakseforvalting og til høgast mogleg verdiskaping frå framtidig sportsfiske i elva.

Sportsfiskerettane vert gjerne omsette gjennom langtidskontraktar, og kor attraktive desse kontraktane er, har nær samanheng med forventingane om storleiken på fisken og kor stabile bestandane er. Difor vil elveeigarlaget blant anna forske på føresetnadene for å sikre livskraftige laks- og aurebestandar med høg snittvekt og på korleis ein best skal utløyse den betalingsviljen som finst i marknaden for storfiske i kombinasjon med unike kultur- og naturopplevingar.

- Lærdalselva har ei historie som ei av dei beste storlakselvene i landet og har absolutt potensial til å nå gamle høgder. Difor er det viktig at ein legg til rette både for berekraftig forvalting av fiskestammane og for ei verdiskaping som kjem lokalsamfunnet til gode, seier Kjelsnes.

Lærdal Elveeigarlag skal gjennomføre forskingsprosjektet i samarbeid med Stiftinga Vestlandsforsking, Stiftelsen Norsk Institutt for Naturforskning, INAQ AS, Ferskvannsbiologen Leif Magnus Sættem, Østfold Energi AS og Stiftelsen Norsk Villakssenter.

For meir informasjon, kontakt Lasse Sælthun, dagleg leiar i Lærdal Elveeigarlag, på tlf. 911 81 665.

Strategi:
Status:
Oppstarta
Vedtak:
Prosjektet fekk tildelt inntil kr 3 mill i støtte av styret i RFF Vestlandet den 4. juni 2015 i Stavanger
Sektor:
Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Miljø, FoU, Offentleg
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2014
År godkjent: 2015
År oppstarta: 2015
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:
Prosjekt: 248062

Prosjektansvar: 
Lærdal Elveeigarlag
Lasse Sæltun
91181665

Prosjektleiar: 
Torkjel Grimelid
Stiftelsen Norsk Villakssenter
91549427
ljosne.klekkeri@privat.alb.no


Delprosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune